Hausten 1918 kom den 18 år gamle brandalsguten Bjarne Georg Brandal ned frå fjellet etter ein fisketur i Skinnalivatnet. Ikkje før var han komen heim, så lagst han ned med feber. Eit par døgn seinare, den 21. oktober, var han død. Symptoma var ikkje ulikt det dei hadde sett andre stader: brå, høg feber, hoste, smerter i auge, øyre og rygg, vondt i hovud og svelg, belegg på tunga, naseblod.

Det dødelege sjukdomsåtaket kom ikkje heilt overraskande på familien i Brandal. Fjorten dagar tidlegare hadde nabokona blitt sjuk på same måten. Den 45 år gamle Lina Petersdotter Brandal døydde 7. oktober og lét etter seg mann og seks born, dei tre yngste var sju månader, seks og ni år. Panikken hadde for lengst spreidd seg, ikkje berre i Ulstein og Hareid, men i store delar av verda.

Spanskesykja skuldast eit influensavirus type A, ein type fugleinfluensa som tok spranget over til menneske, og som truleg først og fremst spreidde seg med dropesmitte mellom menneske og utvikla seg til den alvorlegaste influensapandemien – så langt vi veit om. Det er usikkert kvar spanskesykja oppstod. Ho kom truleg til Europa med amerikanske soldatar – og då til hamnebyar som Brest og Bordeaux i Frankrike, som var hovudlandingstader for allierte soldatar under første verdskrigen. Det var i desse byane at dei første tilfella av spanskesykja i Europa vart registrerte.

På verdsbasis tok sjukdomen livet av kanskje så mykje som 50 millionar menneske, i Noreg minst 15.000. Kyststrøka vart særleg råka. I Ulstein kan statistisk sett kring 10-12 ha døydd, anten direkte av influensaen eller – som det ofte hende, av ettersjukdomar som lungebetennelse. Svært mange vart sjuke, og i tillegg ramma spanskesykja skeivt sosialt; familiar med låg inntekt var overrepresenterte mellom dei sjuke. Menn mellom 20 og 40 år vart hardast ramma, kanskje fordi denne gruppa hadde mykje kontakt med andre gjennom yrkesliv og andre sosiale aktivitetar. Dersom vi ser på yrkesgrupper i Noreg, så var dødsprosenten høgst mellom soldatar, fiskarar og gruvearbeidarar.

Vi har ikkje tal over kor mange som vart sengeliggande med influensa i Ulstein i 1918, men lokalavisa Aarvak skriv om epidemien 24. september: – Vi høyrer at spanskesykja tek større og større omfang. Det er ikkje lenger berre i byane ho herjar, men rundt om på landsbygdene i våre næraste grender. Ja, i nokre heimar ligg heile huslyden. Det er ikkje spøk! Her i Ulstein ligg mange svært dårlege, og i Hareid er alt fleire døde. Det er eit spørsmål om ikkje folkeskulane bør halde opp ei stund, og store forsamlingar innstille, skriv avisa og spør: – Er det gjort kva som gjerast kan for å få dokter Walderhaug heim att? Å vere dokterlaus i slike tider er ikkje greitt.

Den 11. oktober kjem ordføraren med ei oppmoding i avisa: – Då spanskesykja no er svært lei her i sokna, vil eg be folk gjere kva dei kan for å hindre smitte, til dømes ved å avlyse møte og ved å syne den største reinsemd. Når vi gjer kva vi kan, så er ansvaret mindre.

Med si eksplosive masseutbreiing greip epidemien naturleg nok inn i mange sider av samfunnslivet. Sjølv om det ikkje kom noko påbod om å stenge skulane, vart fleire skular stengde for kortare eller lengre tid. I kystdistrikta vart fiskeria råka. Fleire båtar måtte bryte av fisket på bankane og gå til land. Dei tronge mannskapslugarane på fiskefartøya var som skapte for spreiing av smitte, og frå legehald kom der åtvaringar mot å opphalde seg i desse (Inge Aarhus, Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 1988).

På Sunnmøre var legedekninga i 1918 alt i utgangspunktet dårleg. Som vi kan lese av oppslaget i Aarvak, var distriktslegen i Ulstein borte då sjukdomen slo til for alvor. Dette var på tampen av første verdskrigen, og dokter Walderhaug vart i lengre tid utkommandert på nøytralitetsvakt. Ikkje rart kjerringråd og folkemedisin hadde gode tider. Samtidig kom bygdesamhald, hjelpsemd og tradisjonell dugnadsånd godt med.