Søndagsskulen i Ulstein var nær knytt til indremisjonen dei første åra. Det var ein ung bakarsvein som tok med seg idéen til Ulstein. Han arbeidde rundt 1882 hos handelmann Rasmus Ulfsten, var frå Haugesund-området og heitte Peder Helland. Han kjende til søndagsskulen frå heimetraktene. Etter å ha samrådd seg med Johannes P. Skeide samla han borna på Osnes til søndagsskule.
Då Helland ikkje lenge etter reiste frå bygda, heldt Skeide fram med søndagsskulen, vekselvis på gardane Osnes og Ulstein til han døydde i 1888. Han hadde fått med seg fleire medhjelparar, og ein av dei, Martinus Osnes, tok over leiinga. I Hasund krins kom det søndagsskule i 1883. Borna samlast i prestegarden i Dimnasund, og fru Gabrielle Anker var initiativtakar og leia samlingane så lenge presteparet budde i Ulstein. Gabrielle heldt også julefestar for borna. Ho var glad i å synge og hadde godt lag med born (Ulstein 1983/Knut Volle, sjå artikkel i Levd liv 2017).
I 1895 var det atter presteskifte i Ulstein; då kom Carsten Hansteen, (f. i 1865, Drammen). Han hadde mellom anna bak seg ein periode som sjømannsprest i New York, og der kom han i kontakt med søndagsskulearbeidet, og det vart ei hjertesak for han. Den nye soknepresten hadde i det heile mange interesser: – Han var ein sjeldan godt utrusta mann med initiativ og framsyn. Han kom som eit friskt vårvêr. Det grodde kring han, og Gudslivet blømde. Alt som kunne fremje Guds rike, hadde han eit vake syn for. Han sparte seg ikkje når han visste det ville tene kyrkjelyden, skriv nemnda som gav ut Festskrift, sundagsskulen i Ulstein, 1895-1945. Her står det vidare: – Det skulle syne seg at søndagsskulen var hjertebarnet til den nye presten. Han sette dette arbeidet mellom dei fremste og kjæraste av alle gjeremål han hadde. Fastedags-søndag, 24. februar 1895, heldt Hansteen foredrag om søndagsskulen – i bedehuset på Osnes. Det fengde møtelyden. Foreldra vart reint oppglødde, og dei trufaste søndagsskulelærarane gledde seg. Her vart no søndagsskule og reglar godkjende. Frå den dagen reknar vi såleis ein fast organisert søndagsskule i Ulstein. Tilstrøyminga var stor; 70 born og åtte lærarar melde seg med ein gong. Om ikkje lenge hadde talet på born vakse til 100, og fleire lærarar kom til etter kvart. Martinus Osnes, som hadde leia arbeidet frå 1888, vart vald til forstandar. Betre mann kunne vi ikkje få. Med sitt varme hjerte, barnlege sinn og lune smil var han rett mann på rett stad, heiter det i 50-årsskriftet til Ulstein søndagsskule (1945).