Alt i 1848 vart det sett opp skulestove i Vik. Ho stod ved Vikeelva litt ovanfor brua. Dette var første skulen vi kjenner til på landsbygda på Sunnmøre. Ein framsynt sokneprest, Wraamann, som også var ordførar, tok initiativet til at det vart bygt eit skulehus i Ulsteinvik. Det vart altså teke i bruk i 1848. Kommunen fekk litt støtte frå statleg hald; elles vart skulen reist mykje på dugnad. Men 20 år seinare vart skulehuset flytta til Halsen, der borna frå Vik og Skeide gjekk i lag. Martinus Bjørndal var lærar der frå 1868 til han gjekk av i 1907.
Prestane var sjølvskrivne skulestyreformenn den tida, og utviklinga av skulen hadde samanheng med kor mykje prestane var interesserte i skuleverket. Frå 1874 til 1881 var prost Wisløff sokneprest i Ulstein. Han var ein ivrig skulemann, og i hans tid vart det bygt seks-sju nye skular i soknet, i Ulstein, Hareid og Vartdal. I tillegg var han pådrivar for at vegen til Dimnasund vart bygd med bru over sundet, og vegen over Eidet vart påskunda, fortel Martinus Bjørndal i dagboka si. Elles stod Hasund skule ferdig i 1879 med eitt klasserom på om lag 30 kvadratmeter. I 1908 vart skulen påbygd med eit klasserom til.
Kulturen og lagslivet har i det heile vore viktig for framveksten av det moderne Ulstein. Musikklaget Ulf vart til dømes starta i 1893 med Enok Hasund som ei av eldsjelene. Han var dirigent i til saman 17 år og starta seinare blandakor og korps (HDU) i Hasund og Dimnøy. Han var også leiar i Dimnøy kristelege ungdomsforeining frå starten i 1915 og i 22 år framover. Enok Hasund dirigerte også Ulstein mannskor i mange år.
Men organisasjonslivet skaut fart tidlegare på 1800-talet. Ikkje minst skulle dei kristne laga spele ei viktig rolle i Ulstein. Midt i den religiøse nyvakninga på 1840-talet vart Hans Nicolay Wraamann prest i Ulstein etter Winsnes. Wraamann kom til kallet i 1844 og hadde vore prest i Lofoten. Han vart verande i Ulstein til 1855, då han vart prest i Volda og døydde der i 1861. Omgrepet foreining dukka truleg opp i Noreg for første gong på 1840-talet. Utover i hundreåret skjedde ei utvikling frå eliteengasjement til masserørsle. I samtida snakka folk om «assosiasjonsånda»; foreiningane var arena for religiøs og kulturell aktivitet for dei mange. Sokneprest Wraamann var mellom dei som stilte seg i spissen då den første misjonsforeininga på Sunnmøre vart skipa i 1846. Særleg hadde presten god støtte i folkeskulelærarane som hadde gjort mykje for å få i stand foreininga. Ho fekk raskt eit medlemstal på over 460 menn og kvinner frå heile prestegjeldet. Folk vart rivne med i det nye pustet som gjekk over landet. Det offisielle opningsmøtet kom saman i Ulstein kyrkje klokka 10 på formiddagen 6. januar 1847.
Då sokneprest Nils Christian Anker kom til Ulstein, hadde dei vekte til ei viss grad vore i opposisjon til den tidlegare presten, Wisløff. Anker stod lekfolket nærare i utgangspunktet. Han hadde vore i kontakt med indremisjonsarbeidet på Austlandet. Det var han som skulle kome til å organisere og demokratisere det kristelege arbeidet i Ulstein. I Ålesund hadde det då for ei tid tilbake blitt skipa ei indremisjonsforeining, den første på Sunnmøre (1868), og ei ynglingeforeining med utgangspunkt i indremisjonen. Når det gjaldt å ta i bruk slike nye arbeidsformer, var sokneprest Anker ein føregangsmann. Ein torsdagskveld i slutten av mars 1882 kalla han inn til skipingsmøte for ei ynglingeforeining i soknet. Møtet vart halde i skulestova på Halsen, og det teikna seg 62 medlemmer, berre gutar sjølvsagt. I 1895 opna dei foreininga også for jenter, og endra namnet til Ulsteins ungdomsforeining. Foreininga hadde heilt frå starten eit kulturope program og la vekt på opplysningsarbeid og kameratskap. Det kristelege og allmennyttige skulle gå hand i hand, og foreininga stilte ikkje krav til personleg kristentru. Anker vart vald til formann, og med seg i styret dei første åra hadde han vaksne og erfarne kristne som lærar Martinus Bjørndal, klokkar Augustin Busæth, handelsmennene Peter K. Hasund og Rasmus J. Ulfsten og bonde Johannes P. Skeide. Sjølv hadde Anker ei evangelisk-luthersk kristendomsforståing, men det var også dei i styret som halla i retning av grundtvigianismen og det meir frilynde. Denne motsetnaden mellom dei vekte («vakte») og rosenianismen på den eine sida og dei frilynde og grundtvigianarane på den andre sida kan forklare mykje av det som skjedde i lagslivet i Ulstein i hundreårsbolken som følgde, skriv Kristen Ulstein (1983).
Den første indremisjons-foreininga i landet vart skipa i Skien i 1853. Denne misjonen fekk fart som resultat av dei store vekkingane under professor Gisle Johnsen. Sokneprest Nils Christian Anker i Ulstein høyrde til den prestegenerasjonen som Gisle Johnsen hadde fått prege. Men Anker tok initiativ til å organisere lekmannsrørsla og dei vekte i Ulstein mykje for å få rørsla under kontroll. Skipingsmøtet for Ulstein Indremisjon vart halde på bedehuset søndag 5. august 1883. Soknepresten heldt foredrag om oppgåvene til indremisjonen, og deretter skreiv medlemene seg inn, vedtok lover og valde styre: Johannes P. Skeide, Johannes Osnæs, Martinus Bjørndal, Rasmus Ulfsten – og soknepresten som var sjølvskriven etter lovene. Anker vart vald til formann, Skeide til nestformann og landhandlar Ulfsten til kasserar. Soknepresten skulle ha det avgjerande ordet dersom det vart usemje om ein tilreisande predikant skulle få tale. At presten sikra seg retten til å gripe inn, gjorde Ulstein-foreininga heller ulik dei andre foreiningane på Vestlandet, der dei enkelte stader hadde dårleg erfaring med prestestyringa og ikkje våga sleppe presten til. Heilt frå starten slutta Ulfstens forening for den indre mission seg til Sunnmøre Indremisjon.