Transporten på land gjekk gjerne for seg med hest og kjerre, men i 1916 kan vi lese i avisa Aarvak at Ole J. Skeide har søkt om å få starte med bilrute i kombinert person- og varetransport. Bilen han skaffa seg, kom til bygda i juni 1916, og planen var rute frå Flø til Kjeldsund, ja, kanskje også til Larsnes. Dette var den første bilen i Ulstein, ein Toledo Overland 1912-modell. Men ikkje alle såg like positivt på framsteget. Ein av dei som ikkje likte saka, var Olaf Ringstad som gav uttrykk for meininga si i eit innlegg i avisa.

Ringstad åtvara mot følgjene av at bilen skulle køyre langs vegane; han ville skremme hestar, kanskje i den grad at eigarane måtte selje dei nervøse hestane. Om nokon skulle vere så uheldig å treffe på bilen, kunne han risikere å misse både hest og vogn, hevda Ringstad.

Men Skeide fekk bruke bilen sin. Den første tida vart han mykje brukt til å skysse ungdom over Eidet. Men han hadde ikkje bensinpumpe og vakuumtank, og bensintanken låg under forsetet. Når det var lite bensin på tanken, rann ikkje bensinen fram i forgassaren, og då måtte passasjerane ut og skuve bilen, minst tre passasjerar måtte til for å få doningen opp dei brattaste bakkane. Seinare fekk bilen sett inn vakuumtank, og då var dette problemet løyst.

Det var tre brør som gjekk saman om å kjøpe bilen, Johannes, Nils og Ole Skeide. Ole var sjåfør første tida. Etter at han fekk tuberkulose, delte dei to andre på å vere sjåfør. I 1923 kjøpte dei endå ein Overland, fortalde Johan Ottesen i ein artikkel i julenummeret til Vikebladet i 1987.