Det første tiåret på 1900-talet voks folketalet i Ulstein nokså mykje. Hareid sokn auka med 388 personar frå 1900 til 1910, medan Ulstein sokn voks med 377. Folketeljinga i 1910 viste at det budde 41 personar i Vattøy krins, 203 på Flø, 876 på Vik og Skeide, 328 i Hasund krins, 168 i Dimna, 85 på Hatløya, 211 i Haddal og to på Grasøyane.
Før vi går vidare i denne forteljinga, må vi sjå litt på kommunedelingane. I 2017 var det 100 år sidan Ulstein og Hareid skilde lag som kommunar. Men alt i 1902, enno tre år før Noreg vart eit sjølvstendig land, og medan hareidsmannen Ole J. Teigene var ordførar, behandla Ulstein heradsstyre ei sak om deling av heradet. Ei nemnd skulle greie ut saka, og året etter sende heradsstyret søknad til Kongen om deling av dåverande Ulstein kommune. Då hadde bygdene på Hareidlandet saman med sørsida av Sula og Vartdalsstranda vore samla i eitt prestegjeld i fleire hundre år, Ulfstens Prestegjeld, som det hadde heitt sidan dansketida. Så kom formannskapslovene i 1837 og med det kommunalt sjølvstyre. Då vart Ulstein sokn og Hareid sokn samla i ein kommuneskipnad, herad. Det kommunale sjølvstyret vart ein lekk i den norske sjølvstendeprosessen. Overføring av makt til lokalsamfunna var ein måte å bryte dominansen frå elitane i hovudstaden – og utanlandsk innverknad.
Den nyskipa Ulstein kommune femnde om dagens Ulstein minus Eiksund krins, dagens Hareid pluss gardane på vestsida av Sula og gardane på Vartdal frå Festøya til Flåvika. I 1894 avgjorde styresmaktene at Vartdalsstranda sokn skulle bli eigen kommune frå 1. januar året etter.
Det var strid om kvar prestegarden skulle ligge, og det folkerikare Hareid sokn hadde nær på fått presten til å busetje seg på Teigane. Det kunne ha ført til at Hareid vart hovudsokn og Ulstein annekssokn. Det fanst gode grunnar for det. Kring 1875 fanst det rundt 500 fleire bustader i Hareid sokn enn i Ulstein. Men Ulstein hadde eit meir markert sentrum enn Hareid med sine breie dalføre og sin spreidde busetnad. Vegbygging og samfunnsutvikling førte med seg at slike senter fekk meir og meir å seie. Handelen flytte bort frå gamle sete som Hatløya, Håkonsholmen og Brandal og konsentrerte seg i dei små bygdesentra som Hareid og Ulsteinvik, som også var kyrkjestader og møtestader for trafikken, hadde skyss-skifte og fekk gjestgivargard og postopneri. Dei kooperative handelsforeiningane var også lagde hit. Her var det kai, og landverts og sjøverts ferdsle møttest. Det fekk særleg mykje å seie for dei første dampskipa som vart sette inn i trafikken i slutten av 1850-åra, men då meir i Ulsteinvik enn på Hareid, der konkurransen med Ålesund verka nokså sterkt inn både på handel og sentralisering. Når det gjaldt fiske og handel, fekk Ålesund ein heilt dominerande innverknad i Hareid. Mange sette også pengane sine i Ålesunds-bankar, heller enn i bygdebanken, og hadde mykje av handelen sin der. Fisket løyste seg også lettare frå gardsdrifta i Hareid enn i Ulstein. Hareid fekk ei utprega skøytetid. Senteret for skøytefisket var Brandal, men elles hadde bankfisket den næraste tilknytinga til Ålesund, der det først hadde byrja, og der utrusting og fiskerileveranse gjekk for seg, skriv Ingvard Bjåstad i Bygdebok for Hareid Ulstein II (1977).
Bjåstad konkluderer: – Også det sosiale livet var annleis i ei viss grad. Foreiningslivet utvikla seg raskare i Ulstein enn i Hareid gjennom vekkinga i 1870-åra då dei bygde bedehus på Osnes. Det er også grunn til å tru at ulsteiningane kom før med i det politiske livet, og at det særleg var her den nyskipa Bondevenneforening fekk sine medlemer på denne tida.
Men i begge sokna var det i 1870-åra eit nytt liv som trengde seg på. Leveviset vart annleis, pengehushaldet fekk meir å seie, opplysninga vart viktigare, og det vart klaga over at folk levde over evne. Det var snart ingen skilnad på bønder og rikfolk, og unge jenter ville helst ikkje syne seg i arbeidsklede, men gjekk i fjøset i sin finaste stas. Konkurransen vart hardare og kan av og til også merkast i bygdepolitikken. Det byggjer seg opp motsetnader på grensa mellom dei to sokna, som ikkje alltid kjem til uttrykk i kjeldene, men som likevel vart ei aukande hindring for samarbeidet mellom Ulstein og Hareid. Tida kring 1880 er dessutan ei tid med sterke ideologiske og religiøse brytningar i folkelivet (Bjåstad 1977).
Hareid var altså meir orientert mot Ålesund. Kanskje var det slik at det sjølvmedvitet som voks fram i soknet fram mot hundreårsskiftet, også gav styrke til å bryte ut av fellesskapet med Ulstein. Folk i Hareid hadde sin eigen identitet, sitt eige samhald – synleg og usynleg, noko som mellom anna kom til uttrykk gjennom dialekten – som var ulik på dei to sidene av Hareidseidet. Dei første 10-15 åra på 1900-talet gav framgang i fiske og fangst. Ein del personar i Hareid fekk rikdom nok til å klare mykje på eiga hand. Her voks fram ny industri og private elektrisitetsverk; det første kom i Brandal i 1912. Alt dette var med på å underbyggje viljen til kommunalt sjølvstende.
I jubileumsnummeret for det kommunale sjølvstyret (1987) intervjuar Vikebladet lokalhistorikaren Ingvard Bjåstad og spør: – Var det noka konkret hending, noko praktisk grunnlag til at Hareidlandet vart delt i to administrative einingar? Bjåstad svarer: – Vi finn eigentleg lite eller inkje direkte i formannskapsprotokollane som tyder på at ei deling var på gang. Tautrekking over Eidet var det nok heile tida; det kan særleg merkast når det skulle veljast ordførar. Han hadde den tida ei mykje større og viktigare stilling enn i dag. Han kalla inn til møte, førte protokollen og måtte vere ein både kyndig og myndig mann. Vi kan elles lese oss til at det ikkje var lett å få gjennomført saker samrøystes i det felles formannskap og kommunestyre. At det har vore sprik, ser vi heile tida. Dei to sokna veksla om å ha ordføraren. Men ser vi på ordførarrekka, var det stor skilnad på kor lenge den enkelte sat som ordførar. Nokre hadde fireårsperiodar, andre berre to, og enkelte kjem att etter eit opphald. Vartdalingar og sulalendingar hadde aldri ordførarvervet. Martinus Bjørndal sat i til saman 18 år.
Men det skal vise seg å vere ein konkret grunn til skilsmissa. Den har med verdskrigen å gjere. Det kjem vi straks tilbake til.
Men først legg vi merke til at kommunedelinga også er del i ein nasjonal trend. Det første hundreåret etter at Noreg fekk kommunalt sjølvstyre, var det ein tendens til oppdeling i mindre og mindre einingar. I 1838 var det 392 kommunar her i landet, 1909: 630, 1919: 675 og i 1930: 747. Så minkar talet gradvis igjen, 1954: 744, 1962: 705, 1965: 466, 2004: 434 og 2013: 428, og frå 2020 er det 356 kommunar i Noreg.
Den opphavlege Ulstein kommune skilde seg først frå Vartdalsstranda. No stod Hareid for tur. Men då Ulstein sende søknaden sin til Kongen i 1903, skulle det endå gå over eit tiår før noko skjedde. Den 9. desember 1916, medan første verdskrigen rasa på kontinentet, heldt Ulstein heradsstyre sitt siste møte medan Ulsten og Hareid høyrde til same herad. Kva hadde skjedd sidan dei sende søknaden om skilsmisse første gong i 1903? Først og fremst hadde krigen brote ut i august 1914. Med eit slag voks saksmengda i felleskommunen, og truleg har ordføraren kjent seg overvelda av alt arbeidet. Sakene hadde auka frå 59 i 1913 til 159 i 1914, ein god del av dette på grunn av krigen ute i Europa.
Ordførar i Ulstein den gongen var Hans B. Osnes. Under andre verdskrigen såg Osnes attende på 30 år i heradsstyret og skreiv om minna sine i Vikebladet. Her fortalde han dette om skilsmisseprosessen:
– Ein gong ut på hausten 1914, etter at krigen hadde teke til, tala eg med gamleordførar Bjørndal og gramma meg over at alt ståket som følgde med krigen, skapte mange vanskar, særleg for ordførarane og andre som skulle administrere eit eller anna. Eg slo fram på om at det hadde vore bra om kvart sokn no hadde rådt seg sjølv. Det hadde gjort arbeidet enklare, i alle fall for ordføraren, og at det kanskje då også hadde vore lettare for folket på mange måtar. Bjørndal fortalde då at det både ein og to gonger før hadde vore prøvd å få kløyvd heradet i to, men det hadde ikkje lykkast å få fylkesting eller departement med på det. Men han trudde at tida no var lagleg til å få ein ny søknad igjennom. Han bad meg kome med framlegg til kløyving til heradsstyret. Eg sa då at det var lettare for meg å arbeide for saka, om nokon utanfor heradsstyret kom med eit slikt forslag. Det var han samd i og baud seg til å kome med framlegg.
Martinus Bjørndal sende då framlegg om kløyving av Ulstein herad. Dette framlegget vart handsama i heradsstyret 11. desember 1914. Heradsstyret sette ned ei nemnd til å førebu saka. Med i nemnda vart Martinus Bjørndal, Johan Hasund, Hans B. Osnes, Arne Grimstad, Hans Rise og Nikolai Øvrelid.
Den 13. mai 1915 kom nemnda med framlegg: Heradsstyret gir ordføraren mynde til å søke om å få Ulstein herad delt i to, Ulstein herad og Hareid herad. I 1916 vart saka lagt fram for fylkestinget som samrøystes tilrådde delinga, og ut på sommaren same året kom kgl. resolusjon for deling frå 1. januar 1917 (H. B. Osnes i artikkelserien Etter 30 år i heradsstyret 1941).
Frå 1. januar 1917 var Ulstein og Hareid eigne kommunar. Lokalavisa Aarvak slo fast at naturforholda var slik at Hareid og Ulstein vanskeleg kunne leve saman. «… det hev seg slik, at åsryggen millom Holsekerdalen og Hareidsdalen ber for høgt opp. Det er ikkje meir som skal til.» Hareidseidet hadde sin innverknad på det økonomiske livet – og var dermed skilsmissegrunn så god som nokon. Men det var den kommunale saksmengda som var den direkte utløysande faktoren.