Mange har kalla åra frå krigen og framover til rundt 1970 for husmoras tidsalder. Dette har nok samanheng med industrialisering, urbanisering, og at jordbruket kom på vikande front i den forstand at stadig fleire huslydar no kom til å hente inntekta si frå andre aktivitetar enn jorda. Kvinnerolla blir dermed endra; husmora steller hus og passar born, medan mannen er på arbeid i industri, servicenæringar eller på sjø. Samtidig blir familiebanda gradvis annleis; det er ikkje lenger like sjølvsagt at storfamilien bur nokså samla, og dermed blir nettverket mindre om det skulle støyte noko til.
Ei ordning som kan bøte på dette, er husmorvikaren. Arbeidet til husmorvikaren er å gjere det førefallande arbeidet i heimar der det er sjukdom eller husmora er borte. Ho skal sjå etter at den sjuke får nødvendig stell og nøye følgje ordrar frå lege, jordmor og sjukesyster i alt som vedkjem den sjuke.
I åra etter krigen var det over 700 husmødrer i Ulstein. Dette var altså kvinner som ikkje hadde lønnsarbeid, men arbeidde med å ta seg av heim og born; i dag kallar vi ikkje desse kvinnene for husmødrer, men heimeverande. Husmora var stort sett heime på dagtid, sjølv om ho ofte var med i foreiningar om kvelden. I dag minner ordet husmor oss om mjøl og forklær, slitne hender, oppbretta ermar, skrikarungar, ein torsk som skal sløyast på kjøkkenbenken, poteter som skal skrellast i rett tid. På dette tidspunktet i etterkrigsåra var husmora Noregs største yrkesgruppe. Ho forvalta familieverdiane og organiserte levemåten i familien, og ho var eit ideal som både sosialdemokratar og meir konservative stod saman om. Målet var at husmora skulle skape ein god heim, halde mannen lykkeleg og oppdra borna. Det kunne nok hende at mor i huset måtte true stridige born med at når far kom heim, skulle det bli andre bollar. Visjonen om den harmoniske familien var tiltrekkande også for arbeidarrørsla – som ønskte å gi mennene fortrinn i den tronge arbeidsmarknaden, og med det heia fram idealet om heimefruer. Medan husmødrene i middelklassa gjerne fekk hushaldningspengar, var det ikkje uvanleg at husmødrene i arbeidarklassa og på tilsvarande nivå fekk heile lønningsposen når mannen kom heim ein lønningsdag; ho skulle såleis forvalte heile inntekta som mannen drog inn. I begge tilfella var sjølvsagt kvinna økonomisk avhengig, og det var ikkje mange kvinner som tok ut skilsmisse, sjølv om samlivet kunne butte imot.
På starten av 1900-talet var rundt 40 prosent av norske kvinner rekna som husmødrer, men delen steig etter krigen og fram til 1960 då 55 prosent av kvinnene over 15 år var husmødrer. Etterkrigstida med optimismen sin og framtidstrua vart som nemnt gullalderen til husmora. Norske heimar skein, jenteborn med sløyfer i håret sat krøkte over symaskiner og skulle bli framtidas husmødrer for å lære løyndommar som mennene aldri kunne ta frå dei. Kino- og avisreklame og varedemonstrasjonar av herlege, nye hjelpemiddel spelte på idéen om den perfekte husmora. Som økonomiministeren i familien måtte ho overtydast om salet skulle auke. Det er lett å skjøne at kvinnene omfamna produkt som gjorde livet lettare. I 1958 brukte ei husmor med tre born 21 timar i veka berre på å lage mat. I dag ser vi på husmorskular som antikvariske, men skulane tok på alvor det som skulle til i kvardagslivet. Det var ikkje få jenter frå Ulstein som fekk seg eit år på husmorskule. Og desse skulane hadde ein imponerande fagkrets: kjemi, vask- og reingjeringsteori, elektrisitetslære, arbeids- og reiskapslære, psykologi og samfunnslære, kostlære, økonomi og bustadlære. Vi kan vel sjå på husstelltimane i 7. klasse på folkeskulen og på framhaldsskulen som ei slags førebuing til ei slik utdanning; men her tok då gutane også del etter kvart.
LO hadde lenge ein politikk om at kvinnelege arbeidarar helst burde ha vore heime, som i 1925 då LO gjekk inn for å avgrense kvinners rett til lønnsarbeid. Arbeidarpartiet støtta vedtaket i Oslo kommune om ikkje å tilsette kvinner som hadde ein mannleg forsørgjar. Etter andre verdskrigen og til langt ut på 1960-talet satsa Arbeidarpartiet på husmorpolitikk. Å vere heime var eit yrke. Men det var inga lønn. Mot slutten av 1960-talet tok ein ny politikk form. Den nye kvinnegenerasjonen tok gradvis til seg nye ideal, og likestillingskampen på 1970-talet, som mellom anna resulterte i kvinnegrupper i Ulstein og Hareid, vart eit oppgjer med husmorrolla. No skulle kvinnene bli økonomisk sjølvstendige og ta del i samfunnet på ein måte som stod i motsetning til samfunnsrolla til den tradisjonelle husmora. I Ulstein var arbeidslivet veldig delt gjennom dominansen til dei mekaniske verkstadene. Først utover på 1980-talet såg vi at kvinnene meir massivt marsjerte ut i arbeidslivet. Heimane vart med det i stadig mindre grad befolka på dagtid; borna får barnehage, og oppgåvene i heimen vart delvis erstatta av teknologi, auka forbruk (to inntekter), velferdsordningar og institusjonar. Men det gjekk enno lang tid før arbeidsdelinga på heimeplan blei likare fordelt mellom kjønna.
Ulstein skulle slite lenge med å finne arbeid til kvinner utanfor heimen, og det resulterte i kvinneunderskot til inn på 2000-talet. Det gjekk også seint med å få kvinner til å vende seg mot typiske mannsjobbar. I skrivande stund, i august 2020, ser vi likevel at rekordmange jenter søkjer seg til gutedominerte skulelinjer. Aldri før har fleire jenter søkt seg til linjer som bygg og anlegg og elektrofag på vidaregåande enn framfor skuleåret 2020-21. Også på typiske gutelinjer som teknikk og industriell produksjon har delen jenter auka med 50 prosent dei siste tre åra, ifølgje Utdanningsdirektoratet.