Alt i Vikebladet 14. juni 1945 kan folk lese at dei mekaniske verkstadene i Ulstein har mykje å stå i om dagen. Om lag 40 fartøy står på land eller ligg ved kaiene til dei to verkstadene på Osnes. Det er rutebåtar, fraktebåtar, selfangarar, havfiskefartøy og motorbåtar. Der hadde også kome nokre båtar som hadde vore i tysk teneste og som skulle avvæpnast. Fleire slike var ventande dei første dagane. Pågangen på verfta var så stor at dei var nøydde til å prioritere stramt. Arbeidsstokken ved Ulstein hadde vakse frå 3-4 det første året til rundt 50 i 1947.

Ulstein er no den største verksemda i kommunen der ein privatmann åleine var eigar. Martin Ulstein var vel omtykt både som gründer, eigar og politikar. Han døde altså brått i 1948. Den ombygde selfangaren Brandal, reparert etter øydeleggingar under krigen, gjekk prøvetur frå Hatlø i starten av mars i 1947. Han vart rekna som den mest moderne selfangstskuta til då.

I 1947 var det jubileum: I dei 30 åra Ulstein Mekaniske Verksted hadde eksistert, hadde verftet bygd om og forlengd mellom 50 og 60 fartøy ved sida av reparasjonsarbeid på skrog. Det hadde vist seg at trass i kontrollar og restriksjonar på mange område, så hadde det vore bra tilgang på arbeid etter kvart som krigen skreid fram, vedlikehald og reparasjonar. Ulstein Mekaniske slapp å bli påtvinga oppgåver av okkupasjonsmakta. Bedrifta vart nok kontrollert, men ho var for lita til tvangstiltak og slapp derfor lettare frå det enn større verft. Fram mot jubileumsåret 1947 var det stor optimisme. Vølingsarbeid på dei nedslitne båtane frå krigens dagar var det mykje av. Med eitt var det ikkje lenger snakk om kva verkstaden kunne få tak i av arbeid, men kva den kunne makte å ta på seg for å få det ferdig i rett tid. No vart det også nødvendig å hente arbeidsfolk frå andre bygder enn Ulstein. Verkstaden måtte byggjast ut, eit murhus på 40 kvadratmeter i tre fulle høgder måtte til, kontor og teiknerom i første høgda, bustad for ein familie i andre og hyblar for tilsette i tredje høgda.

Martin Ulstein hadde til no hatt den fulle leiinga ved alle avdelingar av verkstaden. Men med den aukande arbeidsmengda kom krav frå Det Norske Veritas og Skipskontrollen, og det vart nødvendig med ein utdanna mann både teoretisk og praktisk innan skipsbyggingsfaget. Dermed vart ålesundaren Per Andersen tilsett som teiknar og verksmeister (Grytten 1992).

I 1939 bygde Marius Kleven seg ei lita smie der Kleven-verftet står i dag. Der tok han på seg ymse oppdrag som han arbeidde med på kveldstid. Etter kvart kom dei fire sønene hans med i verksemda. Frå 1944 arbeidde Marius Kleven på heiltid i smia.

Noko av det særeigne ved industriverksemdene som kom til på Sunnmøre i tida mellom dei to krigane og like etter, er at dei vart starta av folk utan utdanning. Med åra voks Kleven-verkstaden og utvikla seg og vart viktig for heile distriktet. Aktiviteten her har gitt mange nye arbeidsplassar og har med det vore med på å legge grunnlaget for betre levekår for mange i bygdene rundt om. Det viktigaste var også her vedlikehalds- og ombyggingsoppdrag den første tida, særleg for fiske- og fangstflåten. I 1961 bygde verftet den første båten. Sidan den gongen har mange typar skip blitt bygde ved Kleven.

Så har vi gründeren Hallvard Hasund, initiativtakar og grunnleggar av Hasund Mek. Verksted, ei av dei eldste industribedriftene som framleis er i drift i Ulstein. Hallvard Hasund hadde arbeidd på Hatlø Verksted. Etter eit sveisekurs i Oslo fekk han etter kvart idéen om å starte eigen verkstad. Saman med tre andre starta han Hasund Smie & Sveiseverksted AS ved årsskiftet 1946/47. Her vart Hallvard disponent, ein posisjon han hadde til han døydde i mai 1977.

Ei anna viktig bedrift i Ulstein denne tida var Ulsteinvik Møbel- & Trevarefabrikk. Ein periode tidleg på 1950-talet var bedrifta den største arbeidsplassen i kommunen. Grunnleggaren var Olav I. Seljeseth frå Gurskedalen. Han utdanna seg til møbelsnikkarmeister og dreiv snikkarverkstad i vel to år før han skipa aksjeselskap i 1927 saman med brørne Harald og Ole Ringstad, og Fredrik Fredriksen. Olav vart disponent for fabrikken som fekk namnet Ulsteinvik Møbel- & Trevarefabrikk AS. Etter kvart voks arbeidsmengda, fleire måtte tilsetjast og fabrikken utvidast. Etter utvidinga i 1937 var det på det meste 85 mann i arbeid på fabrikken, på dag- og nattskift. Møblane dei laga, var for spisestover og soverom. Etter krigen var fabrikken ein av dei leiande og av dei største i bransjen i Møre og Romsdal.

Ein annan gründer som vi kan nemne i denne tida, var Norvald Skeide. Han var også oppfinnar. Etter å ha arbeidd ved Hatlø i fleire år, starta han etter krigen produksjon for seg sjølv, taklampar, barnevogner, sparkar og rattkjelkar med meir. I 1947 kjøpte han tomt på ytre Skeide. Her bygde han verkstad. I fabrikken produserte han slikt som lasteskuffer for traktor, silosvansar, mjølkekjerrer, hydrauliske dekkavtakarar, borestem-maskiner. I dei gode sildeåra på 1950-talet utvikla han eit automatisk sildemålapparat som ikkje skadde silda. Skeide Fabrikker AS, seinare Skeide Mek. Fabrikker AS, produserte etter kvart bandtransportørar, vinsjar, vareheiser og kraner i ulike storleikar. Han tok også patent på ei fiskevaskemaskin som kunne nyttast til all slags fisk.

Brørne hans var medeigarar i fabrikken, men Norvald var hovudeigar og disponent. Seinare trekte han seg ut av den daglege drifta og retta blikket mot ferdighusproduksjon. På slutten av 1960-talet starta han Skeide Bruk AS og seinare Skeide Hus AS. På 1970-talet vart det levert om lag 70 hus i året. Skeide trappa ned på 1980-talet og vart pensjonist (Hundre år – hundre personar i Ulstein, 2014, Asle Geir Widnes Johansen).