Den 7. februar 1946 melder Vikebladet at det rike sildefisket held fram. Det har vore travel verksemd ved fabrikkane. Elles har silda gått til salting og ising; ikkje så lite har gått til Austlandet med Raumabanen. I midten av mars var sildefisket slutt og sildesnurparane hadde kome heim.
Laurdag 22. februar 1947 kom det inn over 70.000 hektoliter drivgarnsild nord for Stad. Det var alle tiders rekord, melde lokalavisa – som samtidig kunne fortelje at sildoljefabrikken på Horsøya ved Bergen hadde leigt den gamle kollagertomta i Hjørungavåg som lagerplass for guanosild. Dei rekna med å få plass til 120.000 hektoliter. Også ved sjøbua til Teigene i Ulsteinvik hadde dei teke mot sild til lagring for denne sildoljefabrikken.
I juli same året summerer Vikebladet opp det norske fiskeriet så langt: – Både sildefisket og torskefisket i vinter gav jamt over godt utbyte. Sildefisket gav i løpet av nokså kort tid til dels overraskande stor fangst. Men han kunne ha vore endå større om ikkje avsetningsvanskane hadde råka fisket ein del. Fiskeria spelar no ei viktig rolle både for forsyningssituasjonen, handelsbalansen og valutamessig. Vi reknar med at landet i 1947 vil eksportere fisk og fiskeprodukt for over 500 millionar kroner. Fisk og fiskeprodukt, sild, sildolje og sildemjøl er svært ettertrakta eksportartiklar. Både silde- og torskefiskarane har denne vinteren hatt pene lottar. For dei heldigaste er summane så store at dei fortonar seg som eit eventyr sett med jordbrukarauge. Men driftsmidlane, moderniseringa av fiskebåtane, har stige veldig i pris dei siste åra. Likevel er det stort sett ei god tid for det store fleirtalet av fiskarar, konkluderer avisa.