I januar 1948 er det stort samferdselsmøte i Ulsteinvik. Her kjem dei sentrale spørsmåla for regionen generelt opp. Hareid-ordførar Måseide tek opp ferjespørsmålet som no verkeleg må setjast på dagsorden om regionen skal få den framgangen som krevst: – Når det gjeld ferjeleia Festøy-Solevåg, trengst nok ho for dei indre distrikt. Men for oss er det aktuelt å finne ei løysing som stettar krava våre betre. Det næraste for oss er å halde på ferjeleie i Sulesund. Dette er elles eit krav som vil trenge seg fram.
Alf Bjåstad hadde ordet i den same saka: – Eg er klar over at den vanlege passasjertrafikken frå Hareid vil gå med passasjerbåten til Ålesund, men vi må halde på tanken om ferjeleie i Sulesund for biltrafikken både til Ålesund og vidare utover i landet. Stortingsmann Einar Hareide (KrF): – Kan vi førebels få ferjeleie Hareid-Ålesund, så vil trafikken her seinare tvinge fram kravet om ferje til Sulesund – som er det mest sentrale for trafikken austover. Albert Hovland meinte det høvelegaste ville vere å få trafikken leia til Brandal med direkte samband til Ålesund både for passasjerar og bilar. Møtet gjorde så samrøystes dette vedtaket: At MRF snarast set i gang bilferje mellom Hareid og Ålesund.
Før jul i 1948 vart det gjennomført ei storstilt utviding av haldeplassen og kaia på Ytre Hareid. Her skulle det bli plass til 8-10 store bussar pluss ein del mindre drosjebilar. Folk venta verkeleg på den nye sjøbussen, som han vart kalla, og Hjørungavåg skulle han heite. Han skulle leverast 10. mai 1949, men først tysdag 24. mai gjekk han til Ålesund. Båten kom indre lei forbi Hareid der han fløytte og helsa på Nordalsfjord som låg ved kaia. Laurdag 28. mai vart Hjørungavåg sett i rute, og då vart bussrutene i Ulstein og Hareid utvida til fire gonger dagleg. Bussane skulle gå frå Ulsteinvik klokka 8.30 og 14.30 og korrespondere med sjøbussen til Ålesund, og klokka 11.45 og 16.45 for å korrespondere med sjøbussen frå Ålesund.
Under opningsturen møtte det fram mykje folk på dei ulike stoppestadene for å sjå den prektige rutebåten. Hjørungavåg var bygd etter heilsveismetoden, var 160 fot lang, 22 fot brei og 395 brutto registertonn. Båten hadde plass til 415 passasjerar og gjorde ein fart på 15 mil. Båten var velutstyrt med passasjersalongar og lugarar, og med eit mannskap på 16 pluss postfolk. MRF innførte no ein felles billettpris over heile båten. Det vart såleis slutt på 2. og 3. klasse på MRF-båtane.
Behovet for ferjer aukar i takt med biltrafikken. Men det blir ikkje skikkeleg heilårsferje frå Hareid denne perioden. Det skjer først i 1954. Sommaren 1950 sette MRF inn eiga ferje i sambandet Solevåg-Barstadvik-Festøy. Denne ferja gjekk også to turar alle kvardagar i rute Solevåg-Hareid-Vartdal. Frå hausten 1950 vart det berre ein tur kvar yrkedag i ruta Solevåg-Hareid-Vartdal-Hareid-Solevåg med avgang frå Solevåg klokka 10 og retur til Solevåg klokka 15 (Ragnar Ulstein m.fl 2000). Så langt vi kan sjå av MRF-historia, er det ikkje stans om vinteren, men eit oppslag i Vikebladet tyder på det motsette. I april 1951 skriv avisa: – MRF-ferjeruta Vartdal, Sunde, Festøy og Hareid vart teken opp att frå 11. mai.