Krigen hadde ikkje vore den same for alle i Ulstein. Somme fekk krigshandlingane heilt inn på livet; andre miste livet eller vart invalidiserte på kropp og sjel. For folk flest hadde truleg den største forandringa vore at samfunnet vart så mykje annleis, regulert og kontrollert. Dei daglege innkjøpa vart rasjonerte på kort og handlebok.
Lengre reiser innanlands kravde politiløyve. Alle måtte bere pass og vere budde på kontroll både av identitet og det dei måtte ha med seg. Produsentar var underlagde tvangslevering og produksjonspålegg. Arbeidsmarknaden var ikkje lenger fri; du kunne bli utskriven til tyskararbeid. Livet vart i det heile meir avhengig av papir: rasjoneringskort, mjølkebok, pass, lisensar. Offentlege etatar vart viktige i dagleglivet.
Forsyningsnemnd, prisnemnd, lensmann og så vidare. Dei som åtte jord, sat med ein meir kosteleg skatt enn før. Utover tvangsleveransane og eige forbruk hadde dei gjerne noko å selje til vener og slekt – og til andre som trong det, sal eller byte. Bønder og småbrukarar auka både levestandard og status samanlikna med lønstakarar. Samtidig var arbeidsløysa borte som sosialt problem få månader etter krigsutbrotet. Arbeidsmarknaden vart stram; det vart til dels lønnspress.