Høgthengande prisar vart verftsleiarar i Ulstein kommune til del vinteren 1990. Kleven-direktør John M. Kleven fekk Ringer i vannet-prisen og Ulstein-sjef Idar Ulstein Eksportprisen for 1989, på vegner av konsernet. I slutten av september 1994 vart John M. Kleven tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for innsatsen sin som industrileiar, kulturarbeidar og lokalpolitikar. Det var fylkesmann Kjeld Brecke som stod for overrekkinga under ei tilstelling på Ulstein Hotell.

Då Ulstein Hatlø skulle feire 75-årsjubileet i 1992, skulle eit heilt nytt museum stå klart. Planlegginga var godt i gang, lokala stod ferdige, og ein del gjenstander var alt på plass. Muséet skulle ligge i loftsetasjen i utrustingshallen. Initiativtakar til muséet var Kolbein Ulstein: – Då eg byrja i Ulsteinkonsernet var det berre 30 tilsette, og alle kjende alle. Eg har vore med på ei rivande utvikling, fortalde Kolbein Ulstein til lokalavisa. Han byrja som rør- og maskinarbeidar i 1946. Deretter vart han maskin-formann, driftsleiar, og i 1990 sat han som personalsjef.

I slutten av april 1990 kom meldinga om rekordresultat for Ulsteinkonsernet på nær 102 millionar kroner. Driftsresultatet var på vel 94 millionar. I 1989 hadde konsernet ei omsetning på 453 millionar kroner.

Ved inngangen til 1990-talet var det mangel på leigebustader i Ulstein. No hadde Ulsteinkonsernet planlagt ei utviding av arbeidsstokken dei næraste åra, og rekna med at dei innan utgangen av 1992 ville ha bruk for over 200 fleire tilsette enn i 1990, med det var avhengig av at dei klarte å skaffe folk. Mangelen på kvalifisert arbeidskraft førte til at Ulstein Hatlø i 1990 planla å byggje bustader for å trekke til seg folk frå andre landsdelar. I første omgang ville bedrifta byggje ut eit område som bedrifta eigde i Varleite, og rekna med å føre opp 15 bustader, men der var plass til det doble. Annonsering av ledige fagarbeidarstillingar ved Ulstein Hatlø hadde ikkje gitt stor respons, og personaldirektør Kolbein Ulstein fortalde til lokalavisa at dei no ville annonsere etter folk særleg i dei nordlege delar av landet.

Ulstein smelte til med ein ny storkontrakt i april 1991: Fire supplyskip til det danske reiarlaget AP Møller gav Ulstein Verft arbeid i over eit år framover. Kontrakten ville òg få store ringverknader i det lokale næringslivet. Det skulle vise seg at 1990 vart eit gullår for Ulsteinkonsernet. Med eit økonomisk resultat på heile 205 millionar kroner og ei totalomsetning på 2,7 milliardar var det tale om rekordoverskot.

Hasund Mek. Verksted hadde også arbeid for sine 45 tilsette i to år framover. Verkstaden fekk ein avtale med Kleven Løland om å byggje to skipsseksjonar til ein verdi på om lag 19 millionar kroner. Hasund Mek. gjorde utbetringar på både bedding og bygg i 1991. Investeringa var på til saman tre millionar kroner. Verkstaden hadde også kjøpt inn ei ny kran. Bedrifta klarte å gjennomføre investeringa utan å ta opp lån. Disponent for Hasund var Agnar Hasund.

I oktober 1992 vitja lokalavisa Stranda Verksted i Hasundstranda: – Så lenge det går bra for dei som driv skipsbygging, går det bra for oss. Stoppar det der, blir det nok stopp her òg, var konklusjonen frå dei tilsette. Verkstaden hadde no fem mann i arbeid. Den vesle bedrifta var eitt av mange døme på den overrislingseffekten som dei store skipsverfta hadde i regionen. Ein effekt som hadde skapt større og mindre verksemder tufta på verftstradisjon, sjøkunnskap og erfaring, og som til saman utgjorde eit industrimiljø som særprega Ulstein-regionen. Stranda Verksted var eigd av Petter Ertesvåg, Rolf Sæther og Roger Jakobsen, som alle tre arbeidde i bedrifta.