På det nasjonale plan var dei første åra av 1990-talet vanskelege for mange. Mykje peikte galne vegen; sviktande oljeprisar, internasjonal lågkonjunktur, rentenivå kring 10 prosent og meir – og ein hard innstrammingspolitikk som regjeringa meinte måtte til for å berge konkurranseevna etter frisleppet midt på 80-talet. Bankkrise og gjeldskrise skaka både den nasjonale og den private økonomien. Konkursane nådde rekordhøgder, og statsbudsjettet drog på store underskot. Reallønna auka nok litt, men slett ikkje for alle. Mange fall ut av arbeidsmarknaden og måtte greie seg med uføretrygd eller sosialhjelp. Fleire kom i gjeldsklemme, og arbeidsløysa var heilt oppe i 184.000 registrerte i 1992. Men dei lokale industrilokomotiva klarte seg bra.

Frå hausten 1993 kom dei første teikna til betring. Arbeidsløysa minka, konjunkturane ute viste oppgang, industriproduksjonen auka, og det private forbruket tok seg opp. Men framleis var det over 30 milliardar i underskot på statsbudsjettet. Frå hausten 1995 gjekk det endå betre. Investeringane auka med 40 prosent, oljeprisane steig og gav etter kvart overskot på statsbudsjettet. Dei gode tidene heldt fram i åra 1996-98, med stigande oljeprisar og store overskot på statsbudsjettet og på driftsbalansen med utlandet (Furre 1999). Det siste året på 1990-talet kom stadige teikn på at delar av industrien var på veg inn i ein motbakke igjen.

Den 1. mai hadde blitt feira med vekslande oppslutning utover på heile 1980-talet og inn i 1990-talet. Men 1. mai 1991 samla ekstra mykje folk frå heile regionen. Forsamlinga i det fullsette Ulstein samfunnshus reiste seg og klappa då statsminister Gro Harlem Brundtland gjorde sin entré. Ifølgje lokalavisa, som dekte arrangementet grundig, var kanskje applausen litt meir avmålt då statsministeren gjekk ned frå talarstolen, etter ein tale prega av heite politiske saker som EF/EØS, arbeidsløysa og gjeldskrisa. Men statsministerbesøket stod fram som vellykka og velorganisert, og lokale aktørar var òg med på å gi innhald til den to timar lange festen. Og sjølv slo Gro fast at det hadde vore ein fantastisk dag. I talen sin peikte statsministeren mellom anna på dette: – Trass i dei vanskane vi står overfor, vil eg åtvare mot hangen til å dyrke pessimismen. Det gir i alle høve ikkje fleire arbeidsplassar. Det er mykje som går bra i dette landet. Regjeringa vil setje i verk ei rekke tiltak for å hjelpe ulike grupper. I revidert nasjonalbudsjett vil vi gå inn for at folk som er særleg råka av gjeldskrisa, skal få byte dei dyre låna sine mot lån i Husbanken. På dette tidspunktet kunne banklåna fort kome opp mot 15 prosent rente. Statsministeren lova 200 millionar kroner ekstra til tiltak mellom eldre rundt om i kommunane – og fleire tiltak innan miljø og omsorg. Regjeringa ville dessutan satse meir på industrien i Fastlands-Noreg og gjere landet mindre avhengig av oljeinntektene. For den konkurranseutsette verftsindustrien skulle det kome fleire bølgjedalar og toppar i åra framover. Fleire gonger skulle det bli kritisk, heilt fram det snudde under oljeboomen frå 2005 til 2015. Då fekk vi ei lang, samanhengande og god periode, før oljeprisen sokk som ein stein mot slutten av 2014 og inn i 2015.