I januar 1990 satsa Musikklaget Ulf på eit stort musikalsk prosjekt på Ulstein samfunnshus: Nyttårskonsert i samarbeid med Ørsta Hornmusikk og dei fire vokalistane Lisbeth Brekke, Egil Dimmen, Ingrid Slettevoll og Magne Slettevoll. Det var første gongen Ulf hadde gått inn i eit slikt omfattande samarbeid med eit anna korps. Konserten i Ulsteinvik skulle følgjast opp med ein tilsvarande konsert i Ørsta, fortalde dirigent Terje Eiken til Vikebladet Vestposten.
Sidan saniteten i Ulstein starta innkrevjing av medlemskontingent per post og bank i 1987, miste foreininga 600 medlemer. Sanitetsforeinga hadde tradisjonelt vore mellom dei største i Møre og Romsdal med over 2000 medlemer på det meste. Dei fleste hustandane i kommunen stod som støttemedlemer, sjølv om ikkje alle var aktive i sanitetsarbeidet. Men no var situasjonen endra. Årsmeldinga for 1989 viste at Ulstein sat att med «berre» 1438 medlemer. Medlemssvikten gav ikkje saniteten berre tapte medlemspengar; ordninga med post- og bankgiro var også dyr for laget då dei måtte betale porto på utsendinga.
Ulstein sanitetsforeining runda 80 år i 1992. På årsmøtet sitt på Dimna grendehus i februar vart Peggy Paulsen vald til ny leiar etter Kirsti Vattøy som hadde hatt vervet i seks år. Foreininga hadde no 1392 medlemer. Om lag 150 av desse var aktive. Medlemskontingenten var ei viktig inntektskjelde for laget som mellom anna dreiv Ulstein eldresenter på ettermiddags- og kveldstid. Overskotet av denne drifta var på 10.000 kroner i 1991. Den viktigaste inntektskjelda ved eldresenteret var varmbadet som gav om lag 60.000 kroner i året.
Vi skal ikkje gløyme at Ulstein hadde sin eigen rideskule på Flø ved inngangen til 1990, skipa i 1988. Magnar Fjørtoft var initiativtakar og heldt stall, og Mette Longva frå Haugsbygda var rideinstruktør. Fjørtoft tok imot telefonar om ridetime; kvar time kosta 60 kroner, og stell av hesten høyrde med til timen. Ridesenteret hadde no ti hestar og talde 40-50 medlemer. Dei ivrigaste kom eit par gonger i veka.
Ridesenteret på Flø hadde berre eksistert ei lita tid då det var slutt hausten 1990. Roppen Ridesenter selde alle hestane sine og stengde dørene for godt: – Vi fekk ikkje den økonomiske støtta vi trong for å få opp den planlagde ridehallen, og utan hall er det uråd å få til heilårsdrift, fortalde eigarane til lokalavisa. Dei tok avgjerda om å legge ned etter at dei fekk avslag på søknaden på kommunal stønad gjennom næringsfondet. Rune Fjørtoft, som eigde ridesenteret saman med faren Magnar og brørne Halvard og Arne, var skuffa over den manglande kommunale viljen til å støtte prosjektet.