I starten av september 1989 starta Sørøybuss eit nytt samband til Bergen. Med den nye 48-seters turbussen sin køyrde dei ruta Hareid-Ulsteinvik-Selje på tre timar. Derifrå kunne dei reisande ta ein av hurtigbåtane Fjordprins eller Sognekongen til Bergen, ein båttur på fem timar.
Våren 1991 kom meldinga om at Sørøybuss AS ville flytte sekundæranlegget sitt til Saunesmarka. Plassvanskar og lite tenlege lokale var årsaka til at selskapet ville flytte frå lokala dei leigde i Moldskred-anlegget i Ulsteinvik sentrum. Busselskapet hadde alt i 1986 fått tilbod om tomt i Saunesmarka, men av økonomiske årsaker hadde dei ikkje sett seg syn med å gå i gang før no.
I starten av april 1991 kunne teknisk sjef Elling Indresøvde opne vasskrana i Ertesvågane. No var den nye vassleidningen frå det kommunale vassverket framført, og fem husstandar i krinsen knytte til det nye vatnet. Grunneigarane hadde også gjort dugnadsarbeid på leidningen og spart kommunen for ein del kostnader.
Nokre månader seinare vende Indre Haddal Vasslag seg til kommunen for å få knyte seg til det kommunale vassverket. Vassverket i Haddal vart starta i 1968 og hadde forsynt kring ti husstandar med vatn i rikelege mengder, men no viste prøver av vatnet at kvaliteten ikkje stetta krav til godt drikkevatn.
Våren 1998 gjorde Posten endå ei omlegging. Då fekk Hareid og Ulstein same postmeister, plassert i Ulsteinvik. Samtidig vart det lagt planar om ein ny felles omfordelingssentral plassert i Saunesmarka. Men i første omgang vart ordninga sentralisert til postlokala i Ulsteinvik sentrum. Seinhausten 1998 fekk all post til kundane i Hareid Ulsteinvik Postkontor som utgangspunkt. Men postmeister Kristian Eikrem forsikra lokalavisa om at tenestene ikkje skulle bli reduserte i Hareid, og postkontor skulle kommunen framleis ha. No i 2020 er det for lengst post i butikk i både Hareid og Ulstein sentrum. Alle dei tradisjonelle postkontora er borte frå øya.
– Ulstein taper for Hareid med omsyn til godstrafikk. Det fortalde leiaren på godsterminalen i Ulsteinvik, Reidar Vågeskar. I samtale med lokalavisa kunne han legge fram statistikk som viste ein kraftig nedgang for godsmengda frå Ulstein sjøvegen. Godsterminalen i Hareid hadde derimot hatt ein god auke i godsmengda. Avisa stilte spørsmål ved om det var noka framtid for godsterminalen i Ulstein. UFAS hadde ein leigeavtale med godsterminalen i Ulstein fram til 1993.