Folketeljinga i 1990 viste at Ulstein hadde 5737 innbyggjarar i starten på november 1990. Kommunen kunne i 1989 notere eit fødselsoverskot på 43 og eit tilflyttingsoverskot på 26, i høve til folketalet den største auken i Møre og Romsdal. Nominelt var det berre Ålesund og Molde som kunne vise til større auke.
Framleis hadde kommunen fleire menn enn kvinner, 2936 mot 2801. Teljinga viste også at kommunen hadde eit relativt høgt utdanningsnivå; 647 menn hadde skule på gymnasnivå, og 604 kvinner. I alt 225 menn hadde utdanning på universitets- og høgskulenivå, 128 kvinner. I yrkesgruppa jordbruk, fiske og fangst arbeidde 167, 34 av desse kvinner. Jordbruket sysselsette 68, fiske og fangst 95. Den store yrkesgruppa var industri med i alt 928 sysselsette, 722 menn, 206 kvinner. Så ser vi at offentleg, sosial og privat tenesteyting har vakse kraftig; heile 844 tener til livets opphald her, 271 menn og 573 kvinner. Varehandelen veks òg, medrekna hotell- og restaurantverksemd får 474 ulsteiningar lønna si frå denne verksemda, 171 menn og 303 kvinner. Innan kommunikasjon, post og telekommunikasjon arbeidde der 117, fordelt på 62 menn og 55 kvinner. Alt dette viser at Ulstein-samfunnet i 1990 framleis var dominert av industrien, men at tenesteytande næringar var i sterk vekst, som i samfunnet elles.
Hausten 1989 kom den såkalla kvinnemeldinga for Møre og Romsdal, og ho kom med alarmerande konklusjonar. Mange kvinner ville ikkje bu i fylket; dei fann seg verken utdanning, arbeid eller tilbod for born under skulepliktig alder. Dette førte til at mange jenter reiste frå Ulstein og Hareid, særleg dei mellom 20 og 25 år. Dei ville ha seg utdanning, eller dei ville ha seg arbeid av den sorten som distriktet her ikkje hadde nok av, med verkstadindustrien som den dominerande. Det verste var vel at mange av desse kvinnene ikkje flytta tilbake. I mellomtida hadde dei gifta seg, fått born, skaffa seg eit yrke som dei visste at dei ikkje kunne praktisere i regionen her, ikkje på deltid ein gong, slik mange kvinner ønskte når borna var små. Om det skulle dukke opp ei stilling, måtte familiane stå på venteliste for å få barnehageplass.
Undersøkinga viste at Ulstein på slutten av 1980-talet hadde om lag 120 einslege kvinner og nærare 250 einslege menn i alderen 25-40 år. Kommunen hadde med andre ord for mange ungkarar.
Barnehagekapasiteten i Ulstein kommune var for liten inn i 1990-talet. Heile 45 born fekk avslag, og dette utgjorde 39 prosent av søkarmassen på 172. I september 1990 slo sosialkontoret i Ulstein kommune fast at det måtte ei ny barnehageavdeling til kvart år i kommunen for at målet om 90 prosent dekning innan 2004 skulle bli nått. Regjeringa hadde no opna for at private kunne byggje og drive barnehagar, men føresetnadene var at kommunane godkjende barnehagane. I Ulstein heva det seg røyster for å satse meir på privat utbygging. Frå før hadde kommunen ein privat barnehage, Tryggheim. Det var på dette tidspunktet 29 prosent barnehagedekning i Ulstein. Tryggheim hadde 39 plassar, Skollebakken 29, Ringen 38, Bugarden kortidsbarnehage 10 plassar, Sanitetsbarnehagen 28 og Eiksund kortidsbarnehage seks plassar. I tillegg kom barneparken i Ulsteinvik og musikkbarnehagen. Dette betydde at 370 born i Ulstein i den aktuelle alderen ikkje hadde barnehageplass hausten 1990.
Ut frå desse tala var det ikkje unaturleg at kvinner og born stod sentralt då politikarar og administrasjon i Ulstein drøfta framtida for lokalsamfunnet i starten av oktober 1990. Sentralt i diskusjonen stod spørsmålet om oppvekstmiljø for born og unge – og mangelen på arbeidsplassar for kvinner i regionen. Ulstein hadde på denne tida netto utflytting av kvinner mellom 20 og 29 år. No frykta politikarane at dette på sikt kunne føre til forgubbing av bygda dersom ikkje noko vart gjort, til dømes ved å skape eit meir allsidig arbeidsliv.
Det var positivt for utviklinga i Ulstein kommune at fembarnsmora Perny Stokseth (no Austnes) starta opp privat barnehage i Varleite i Ulsteinvik i august 1991. Barnehagen skulle få ei avdeling med plass til om lag ti born i alderen frå eit halvt til sju år. Barnehagen skulle i første omgang halde til i huset hennar – som måtte passast til og byggjast om litt, i tillegg til at uteområdet måtte gjerast i stand med leikeapparat og liknande.
Ulstein kommune vedtok barnehageplan for perioden 1989 til 1994. I denne planen var Sundgotmarka barnehage på prioritert liste framfor Haddal og Skeide. I 1993 stod Sundgotmarka barnehage ferdig etter at det ei tid hadde vore kortidsbarnehage ved Hasund skule. På 1980-talet dreiv kommunen elles familiebarnehage nokre år i fire heimar for å avhjelpe barnehagemangelen. Kortidsbarnehagen i Bugarden fungerte som eit integreringstiltak for tamilske flyktningar som nettopp hadde kome til kommunen. Med den låge barnehagedekninga i kommunen var det viktig at desse borna fekk eit tilbod, ikkje minst medan mødrene gjekk på norskkurs.
Men spørsmålet om arbeidsplassar for kvinner var eit tilbakevendande tema i Ulstein. I mai 1991 var samfunnsforskar Jørgen Amdam invitert til å halde utgreiing om saka. Han kom med klar tale: – Det vil gå rett i dass med dykk dersom de ikkje klarer å skape arbeidsplassar for kvinner, basunerte han til ei forsamling av politikarar, næringslivsfolk og skulefolk. Han la til: – Samanlikna med Volda har Ulstein ei undersysselsetjing av kvinner tilsvarande 300 arbeidsplassar. I Volda kan vi samanlikne kvinnesysselsetjinga med Oslo og andre større byar. Det er ingen tvil om at mangelen på arbeidsplassar for kvinner er det store problemet i Ulstein. Sett under eitt manglar regionen ein stad mellom 1000 og 1500 kvinnearbeidsplassar. Dette vil ta knekken på Ulstein om de ikkje klarer å gjere noko med det, slo Amdam fast. Ikkje rart at Eiksundsambandet stadig kom lenger opp på den politiske dagsorden; dette sambandet kunne bidra til å skape ein større region av arbeidsplassar og knyte indre saman med ytre – og med utfyllande arbeidsliv.
I forlenginga av dette kom også behovet for barnehageplassar som auka mykje raskare i Ulstein enn det kommunen hadde lagt planar for. I 1991 var det søkt om plass til 206 born; det førte til at 100 hadde fått avslag. Mellom desse hundre var det born som var tilrådde plass frå fagfolk, og born frå einslege forsørgjarar. Ordførar Ottar Kaldhol lova å ta grep, det måtte byggjast ein ny barnehage. Samtidig starta Ulsteinkonsernet barnehage for 14 born i Krushammaren. Kommunen skulle tinge åtte av desse plassane.