Berre fem sjarkar i Ulstein fekk tildelt kvote til torskefisket i 1990. Med det ville fleire fiskebåtar i kommunen få vanskar med å fiske nok til livsopphald for mannskapet, fortalde Vikebladet Vestposten i januar. Dei som fekk kvote, var Olav Vågen med Skjervøybuen med to mann om bord, Steinar Flø med Vallaflud, ein mann om bord, Andreas Svendsen med Ulstein, fire mann, Andreas Djupvik med Brandungen, ein til to mann, og Gaute Kleiven med Fløtind med tre mann. I tillegg hadde Arne og Knut Arne Høyvik med Karl Vadøy med ni til 11 mann om bord fått kvote. Dette utgjorde seks fartøy av i alt 33 fiskeriregistrerte båtar i Ulstein i 1990. Mellom dei som ikkje hadde fått kvote, var det fleire som hadde fiske som hovudinntektskjelde. Mellom desse Jan-Kristian Skeide med Skeide, Steinar Dimmen med Gutten, Arnt Haddal med Øistein, Haldor Haddal med Viking og Kjell-Arne Sundgot med Straumsund.

Rundt 100 personar i Ulstein og Hareid var hausten 1990 sysselsette med fiskeri i fabrikkflåten. Av desse var 40 heimehøyrande i Ulstein. Ved inngangen til året var det 384 registrerte fiskarar i dei to kommunane, 175 av desse høyrde heime i Ulstein, og 129 av dei hadde fiske som hovudyrke.

Men kystfiskarane aksjonerte vinteren 1990 både på Sunnmøre og i Nord-Noreg. Det resulterte i at dei fekk tildelt ei kvote på inntil seks tonn per båt. Arnt Haddal frå Ulstein var nestleiar i kystfiskargruppa. Han og dei andre kystfiskarane på blad B i fiskerimanntalet kom ikkje inn under dei ordinære kvotetildelingane ved torskefisket i 1990, men etter aksjonen fekk dei ei maksimalkvote på 2,5 tonn torsk for båtar under 12 meter, og 3,5 tonn på større båtar. I tillegg kunne fiskarar nord for 62. breiddegrad fiske seks tonn hyse.