Midt i januar 1990 leverte bossbilane den siste lasta si til bossbrenningsanlegget i Saunesmarka. Så skulle arbeidet med å rive skorsteinen og omnane starte. Etter at rivinga var ferdig, skulle dei setje inn portar i underetasjen som mellom anna skulle brukast til garasje. No skulle bosset køyrast til Grautneset.

I mars 1990 var det klart for papirinnsamling i medlemskommunane til SSR. Tanken var mellom anna at selskapet skulle spare pengar for leveringane til Grautneset – og dessutan sortere for å spare miljøet. No skulle kvar SSR-abonnent få utdelt ein oransje fiberarmert sekk til å samle papirbosset i. Sekken skulle leverast ved dei vanlege innhentingsstadene ein gong i månaden. Etter at SSR-folka hadde tømt sekken, la dei han frå seg, slik at han kunne brukast opp att gong etter gong.

I mai 1992 tek hareidsordførar Einar Holm eit initiativ: Han vil ha grovavfallsplass på Eidet. Det har vore mykje fram og tilbake med omsyn til plasseringa, og fleire alternativ har vore framme. Plassen i Fløstranda trong avlasting, og forslaget om Jøsok møtte sterk motbør i Herøy. I eit brev til SSR sette Holm fram tanken om å nytte det gamle steintaket på Eidet til grovavfall. Han meinte området kunne nyttast i mange år framover og etter kvart få bort det skjemmande såret etter steinuttaket. Styret i SSR greip idéen, og før året var omme, gjekk selskapet inn for å greie ut Kvalneset og Eidet som alternativ for grovavfallsplass. I løpet av 1994 samla kommunane – og SSR – seg om grovavfallsplass på Eidet. Frå 1. januar 1995 ville Sande også slutte seg til SSR. I februar dette året opna grovavfallsplassen, og ut på våren var alt stelt i stand slik som planlagt.

Ei anna side ved bosstøminga fekk også si løysing på denne tida. SSR brukte no bossekker av plast. Fuglar og dyr som gjekk laus på bossekkene medan dei stod ute og venta på å bli henta, vart eit problem då plastsekkene kom. I februar 1993 lanserte hareidsbedrifta Furnes AS ei miljøhette til å tre nedover sekkene. Friidrettsgruppa i Hareid IL skreiv kontrakt med Furnes om å selje hetta på Søre Sunnmøre. – Vi har testa miljøhetta og resultatet er godt. Ho bles ikkje bort sjølv i sterk vind, og viser seg både sterk og enkel å bruke, forklarte disponent John Rune Furnes til Vikebladet Vestposten.

I mai 1990 vart kloakkutsleppet på Halseneset godkjent, og ei stor kloakkopprydding stod føre i Ulstein. Arbeidet med å føre hovudkloakkleidningen frå Ulsteinvik ut i fjorden til nytt anlegg på Halseneset kunne starte. Fylkesmannen hadde godkjent planen. No skulle kloakkutsleppa mellom anna i småbåthamna i Ulsteinvik vekk, og eit par private utslepp som hadde valda irritasjon, ordnast. Det gjaldt mellom anna kloakkleidningen i Vågeelva og utslepp frå Kværner Kleven.