Så var det striden om abortlova; ein kamp kyrkja engasjerte seg imot frå første stund. Lova slår fast at gravide kvinner sjølv kan avgjøre om dei skal ta abort, så lenge det kan skje før utgangen av 12. veke i svangerskapet, og så lenge det ikkje er medisinske grunner som taler mot det. Abortlova vart vedteken den 13. juni 1975 og verka frå 1. januar 1976. Ho har sidan blitt endra fleire gonger. Ein av dei som protesterte mest høglydt, var biskop Per Lønning. I 1975 tok han avskjed i protest mot den nye lova. Symptomatisk for det minkande kyrkjelege engasjementet mot abortlova, var det at Per Lønning igjen vart biskop i åra 1987-94 i Bjørgvin.
Men det var ikkje alle prestar som gav seg. Børre Knudsen vart kjent over heile landet som den fremste mellom antiabort-prestane. I perioden 1979-1983 sette han embetet i Balsfjord inn på å få abortloven dømt grunnlovsstridig. Han vann i første rettsinnstans, men vart frådømt embetet i 1982. Han heldt fram prestegjerninga og abortstriden med økonomisk hjelp frå kyrkjelyden i Balsfjord og andre sympatisørar.
Utover dei første åra på 1990-talet rasa det ein diskusjon i Ulstein om abortspørsmålet, avspegla med mange innlegg i Vikebladet Vestposten. Utgangspunktet var aksjonane til dei såkalla abortprestane Børre Knudsen og Ludvig Nessa. I eit intervju med lokalavisa uttalte sokneprest Atle Hopland at han kunne tenkje seg å invitere Nessa til Ulsteinvik. Det var ein brannfakkel som lokka både abortmotstandarar og tilhengarane av abortlova på banen. Saka sette sterke kjensler i sving. Skyttargravene, dei fastlåste posisjonane og dei hatske utfalla kom rikeleg til uttrykk i avisspaltene og i diskusjonane folk imellom. Dei sterke reaksjonane, ikkje minst mellom folk som hadde eit meir perifert forhold til kyrkja, førte til at det aldri vart nokon Ulsteinvik-tur for Nessa. I staden vart han invitert til å halde tale i pinsekyrkja Sion på Leikong. Der samla han stappfullt hus.
Abortdiskusjonen førte til større medvit om menneskeverd og tanke på kva tid eit menneske blir eit menneske. I april 1990 tok helsesjefen i Ulstein opp dette problemet med soknerådet. Rådet gjekk inn for å legge til rette for ein felles gravplass for dødfødde spedborn.