I desember 1990 vart Ulstein kommune kåra til den beste i landet å bu i. Det var NRK P2 som stod bak kåringa, og kommunen utnytta dette så godt det lét seg gjere i tida som følgde.

Kommunen scora først og fremst på miljø, kultur og trivsel, men også den gode økonomien og dei stabile arbeidsplassane i industrien. Dårleg barnehagedekning og for få legar drog ned: – Vi må ikkje gløyme at dei som har gått før oss, har lagt grunnlaget for denne prisen, og så må vi heller ikkje gløyme at ikkje alle i kommunen har det så bra, kommenterte ordførar Ottar Kaldhol til lokalavisa. Kåringa blei markert i juni året etter.

På bildet ser vi frå venstre: Ottar Kaldhol, Hans Otto Skeide, Bård Vikanes og Turid Folkestad. I høgre bildekant ser vi Einar Grimstad.