Ulstein hadde i 1983/84 vore ein av tre kommunar i Noreg som hadde prøvt ut ordninga med felles helse- og sosialstyre. I juni 1984 var det klart at ordninga hadde fungert så godt at Sosialdepartementet gav grønt lys til endå eit prøveprosjekt i Ulstein og løyvde 116.000 kroner for 1984 til administrativ organisering av helse- og sosialtenesta, ei ordning som departementet meinte kunne ha overføringsverdi til andre kommunar.

Sosialsjef Arthur Grønmyr og helsesjef Torbjørn Måseide heldt kurs for ein seksjon i Sosialdepartementet om det dei hadde prøvd ut i Ulstein: – I staden for at helse- og sosialtenesta blir administrert som ein pyramide med sjefen, eller sjefane, på toppen og mindre og mindre ansvar til lengre ned i pyramiden du kjem, tek vi sikte på ein flat struktur. Kvar yrkesgruppe arbeider mest mogleg sjølvstendig; vi kallar det gruppesentrert leiing. Representantar for faggruppene dannar så ei styringsgruppe som møtest regelmessig, forklarte Grønmyr og Måseide i samtale med Vikebladet.

Tysdag 26. mai 1985 vart vassverket i Eiksund offisielt opna. Dei to arbeidslaga som hadde lagt vassleidninga gjennom Selvågtunnelen, kunne konstatere at alt verka som det skulle då ordførar Asbjørn Flø skrudde opp kranene og let spruten frå Mørkevatnet stå til vêrs på rette sida av tunnelen. No skulle leidninga førast vidare slik at folk i Eiksund kunne knyte seg til vassverket i løpet av 1985. I mai same året hadde Ulstein Vassverk kome så langt at leidninga fram til Varleite var ferdig.

Utover i 1985 merka folk at det var optimisme og vekst i samfunnet. Den såkalla jappetida var på veg, og arbeidsløysa gjekk kraftig ned også lokalt. I Ulstein var det våren 1985 berre 31 ledige, 13 menn og 18 kvinner, ein nedgang på 28 frå februar.

Hausten 1985 vart arbeidet med å setje i stand den gamle handelsstaden på Borgarøya starta. Det første var å byggje ny kai framfor hovudhuset. Med pengar frå fylkesmannen tok kommunen til på hovudhuset. Her skulle det leggast nytt tak, bordkledning målast og hagen setjast i stand.

I desember 1985 fekk Ulstein endeleg kommunevåpen. Det var utkastet med ulvetannsnitt som gjekk av med sigeren. Merket var foreslått av Asbjørn Waage, ein mann med inngåande kjennskap til lokalhistoria. Ulvetannsnittet kan knytast til fleire historiske moment, som Ulf, det første mannsnamnet som er kjent i kommunen, og elva Ulva. Likeeins Ulsteinstranda der den første busetnaden i kommunen var, og som hadde gitt namn til tinglag, skipreide og prestegjeld. Eit anna moment var at dei sju taggane kunne symbolisere dei sju krinsane i kommunen. Blåfargen kunne knytast til havet som hadde vore næringsgrunnlaget for kommunen i alle år, og så himmelen som kvelvde seg over.