Ved skulestart i 1983 kunne dei 27 elevane i Dimna stige inn i den nye skulen i krinsen. Det hadde vore ein lang prosess og mange politiske nappetak, men no stod skulen der med grendehussal og det heile: – Sjølv om dei to lærarane, Karen Aase Dimmen og Torstein Aksnes, ikkje syntest alt var i orden, kunne dei sleppe yre elevar inn i dei to klasseromma som også hadde eit bibliotekrom imellom.
I grendehusfløyen var der to romslege aktivitetsrom og gymnastikksal med garderobar. Elevtalet i Dimna var stabilt, og grensa for tredelt skule låg no på 30 elevar. Fredag 3. februar 1984 vart Dimna skule og grendehus innvigd med ein munter festkveld. Då var det ni år sidan folket og kommunen tok til å planlegge ny skule i krinsen. Bygdefolket hadde ytt ein stor dugnadsinnsats, skreiv Vikebladet. Men berre vel ti år seinare var løpet køyrt for skulen i Dimna.
Ulstein kommunale Elverk kunne ta i bruk to nye bygg hausten 1983. Eit nytt lagerbygg stod klart i Saunesmarka, og den gamle transformatorkiosken ved Flòtane på Saunes vart erstatta med ein ny og mange gonger større bygning. Bygget i Saunesmarka skulle erstatte både lageret og verkstaden i Krushammaren og opphaldsromma til utearbeidarane i det gamle elverksbygget i sentrum. Det nye bygget inneheldt også garderobe og møterom. I samtale med lokalavisa lovde elverksjef Skotheim at alle kabeltromlane som til no hadde lege ute her og der i bygda, skulle samlast under tak i Saunesmarka. Elverket hadde kjøpt fem mål av industriområdet i Saunesmarka, slik at dei hadde rom for utviding.