Ulstein kommune hadde eit skrikande behov for barnehageplassar då den kommunale Skollebakken barnehage opna dørene i oktober 1984.

Her var det ei avdeling med åtte plassar for born under tre år, det første tilbodet til så små born på Hareidlandet. Så hadde barnehagen ei avdeling frå 3 til 7 år med plass til 18 born. Med dette hadde kommunen fått to barnehagar, den private Tryggheim og Skollebakken. Men behovet var langt frå dekt.

Då plassmangelen ved Ulstein ungdomsskule tok til å bli prekær i 1982, inviterte skulen formannskapet til å observere tilhøva. Resultatet vart pengar til utviding på budsjettet for 1983. I starten av desember 1984 var politikarane igjen på plass, no for å markere det nye tilbygget. Det hadde kosta vel 2,7 millionar kroner og gitt 500 fleire kvadratmeter. Dei store årskulla kom i 1982 med ein auke på meir enn 50 elevar, og med ytterlegare auke året etter.