Søndag 18. april 1982 kunne Stormfuglen feire 70-årsjubileum, kvinneforeininga til Den Ytre Sjømannsmisjonen på Flø. Laget vart skipa i 1912, og jubileumsfesten vart halden på samlingshuset Vonheim. Leiar i foreininga var Signy Eidem Flø.
Heile 80 års barnearbeid i teneste for misjonen, det var det barneforeininga Liv i Hasund kunne skilte med hausten 1982, ei av dei aller eldste i sitt slag på Sunnmøre. Søndag 31. oktober kunne den livskraftige foreininga høgtide 80-årsjubileet. Barneforeininga talde no 50 aktive frå sju år og oppover. Der var tre avdelingar for jenter, inndelt etter alder, og ein guteklubb. Møta heldt dei i heimane. På jubileumsfesten på Sundgot bedehus var salen fullsett av born og foreldre. Ei av dei eldste jentene, Linda Hasund, opna festen, og nokre av dei yngste hadde eit innslag der dei gjekk rundt i salen og tende lysa på borda – etter at dei hadde sunge og lese mellom anna misjonsbodet. Karin Ertesvåg skreiv referatet frå festen i Vikebladet.
Barneforeininga Ljosglimt i Haddal feira 80-årsjubileum i 1983. Like etter hundreårsskiftet tok arbeidet med barneforeiningar til også på våre kantar. Onsdag 12. januar var det jubileumsfest i Haddal. Alfhild Haddal gav eit historisk tilbakeblikk over dei 80 åra. Ho peikte mellom andre på Sølvi Myrene som kom med i arbeidet i 1960 og hadde vore med sidan, og stod med nokre avbrot som leiar i jubileumsåret saman med Rannveig Myrene.
Søndag 17. februar 1980 var det festgudsteneste og stor kyrkjelydsfest, noko som hadde blitt tradisjon dei siste åra. Heile 400 møtte fram til gudstenesta i kyrkja søndag kveld. Etterpå var det årsmøte og fest på Sunnmøre Folkehøgskule. Arild Myklebust leia samkoma, medan soknerådsformann Konrad Myrene la fram årsmeldinga. Ordninga med utdelinga av Mi kyrkjebok det året barnet fyller fire år, var blitt eit fast innslag i kyrkjeåret, medan 11-åringane fekk utdelt Det nye testamentet. I årsmeldinga frå soknet blir det også poengtert at lærarane som vanleg hadde stått for kristendomsundervisninga, og kateketen hadde følgt opp med vitjing i klassene. Konfirmantane var pålagde to helgar til Kjeldsund leirstad, åtte gudstenester og fem-seks gruppesamvær i til saman 14 heimar. Den nye organisten, Leif Sundsbø, var no inne i sitt andre år i Ulstein. Han hadde kome i gang med barnekor med 40 medlemer og øvingar to gonger i veka; også 20 aspirantar øvde fast. I tillegg dirigerer han kyrkjekoret, som han sjølv har starta i 1980.
I årsmeldinga frå 1982 kan vi lese at fleire går til kyrkje i Ulstein. Kollektane ligg på topp i bispedømmet, og gjennomsnittet er 250 kyrkjegjengarar per gudsteneste, medan snittet for Møre bispedømme er på 114: – Vi held til i den delen av bispedømmet der det tradisjonelt er eit sterkt kyrkje- og kristenmiljø. Kyrkjesøkinga speglar eit aktivt kristent organisasjonsliv, meiner presten som minner om at bygda har heile 36 foreiningar for ytre misjon og 26 foreiningar for indre misjon. – Vi som arbeider i kyrkja, ser det som ekstra gledeleg at mange unge familiar kjem til kyrkje, sa den nye soknepresten, Atle Hopland, under årsmøtesamlinga på Fredheim i 1983.
Kyrkja og kristendommen viser altså framleis styrke i Ulstein i det vi går inn i 1980-åra. Men medan Den norske kyrkja nokre tiår tidlegare var heilt einerådande i kommunen og hadde så godt som 100 prosent av folket som medlemer, ser vi tendensar til ei endring. Framleis er over 95 prosent av folket i prestegjeldet statskyrkjemedlemer, men ein del personar er no med i trussamfunn utanfor kyrkja. I tillegg har vi dei som ikkje har noka tilknyting i det heile. Så får kommunen gradvis eit innslag av flyktningar og innvandrarar – og etter kvart også ein del arbeidsinnvandring, folk som høyrer til både andre kyrkjesamfunn og andre religionar – som muslimar og hinduar.
Ei slik endring var det då Filadelfia Ulsteinvik vart ein sjølvstendig kyrkjelyd i 1978, tilslutta pinserørsla i Noreg. Den første tida heldt den vesle flokken til i heimen til Ingrid og Ole Rørstad. Frå hausten 1978 fekk Filadelfia leige eit klasserom på Bjørndals Minne, og dette fungerte som møtelokale fram til våren 1981. Då vart forretningsbygget Fløtun i Bjørndalsvegen 19 til sals; Filadelfia fekk tilslaget, og etter mykje dugnadsarbeid var det nye gudshuset klart til bruk til jul i 1981 – og innvigd i mars 1982.
Det vesle huset med lyskors på ytterveggen fungerte godt i mange år, men etterkvart som Filadelfia fekk fleire medlemer, og besøkstala auka, måtte kyrkjelyden sjå seg om etter andre løysingar. Målet er å bygge sitt eige lokale i Ulsteinvik, men i mellomtida har dei pussa opp dei tidlegare butikklokala i Sjøgata 45, der Filadelfia no leiger både 1. og 2. etasje. Lokala vart innvigde i august 2017. I første etasje har dei storsalen der gudstenestene går føre seg. I tillegg er der kafé, kjøkken, lobby og toalett. I andre etasje er det mange fleirbruksrom, og i hovudsak har kyrkjelyden barne- og ungdomsarbeidet sitt der. I Filadelfia sine gamle lokale i Bjørndalsvegen 19 etablerte bruktklebutikken Sarepta seg, men han vart råka av brann, og er no starta opp att.
I Ulstein var det på slutten av 1980-talet elles 10 aktive medlemer i Jehovas Vitne.
På siste del av 1970-talet eksisterte det alt eit ungdomskor i Ulstein, som mellom anna tok del på Vintertreffet i Volda i 1978. Men no skulle ytterlegare eit tiltak sette meir fart i det kristne ungdomsarbeidet. Nokre eldsjeler gjekk saman for å starte det som skulle bli eit tensing-kor i bygda. Den 7. april 1978 møttest 47 ungdommar til skipingsmøte og med Kristen Ulstein som møteleiar og referent. Koret var i første omgang ei gruppe lagt til Gnisten ungdomsklubb, og ikkje innmeldt i Noregs KFUK/M som eige tensing-kor. Men etter ei kort stund vart koret ei sjølvstendig eining, fekk namnet Profil og hadde øvingane sine på Fredheim. Aldersgrensa for å bli med var 7. klasse, det som i dag er 8. klasse og første året på ungdomsskulen. Solveig Myrene vart vald til den første leiaren i koret, og Kari Eide vart den første dirigenten. Songutvalet hadde eit moderne uttrykk og var påverka av impulsar frå Jesusrørsla, fortel Magne Grimstad jr. i artikkelen Ulstein Tensing 40 år i Levd liv 2018.