Då Ulstein Sanitetsforeining samlast til årsmøte på Sundgot bedehus i februar 1980, hadde medlemstalet kome opp i 2051. Det var sanitetskvinnene i Hasund som stod for det praktiske opplegget, og dei kunne ønskje deltakarar frå heile kommunen velkomne til eit festpynta lokale, i alt over hundre aktive sanitetskvinner. Gyda Breivik ønskte velkomen, Karin Ertesvåg talte, Liv Ertesvåg las dikt og Kristian Ertesvåg hadde to songavdelingar til tonefølgje på piano av Sverre Ottesen. Marie Breivik var leiar for Ulstein Sanitetsforeining.

Vinteren 1984 samla Ulstein Sanitetsforeining seg til årsmøte i Eiksund samlingshus, og årsmeldinga vitna om høg aktivitet. Dei om lag 100 aktive i laget dreiv eldresenter, varmbad, eldretrim og var engasjerte i narkotikaproblem, for å nemne nokre av aktivitetane. Jorun Waage, som hadde vore leiar, gav no klubba vidare til Inger G. Ulstein. Ho kunne gle seg over eit samla medlemstal på heile 2500.

Hasund og Dimnøy skulekorps runda 10 år vinteren 1980. Korpset baud inn til stor fest på Ulstein samfunnshus. Det var ein lærar som nyleg hadde kome til krinsen, Ottar Grasvik, som tok på seg aspirantopplæringa, og frå starten av kom det med 47 born. Alt til 17. mai i 1970 kunne korpset ta del i markeringa. Korpset hadde hatt mange oppgåver opp gjennom dei ti åra, mellom anna hadde det blitt tradisjon at korpset spelte når Kleven hadde skipsdåpar. I 1974 vart Asbjørn Kleven dirigent for korpset som i 1980 talde 74 musikarar medrekna aspirantane.

Haddal skulekorps markerte våren 1980 femårsjubileum. Odd Rindalsholt var framleis dirigent. Det var i desember 1974 at startskotet small, og då øvingane kom i gang eit par månader seinare, talde korpset 23 medlemer. Det var stor stas då bygda fekk sitt eige korps i 17. mai-toget. I 1980 talte korpset 37 musikantar.

Då korpset runda 10 år i april 1985, var det ingen tvil om at musikantane hadde spelt ei viktig rolle i kretsen. Dirigent var framleis Odd Rindalsholt, og tre av medlemene i korpset hadde vore med heile tida. No talde korpset 39 medlemer. Då korpset starta øvingane vinteren 1975, var det ikkje noko musikkmiljø i bygda, og sjølv om bygda hadde kor, var starten på korpset eit pionerarbeid. Til jul 1976 fekk korpset uniformer.

Hasund og Dimnøy ungdomsmusikk runda 60 år våren 1980. Dei markerte jubileet med konsert og fest på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik. Ottar Grasvik var dirigent for korpset i jubileumsåret.

Ulsteinvik skulekorps kunne i mars dette året markere 30-årsjubileum. Korpset starta som gutemusikk, men hadde skifta namn og talde no 52 musikarar og 33 aspirantar, gutar og jenter. I tillegg talde drillkorpset 22 jenter. Dirigent var Terje Eiken.

– Hjelp oss med drifta, Ulstein kommune. Vi har fine lokale og nok plass, bad Bjørn Overvåg i eit intervju med lokalavisa i mars 1980. Han hadde lagt ned eit stort arbeid mellom ungdommen i Ulstein, no fortalde han at dei sjølve ikkje makta å halde oppe aktiviteten i Ungdomssenteret på Saunes, i alle fall ikkje slik som ønskjeleg. Med ein ungdomsleiar i halv stilling ville dei kome langt, signaliserte Overvåg. Motorsenteret eller Ungdomssenteret som det no heitte, heldt til i ei sjøbu på Saunes, og Overvåg var ein av leiarane. Senteret hadde mange aktivitetar, mellom anna miniracingbane, bordtennis, og fotoklubben heldt til der, og målet var å aktivisere ungdom med positive tiltak i dei vanskelege pubertetsåra; eit alternativ til Haldeplassen i Ulsteinvik.

I samband med opninga av messa Ulsteindagane i april 1980 skipa blandakoret Con Moto til ein stor bygdekveld på samfunnshuset. Ulsteindagane skulle bli eit årvisst arrangement. Arrangørane rekna med at kring 20.000 menneske var innom arrangementet i 1980. Det var Ulstein og Hareid Jaycees som var hovudarrangør for Ulsteindagane, det til då største arrangementet som nokon frivillig organisasjon hadde teke på seg i området. Tiltaket varte i ni dagar til ende.

Blandakoret Con Moto samla fullt Ulstein samfunnshus då koret arrangerte Gode gamle dagar i november 1982. Arrangementet var eit revyprega song-show og hausta stor applaus og mykje latter. Dirigent var Svein Eiksund og gjestedirigent Oddvar Eiksund – som hadde starta koret nokre år tidlegare.

Con Moto klarte det igjen, skreiv Vikebladet i november 1983. Koret som no var fem år, samla fullt Ulstein samfunnshus saman med Ulstein Storband. Vikebladet fortel om eit allsidig, variert og underhaldande program, med revyprega gjøgling, song og musikk, og publikum kvitterte med trampeklapp.