Frå skrivepunktet er det 30 år sidan no: Ut av det aktive og kreative KFUM/K-miljøet i Ulsteinvik voks det på 1980-talet fram ein gjeng ungdommar med entusiasme, pågangsmot og evne til å tenkje stort. Dei hadde trua si i botnen, brann for song og musikk og gjekk gjerne i forbøn for konsertprosjekt som meir sindige folk i lokalmiljøet såg på som hasardiøse. Eitt av mange høgdepunkt var då den unge Sissel Kyrkjebø samla 1700 i Ulsteinhallen i november 1986.
Overskotet på 60.000 kroner frå konserten gjekk til eit prosjekt i Kirkens Nødhjelp. Dersom arrangørane hadde kassert inn overskotet, ville gjeldssorgene deira ha fordampa som dogg i sola. Det var eit eventyr. Kanskje kan dei berømte orda til Apple-gründeren Steve Jobs, «stay hungry, stay foolish», vise fargen på den energien som fanst hos denne gjengen; naive, ja vel, innimellom hasardiøse på kanten av stupet, men den skapande kreativiteten skal vi ikkje kimse av, sjølv no når vi ser det heile i etterpåklokskapens lys.
Impresarioselskapet Sponders – ein periode Sponders Booking – vart i løpet av kort tid eit omgrep i Ulsteinvik og omland. Det heile starta med ei gruppe som dreiv med sketsjar i KFUM/K-miljøet på forsamlingshuset Fredheim i Ulsteinvik. Namnet «Sponders» kom ein av medlemmene på då han såg varedeklarasjonen på ei brusflaske: – Vi likte klangen i namnet og syntest det passa til oss, fortel Åge Grimstad, sjølve frontfiguren i Sponders gjennom heile perioden. Med seg i styret i startfasen hadde han Runar Lunde (d. 2013), Hans Olav Vattøy og tvillingbroren Magne Grimstad jr.
Men Sponders fekk arrangere berre ein konsert under KFUM-paraplyen. Då kvartetten retta blikket mot internasjonale stjerner, syntest det lokale styret at det heile var i ferd med å lyfte seg fleire hakk utover det eit KFUM/K-lag kunne drive med og garantere for.
– Det hadde direkte samanheng med at vi ville invitere den amerikanske supergruppa Koinonia til Sunnmøre. Vi var så musikkinteresserte at vi kjende alle namna. Vi studerte platecovera, og visste kven som spelte kva, fortel Åge. Dei kjende naturlegvis godt til folk som den dyktige trommeslagaren Bill Maxwell og superbassisten Abraham Laboriel, som vart frontfigurar i det Los Angeles-baserte kristne jazzbandet i 1982. Supergruppa kom til Sunnmøre, og Sponders var vertskap for konsert i Fagerliaulaen i 1983. Seinare arrangerte Sponders-gjengen konsertar med Koinonia i Fagerlihallen i 1986 og Sulahallen i 1988.
Sponders ekspanderte etter kvart som organisasjon – og fekk forgreiningar fleire stader rundt om på Sunnmøre. Snart var 25-30 personar knytte til organisasjonen. Ungdommane drog kjende artistar på rekke og rad til Sunnmøre. Den kanskje best «tima» konserten var då den framstormande Sissel Kyrkjebø song i Ulsteinhallen 8. november 1986. Konsertkvelden var det «damenes aften» i Ulsteinhallen. Publikum strøymde til. Det var lang kø ved inngangen lenge før konserten starta. Dei betalte berre 50 kroner billetten. Jan Åge Fjørtoft var kveldens konferansier, scenevand då som no. Den lovande lokale artisten Mari Ann Vattøy varma opp, før ei 21 år gammal Grethe Svensen entra scena. Så var det Sissel Kyrkjebø; ho tok naturlegvis publikum med storm.
Det er mangt som kunne ha vore skrive i soga om Sponders. Vågemot mangla karane definitivt ikkje. Då det viste seg at scena til den eine Koinonia-konserten ikkje kom i tide, bestemte dei unge arrangørane seg for å byggje scene sjølve. Totalt utan tømrarerfaring som dei var, spikra dei saman ei 120 kvadratmeter stor og halvannan meter høg scene. Forsikring hadde dei ikkje. Scena vart frakta til Fagerlihallen og rigga opp. Då bandet drog i gang Up with the people, svaia scena som eit skip i havsnaud. Gutane måtte rykke fram og stive av podiet så godt det lét seg gjere. Og i hamn kom dei.
Om vi tek ein titt på konsertlista til Sponders, er det vanskeleg å ikkje la seg imponere. Her er nokre av namna: Noiz, Dieter Falk, Terje Tysland, PeOBand, Koinonia, Randy Crawford, Sissel Kyrkjebø, Kim Larsen, Mezzoforte, Petra, Bjørn Eidsvåg, Trygve Hoff, Jahn Teigen, Dance With a Stranger, Tomboy, Lava, Sigvart Dagsland, Up With the People, Skeeter Davis, Solveig Leithaug, Jerusalem, Per Erik Hallin, Charlotte Haglund, Åge Aleksandersen.