Samtidig er kloakken i Ulstein ei viktig sak. Så seint som i 1981 rann det ut fire kloakkleidningar i hamnebassenget i Ulsteinvik. Det betydde at kommunen opererte med eit kloakksystem som ikkje var lovleg.
Hovudkloakken gjennom Holsekerdalen, der Saunesmarka og det nye byggefeltet i Varleitet var med, rann ut i hamnebassenget. Det same gjorde kloakken som kom frå Vikebakkane, Låna og skuleområdet – og kloakken frå Bugarden, Legene og rådhuset – og kloakken frå Krushammaren, Reiten med folkehøgskulen og Brunene. I tillegg kom det ut to kloakkar på utsida av Osnes, ein på Osnessanden og ein på Vollesanden.
Det var mange år sidan kommunen lanserte planar om ein hovudkloakk som skulle ta unna all kloakk frå øvre del av Ulsteinvik og leie han ut til Halsen/Skeide og vidare ut på djupt vatn. Men mykje kloakk hadde runne i sjøen sidan den tid. I den seinare tida hadde det blitt teke prøver av elvane i Ulsteinvik, Sauneselva, Vikeelva og Gjerdeelva. Prøvene viste aukande mengder kolibakteriar og fortalde om forureining som kom frå menneske. Etter lova skulle Ulstein ha søkt fylkesmannen om konsesjon for kloakksystemet sitt, men så langt hadde ikkje det blitt gjort; såleis var situasjonen i Ulsteinvik ikkje haldbar. Men det skulle gå endå mange år før det kom på plass ei betre ordning.