Statistikken viste at det sorterte 221 kyr under Ulstein kontrollag i 1981. Dei fleste av desse fann vi på Flø, og åtte av dei ti beste kyrne høyrde heime her. Men den alle beste kua tilhøyrde Elias Garshol i Dimnasund. Nina, som ho heitte, mjølka 9487 kilo i 1981. På andreplass kom Raia (Asbjørn Flø) med 9432 kilo.
Vegane fram til nydyrkingsfelta ved Brørevatnet og i Roppemarka stod ferdige hausten 1982. Vegen gjekk opp på Midtflø og delte seg så i to etter vel ein kilometer, den eine til feltet som Roppen beite- og fôrdyrkingslag disponerte, medan Midtflø beitelag skulle dyrke ved Brørevatnet.
Talet på fiskarar i Ulstein og Hareid hadde minka sterkt, frå 586 i 1960 til 224 i 1976. Men i 1980 meinte fiskerirettleiar Jan-Petter Mork at reduksjonen hadde stoppa opp. I regionen sett under eitt var det snurpefisket etter lodde, makrell og brisling som dominerte, og talet på yngre fiskarar auka i regionen. Ulstein hadde i 1979 28 sjarkar mellom 20 og 50 fot, to bankfiskebåtar mellom 50 og 100 fot og berre eitt fiskefartøy over 100 fot. Dette året var det i alt registrert 57 fiskefartøy i Ulstein. No hadde ikkje Ulstein eit einaste fiskemottak. Ulstein Fryseri, som tidlegare tok imot fisk frå sjarkane, vart midt på 1970-talet selt til Odim. Dette gjorde situasjonen vanskeleg for sjarkfiskarane.
I februar 1980 vart sjølve flaggskipet i fiskeflåten i Ulstein, Sjannøy, seld til Austevoll. Ulstein hadde i si tid ein bra stor fiskeflåte med havgåande båtar. Men etter kvart som industrien voks fram i bygda, skrumpa det inn både med dei gamle dampskipa og dei større motorbåtane. I tillegg hadde kvotereguleringa kome til og gjort det vanskelegare å drive det lønnsamt med dyre skip.
Hausten 1982 hadde 14 båtar slutta seg til line-egnesentralen i Skjervøybuda på Saunes. Det var lenge uvisst kva som ville skje med bua, men i 1980 kjøpte Knut Strand eigedommen og tok over Skjervøy service- og egnesentral. Anlegget vart godkjent av Fiskeridirektoratet same våren; då hadde fleire fiskarar alt drive med egning på eigedommen ei tid. I mai 1980 hadde ti båtar knytt seg til tiltaket, to og eit halvt år seinare hadde talet altså vakse til 14.
Det største sjøpakkhuset i Ulstein, det som i lang tid attende hadde blitt kalla Teigenebuda, gjekk opp i flammar i slutten av april 1980. Det var 18 brannmenn frå Ålesund som stod for nedbrenninga. Trass i svære dimensjonar på berande støtter og bjelkelag var det meste av bua oske i løpet av fire timar. Sjølve hovudbygget var på fem etasjar med ei grunnflate på 450 kvadratmeter og med eit stort tilbygg på baksida.
Det var fiskebåtreiar Johan Ottesen som førte opp bygget i 1917. I Ottavika stod frå før den litt større Ulfbuda og dei såkalla Raudebudene, tre i talet, pluss trandamperi og korgahus (bakeri). Dei tre fiskedampskipa Ulf, Øyulf og Just hadde sin faste stasjon her, og elles låg fleire motorbåtlag til fiske i Ottavika på vinterstid. Bua som no brann ned, vart kalla Nyebuda eller Storebuda utover til kring 1930, då ho vart seld til Hareid-firmaet Ole J. Teigene & Sønner. Frå no av vart ho heitande Teigenebuda. Seinare vart Martin Karlsen AS i Brandal eigar, som igjen selde henne til Ulstein Hatlø.
I si tid var det ei livleg verksemd både på denne bua og elles i Ottavika med salting av sild, ising og salting av fisk, trandamping og anna. På Storebuda var det dei siste store sildeåra på 1950-talet lagra mykje sildemjøl frå Gerhard Voldnes, og ute på planen vart det lagra store mengder med råstoff for sildoljefabrikkane. I Ottavika ser det no stusseleg ut nede ved sjøen mot slik det var i si tid. Berre Lisjebuda, ei av dei tre Raudebudene, og eit mindre våningshus, Arbeidarstova, står att, skreiv Vikebladet i mai 1980.