I 1978 deltek ordførarane frå dei fire kommunane på Ytre Søre Sunnmøre på ei samling i Loen. Dei fire er Einar Holm (Hareid), John Gjerde (Sande), Einar Leinebø (Herøy) og Olav B. Urke (Ulstein). Eit avisoppslag etter møtet skulle kome til å resultere i ein disputt mellom ordførarane i nabokommunane Hareid og Ulstein.
Det er i Sunnmørsposten det heile startar. Saman med eit bilete av fire blide ordførarar slår avisa fast: «Hotell i kvar kommune framfor storhotell»: – Det rår full semje mellom ordførarane i Hareid, Sande, Herøy og Ulstein om at kvar kommune må få dekt sin trong for hotell i høve til folketal og aktivitetar. Vi kan seie at dette er ei linje som blir motvekta til tanken om eit storhotell for heile området, forklarte Einar Holm til Sunnmørsposten, før han la til: – Vi meiner at eit storhotell ikkje kan dekke den lokale trongen.
Holm er tydelegvis hovudkjelde for artikkelen – som informerer lesarane om at dei fire ordførarane er samde om at det bør kome hotellfunksjonar i alle fire kommunane. Hareid har alt sendt søknad til DU (Distriktsutbyggingsfondet), ein søknad som byggjer på prognosar for behovet lokalt. Avisa fortel også om planar i dei andre kommunane.
Men anten har ikkje ordførarane vore så samde som det kunne sjå ut, eller like sannsynleg: Ulsteinordføraren har fått reaksjonar på oppslaget frå folk med hotellinteresser i Ulsteinvik. I alle fall fann Olav B. Urke det nødvendig å rykke ut med eit innlegg i Sunnmørsposten for å slå fast at han ikkje hadde meiningar om hotellsaka. Samtidig opplyser han at han ikkje var til stades då hotellspørsmålet vart lufta med avisa.
Einar Holm reagerer på utspelet frå Urke med å skrive eit svar i Sunnmørsposten nokre dagar seinare. Her fortel han at det var to saker ordførarane drøfta under møtet i Loen: Hurtigrutestopp i Torvik (Herøy) og hotellbygging på Ytre Søre Sunnmøre: – Alle fire ordførarane møtte pressa etter møtet. Ordførar Leinebø refererte til Sunnmørsposten vår konklusjon når det gjaldt hurtigruta, og innleia til journalisten i saka om hotell. Det er rett at ordførar Urke då forlét oss andre, men det var ingen tvil om at det var opna for offentleggjering av samtalen vår om hotellsaka. Underskrivne refererte så vår konklusjon når det gjaldt ordførarane sitt syn på hotellutbygginga. Eg reknar med at Leinebø og Gjerde hadde kome med korrigeringar dersom det var noko gale i referatet. Det har dei ikkje gjort. At Urke i dag ikkje vil stå ved det, gjer meg faktisk både såra og vonbroten, skreiv hareidsordføraren – som stilte spørsmål om også andre kommunar sitt hotellbehov skulle dekkast i Ulstein.
Så fører han resonnementet vidare: – At Ulstein finn å ville legge sitt hotell utanom sentrum, kunne sjølvsagt ha vore interessant å kommentere, men eg finn det ikkje rett å blande meg bort i den debatten. Når Urke nemner at hotell i Ulstein er ei privatsak, må eg seie meg heilt usamd. Eit hotell er inga privatsak. Det skal tene viktige funksjonar i eit lokalsamfunn. At privatpersonar kan bygge og drive eit hotell, er ei anna sak.
Eit anna spørsmål låg og ulma under hotelloverflata: Spørsmålet om skjenkeløyve. Det fanst ingen skjenkeløyve i Ulstein og Hareid i 1978, og det ville bli ein tøff politisk kamp å få eit kommunestyrefleirtal med på det. Samtidig hadde konsulentrapporten slege fast at det kunne byggast eit drivverdig storhotell i Ulstein – som skulle dekke behovet i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande. Føresetnaden var at hotellet kunne servere alkohol. Interimsstyreleiar Otto Liavåg i Hareid Hotell var krass i si vurdering av eit slikt prosjekt: – Eit samlehotell på Eidet vil bli eit typisk weekend-hotell, eller for å seie det litt krast: brennevinshotell!
Det Liavåg vidare seier til Vestposten, dempar ikkje akkurat rivaliseringa om hotellplanane: – Det er tydeleg at konsulentane har vurdert Ulstein og Hareid ulikt ettersom ordføraren i Ulstein har gitt tilkjenne at det vil bli ordna med skjenkeløyve for eit storhotell i Ulstein. Samstundes har ordførar Holm i Hareid sagt at dei her ikkje kan gi noka som helst tilsegn om skjenkeløyve. Brennevinet kan dermed kome til å avgjere kven som får støtte frå DU, basunerte Liavåg.
Det var fleire som hadde oppfatta det slik, kanskje også konsulenten som arbeidde med hotellrapporten, at ordførar Urke langt på veg hadde gitt garanti for at hotellet i Varleite ville få skjenkeløyve. For ein KrF-ordførar var dette inga enkel sak å få reist mot seg. Reaksjonen kom då også prompte. I første utgåve av Vestposten etter intervjuet med Liavåg rykkjer verftseigar John M. Kleven og hotellmannen Hallbjørn Ulstein ut med eit lesarinnlegg til forsvar for Urke: – Underskrivne, som begge har vore til stades på alle møta med ordførar Olav B. Urke, der hotellsaka i Ulstein har vore drøfta, vitnar med dette at ordførar Urke aldri, verken i skrift eller tale, har uttalt seg for – eller imot – skjenkerett for det planlagde hotellet. I samtalane med ordføraren har det berre vore drøfta forhold omkring tomt, tekniske anlegg, tilkomstvegar og liknande, samt behovet for eit større hotell i Ulstein.
Ulstein Hotell AS sender så eit brev til Ulstein kommunestyre og ber om at dei sløyfer omgrepet «hotellets gjester» når det gjeld den vidare behandlinga av spørsmålet om skjenkeløyve. Hotellet ønskjer at alle som vil, kan kome innom og bli skjenkte. Ei avgrensing i form av eteplikt vil føre med seg tydelege konsekvensar for drifta. Eit hotell i den storleik treng alle dei konkurransefaktorar som andre hotell i same kategori har, for å kunne drive økonomisk forsvarleg, heiter det i brevet.
I starten på november 1981 var det klart at det nye hotellet i Ulsteinvik ville bli utstyrt med skjenkerett. Det var Sosialdepartementet som gav skjenkeløyve til turisthotell. Då hadde eit fleirtal i Ulstein kommunestyre gått inn for skjenkeløyve. Protestmobiliseringa frå mellom andre distriktslosjen hadde ikkje ført fram. I Hareid hadde saka om skjenkeløyve enno ikkje vore oppe i kommunale organ. Men handlingsrommet hadde minka.
Eit intermesso om sal av øl fortel ein del om det tidlege 1980-talet i Ulstein og Hareid. Saka starta med at ein gjeng aktivistar i Ulstein hadde samla underskrifter for å få i stand ei folkerøysting om sal av øl i butikkane i kommunen. Saka blir heftig debattert utover i 1981. I mai arrangerer Ulstein og Hareid Unge Venstre og Senterungdommen i Herøy og Sande debattmøte om saka i Ulstein rådhus. Mange ungdommar uttalar seg positivt, medan politikarar og vaksne elles er skeptiske.
I august gjekk ulsteiningane til folkerøysting i ølsaka. Heile 70 prosent røysta nei. Dermed var saka avgjord for denne gong.
I april 1982 opnar nye Ulstein Hotell i Varleite; ein ruvande bygning med 68 gjesterom, turisthotellstatus, fine fasilitetar for konsertar og uteliv og skjenkeløyve i alle variantar. At hotellet vil bli ein lei konkurrent til det langt mindre som reiser seg på den andre sida av Eidet, er heva over tvil. Sjølv om dei to hotella kanskje også vil samarbeide om store arrangement, vil dei måtte vegetere på mykje av det same klientellet: forretningsfolk, kursverksemd, turistar – og ikkje minst det lokale publikum. Då direktør Steinar Sivertsen Kulen ønskjer folk velkomne og fyller dei første glasa til smilande gjester, har Hareid Hotell ikkje ein gong fått hotelløyve, og langt mindre skjenkeløyve.
Hareid Hotell gjekk nokså raskt konkurs, og måtte igjennom fleire slike. I løpet av 1984 vart det også klart at nye Ulstein Hotell var i djup trøbbel og hamna i skifteretten, men unngjekk etter lange tingingar å bli konkursbu. Bustyret for konkursen til Hareid Hotell konkluderte med at det låg feilaktige vurderingar til grunn når ein bygde to større hotell med mindre enn 10 kilometers avstand. Ein del av dette kom av det bustyret kalla prestisjemessig konkurranseforhold mellom dei to kommunane. Alt frå starten av burde resultatet vere openlyst, også for kreditorane.
Dei to hotellprosjekta hadde ved inngangen til 1985 samla gitt 20 millionar kroner i tap. Det var mykje pengar den gongen. Hotellet på Hareid kunne ikkje dekke 4,7 millionar kroner, medan mankoen i Ulstein kom opp i heile 12-15 millionar. Desse pengane vart skrivne av som tap, og hotellet i Varleite heldt fram utan konkurs. Kapitalkreftene i industrien i bygda såg seg tente med å berge hotellet.
Men for Hareid heldt plagene fram. Alt i juli 1985 var kom den andre konkursen på to år. Dei unge drivarane leverte buet til skifteretten. Kravet på buet ved skifterettssamlinga nærma seg 2,2 millionar kroner. Store kreditorar var mellom andre Skattefuten i Møre og Romsdal med 200.000 kroner og Hareid kommune med 400.000 kroner.