Café Viking opna i nye lokale i gamle Ulstein Hotell i mai 1982. Då hadde kaféen hatt ein pause i og med ombygginga av hotellet. Ulsteinvik sentrum hadde no berre denne kaféen med 60 sitjeplassar i tillegg til fire bord for ikkje-røykjarar i eit lite avlukke. Ingebjørg Ulstein var kokk, medan av Marit Ulstein stod for serveringa saman med Randi Mork og Anny Dimmen. Alt i det gamle Ulstein Hotell vart leigt ut. I mai 1982 var der fire forretningar og kafé på plass.
Fotograf Per Eide etablerte seg med studio i det som før var Central Hospits i Ulsteinvik. Sidan han kom att frå England, hadde Eide farta land og strand på jakt etter motiv frå Sunnmøre. Men no var frilans-tilværet over, og Eide hadde starta studio for innandørsfotografering.
Sommaren 1982 vart det klart at Ulstein kommune ville kjøpe Mylna på Saunes. Tilflòtsretten var eit viktig argument. Det var Møre Felleskjøp som åtte bygget og hadde nytta det til lager. Hovudbygget vart oppført i 1948 og lagerskuret i 1952.
Gunvor og Dagfinn Dragsund kunne sjå tilbake på 15 år i radio- og TV-bransjen då dei flytta Radioservice inn i eige bygg hausten 1982. I desse åra hadde dei vore vitne til ei rivande utvikling i faget sitt. Det kom stadig nytt på marknaden, ikkje minst innan høgtalarar og musikkanlegg. I oktober 1982 var Radioservice på plass i nyelokala. Butikken heldt til i same bygget som konsulentfirmaet til Bård Vikanes i Ulsteinvik, men Dragsund åtte den første etasjen der butikken heldt til.
«Leiv Dimmen AS med ny butikk i gamle lokale», var overskrifta til Vikebladet då avisa hadde reportasje frå nyopninga hausten 1982. Leiv Dimmen starta med installasjon i 1954. I 1956 tilsette han den første medarbeidaren, og to år seinare opna han butikk. Så bygde han eit treetasjes hus midt i Ulsteinvik sentrum i 1968, og det var 1. og 2. etasje av dette huset som var ominnreidde til to separate, moderne forretningar. I første etasje var det lys, lampar og mindre elektriske artiklar, i andre kvitevarer, frys, kjøl og komfyrar. I det gamle huset til selskapet, der Radioservice AS no hadde flytta frå, skulle det vere lager for installasjonsarbeidet. Bedrifta hadde 16 tilsette, fire i forretninga, ein kontormedarbeidar og 11 installatørar. Etter at Leiv Dimmen døydde, dreiv kona Eli Dimmen forretninga saman med dottera Åse.
I september 1982 starta ei ny forretning for kjøkken og bad i Ulsteinvik. I forretningsbygget til Johs. Strand i Ulsteinvik hadde Svein Roppen innreidd eit lokale på 35 kvadratmeter i det tidlegare lokalet til Vesta Hygea, til det lokalavisa kalla eit utstillingslokale for kjøkkeninnreiingar og baderomsutstyr. Roppen starta sitt eige rørleggarfirma i 1978, og behovet for ein stad der kundane kunne sjå kva han hadde å by fram, gjorde at han no starta forretning i tillegg. Den første tida var butikken open berre nokre timar i veka. Seinare veit vi at Roppen har drive stor forretning på heiltid i tillegg til rørleggarfirma med fleire tilsette.
Ei ny blomsterforretning såg dagens lys i Ulsteinvik i september 1982. Forretninga hadde fått namnet Oasen og opna i dei tidlegare lokala til Sundgot & Son. Det var Anny Fjørtoft frå Ulsteinvik og Jorunn Fredriksson frå Hjørungavåg som skulle drive forretninga. Butikken satsa mest på plantar, men ville også ha eit utval avskorne blomster. – Det er dei grøne plantene som er i skotet no, og vi vil alltid ha eit rikt utval av små og store grøne planter, fortalde dei to drivarane til lokalavisa.
Odim AS hadde hausten 1982 utvikla nytt utstyr til oljeleiting. Vikebladet skreiv mellom anna dette i reportasjen sin: – I desse tronge tider med ordremangel og truga arbeidsplassar er det ei glede å presentere ei bedrift som sigler i medvind, og som har meir arbeid enn dei greier over. Men så har då også Odim satsa på olje og fått foten såpass innanfor hos oljeleitingsselskapa at dei har konkurrert ut større selskap i bransjen. For tida held bedrifta på Saunes på med å utvikle ei nyskaping innan seismisk utstyr som når prosjektet er ferdig utprøvd, vil gi Odim sysselsetting i lang tid framover.
I 1984 runda Odim AS 10 år. Med sine 27 tilsette var det inga stor bedrift, men ho hadde markert seg. Første driftsåret var omsetninga på 4 millionar kroner. No var ho meir enn tredobla, og det mangla ikkje på oppdrag. Det var Inge Dragsund, Olav Molvær, Magne Gjerdsbakk og Audun Dragsund som starta bedrifta. Inge Dragsund var dagleg leiar, og i intervju med lokalavisa fortalde han at bedrifta no kunne trenge meir plass.
I oktober 1982 vart det kjent at Eiksund Auto AS ville starte ny forretning for Mazda i Hovdebygda. Butikken skulle opne i mars 1983 og ville få namnet Eiksund Auto Ørsta. Bedrifta skulle også utvide anlegget sitt i Ulsteinvik. Ein ny bilhall på 450 kvadratmeter skulle byggjast i flukt med verkstaden og stå ferdig sommaren 1983. Eiksund Auto hadde no 21 tilsette, og etter utvidinga i Ørsta rekna dei med fem personar til. Frå ei omsetning på ein million kroner for 13 år sidan kunne disponent Peter Eiksund no skilte med ei omsetning på kring 24 millionar.
Eiksund Auto kjøpte hausten 1984 75 prosent av aksjane i Knut Rørhus i Breivika. Dermed var Eiksund den einaste Mazda-forhandlaren på Sunnmøre og den største bilforhandlaren mellom Bergen og Trondheim. Gudmund Eiksund vart hovudaksjonær og dagleg leiar i Breivika, faren Peter Eiksund var disponent i Eiksund Auto og Svein Idar Eiksund leiar for avdelinga i Ørsta.