I 1982 starta det førebels siste byggjesteget på småbåthamna ved Ryssholmen på Ulstein. Dei skulle no fylle 8000 kubikkmeter stein for å forlenge den ytste moloen slik at opninga inn på hamna vart 15 meter. Då ville dei få plass til 160 båtar i hamna, men etter muring langs land ville dei etter kvart kunne utvide til i alt 250 båtar. Båteigarlaget hadde i 1982 150 medlemer, og kring 30 av desse skulle no byggje seg flytebrygger. Frå før var det plassert 26 flytebrygger i hamna.
Småbåthamna i Ulsteinvik hadde i 1981 plass til 113 båtar, medan småbåtlaget hadde om lag 200 medlemer. Rundt 20 av desse stod på venteliste for båtplass. Det låg no føre planar om utviding. Laget hadde også fått på plass eit bobleanlegg på botnen, slik at hamna langt på veg kunne vere isfri om vinteren. Trykklufta fekk dei frå Ulstein Hatlø. Det var også montert elektrisitetsboksar slik at båteigarane kunne kople til elektrisk verktøy for reparasjonar og vedlikehald.
Steinfyllinga og grovarbeidet med moloen på Flø var ferdig i april 1985. No skulle Kystverket ta til på siste etappe med støyping av plate og brystvern og ei kai i enden av moloen, 13 meter lang.
Den nye skysstasjonen ved Saunesosen kom opp våren 1983. Han såg einsam ut på det store utfyllingsområdet. Etter fleire års tilkøyring og utfylling av overskotsmasse frå ulike stader – og i tillegg mudring av hamna, hadde det blitt mange kvadratmeter plass etter kvart. Fyllinga på nordsida var no ferdig, men kommunen rekna med at det i tida framover ville bli tilkøyrt ein del overskotsmasse på sørsida av Sauneselva. No var det klart for å starte på vegtraséen som skulle kome som forlenging av Sjøgata og innover på Saunes. Det skulle byggjast ny bru over elva, og Statens Vegvesen ville starte på arbeidet raskt.
Haddal postkontor feira 50 år i starten av april 1983. Poststyrar Harald Moldskred delte ut nellikar, og gamlepoststyraren Ludvik Moldskred (88) var framleis å finne bak skranken til dagleg. Det første postkontoret hadde Ludvik Moldskred i den legendariske Borga frå 1933. I 1966 flytta postkontoret inn i nyebutikken i bygdesenteret i Haddal. Harald Moldskred tok over i 1965 og kunne flytte inn i nye og større lokale i butikkbygget i 1974.