I 1980 hadde folketalet i Ulstein vakse til 5323 mot 4537 i 1970. Framleis hadde kommunen eit underskot på kvinner: 2701 menn og 2622 kvinner. Av desse var det heile 1411 ugifte menn mot 1167 ugifte kvinner. Desse tala reflekterte at det framleis var eit mannsdominert arbeidsliv i Ulstein og eit kjønnsdelt samfunn.
Samtidig er det industrien som er sjølve motoren i utviklinga. Ser vi på yrkesfordelinga, har Ulstein 827 personar i industrien, 703 av desse er menn, 124 kvinner. Jordbruket gir no hovudarbeid til 107 personar, 50 av desse er kvinner. Varehandelen sysselset også mange: 301 personar, 179 av desse er kvinner. Området privat og offentleg tenesteyting har òg vakse og sysselsette 408 personar, 293 av desse kvinner. På området personleg tenesteyting, slikt som praktikantar, hushjelper og liknande, arbeidde det 66 personar i Ulstein, 44 av desse kvinner. I undervisningssektoren var det 156 personar, 81 av desse kvinner. Til slutt nemner vi at 131 arbeidde med bygg og anlegg, 125 med sjøtransport.
Folketalet i 1980 var fordelt på 1583 husvære. Her var 1571 born under 15 år, 57 menn og 91 kvinner over 80. Mellom dei over 20 år var det 426 menn som ikkje var gifte, berre 222 kvinner. Folketalet i krinsane i Ulstein hadde utvikla seg ulikt frå 1970 til 1980: Flø hadde 172 innbyggarar i 1970, 173 i 1980, Hatløya hadde minka frå 38 til 18, Ulstein, Skeide og Ulsteinvik voks frå 3007 til 3428, Hasund frå 545 til 777, Haddal/Garnes frå 358 til 463, medan Eiksund minka frå 245 i 1970 til 239 i 1980.