I denne perioden skjer det fleire skifte i Ulstein, som er verdt å nemne i ei slik bok. Det blir mellom anna farvel med både lensmann og prest.

I juni 1982 er det den smilande lensmannen Einar Orten som går av for aldersgrensa. Han har vore på Hareid sidan 1962, bygt seg hus og har familie på fem (to gutar og ei jente). Lensmannen hadde vore av den sorten som var respektert, men ikkje frykta. I selskapslokala på Hareid rådhus har Ulstein og Hareid stelt i stand til avskilsstund med lensmann og frue. No var lensmannsstolen klar for Odd Kulø. Han hadde saman med politihunden Lobo, ein flott schäfer, hatt si teneste i Ulstein og Hareid lensmannsdistrikt sidan første halvdel av 1970-talet.

Våren etter var det klart for eit nytt sceneskifte. I 1983 tek bygda avskil med dei folkekjære prestane Rudolf Fiskerstrand (sokneprest) og Arne Sørhagen (res.kap.). Dei blir erstatta av Atle Hopland som sokneprest og Dag Håland som res.kap. Begge skulle finne seg godt til rette og bli verande i sine kall i lang tid. Hopland heilt til han gjekk av som pensjonist i 2012.

Til høgre: I byrjinga av juli 1983 var Atle Hopland med flyttelass og familie installert seg i prestegarden i Ulsteinvik og skulle ta til i tenesta 10. juli. Hopland hadde mellom anna vore res. kap i fem år i Balsfjord saman med den markante og omstridde Børre Knudsen.