I 1981 er det stortingsval. Kva var det som råka landet vårt den hausten? Høgrebølgja i tidsrommet frå omkring 1975 og vel ti år framover var ikkje særnorsk. Ho prega fleire land i Europa, og inspirasjonen utanfrå var truleg viktig. Tankar om personleg fridom, valrikdom og marknad kom stadig sterkare inn i ordskiftet.

Ein premissleverandør som mange lytta til, var den amerikanske økonomen Milton Friedman. Han var tilhengar av fri marknadsøkonomi og skreiv mange debattbøker. I alle desse bøkene tok Friedman til orde for større fridom for enkeltmenneska. Han meinte at styresmaktene i alle vestlege land dominerte det økonomiske livet for mykje. Utover mot 1980-talet fekk desse tankane stadig større politisk gjennomslag. I USA vart Ronald Reagan vald til president, i Storbritannia kom Margaret Thatcher til makta. Begge stod for opne marknader, deregulering av næringslivet, skattelette, privatisering og kutt i offentleg forbruk.

I gjennomgangen av den norske høgrebølgja peiker historikaren Berge Furre mellom anna på aukande styringsvanskar og forvitring i den sosialdemokratiske orden mot slutten av 1970-talet. Då etablerte system og politiske truer kom i miskreditt, vart Høgre som største opposisjonspartiet ståande som eit viktig alternativ. Den politiske vinden bles til fordel for eit parti som baud på skattelette, mindre regulering, lågare offentleg forbruk, mindre stat og meir handlefridom for den initiativrike. Samtidig gjekk det føre seg ei omforming i det norske samfunnet. Middelklassen auka, klasserøystinga var på retur, skilnadene i forbruk og levestandard minka. Mange flytta meir på seg, skifta yrke, auka sin sosiale status, gjorde karriere, og endå fleire drøymde om å gjere slikt. Dei tradisjonelle banda mellom yrke og partifarge vart svekte, og det gjekk ein straum av veljarar frå Arbeidarpartiet til Høgre.

Furre meiner samanbrotet til Venstre var med på å opne dørene for Høgre på Sør-Vestlandet og ut over bygdene der partiet hadde særleg framgang. Før hadde Høgre det meste av styrken sin i Oslo-regionen og nokre byar elles. Det endra seg no. Mange vonbrotne venstreveljarar søkte til Høgre. Før hadde motkulturane, som Stein Rokkan kalla det: nynorsk, fråhaldssak og lekmannssak, verka som ein barriere. No var den politiske krafta i desse sakene svekt, og frontane kring dei var mindre skarpe. Nynorsktalande høgrefolk viste seg heilt oppe i partileiinga.

I 1981 danna Høgre regjering åleine. Perioden 1981 til 1986 er Kåre Willochs glansperiode. Som statsminister overlét han meir til marknadskreftene, han gjennomførte reformer og deregulerte bustadmarknaden, tok bort mange av dei avgrensingane bankane hadde med omsyn til å låne ut pengar, og han oppheva NRK-monopolet. Mange av tankane bak høgrebølgja – ikkje minst teoriane til Milton Friedman – fekk langt vidare politisk gjennomslag enn i Høgre. 1980-talet inneber ein omformingsprosess også i Arbeidarpartiet – som i andre parti. Ordet privatisering og konkurranseutsetjing blir daglegdags språkbruk i mange leirar, og eit ord som sosialisme blir tona ned i krinsar der ordet var vanleg. På den internasjonale arenaen ser vi kollapsen til den kommunistiske austblokka og Berlin-murens fall. Men på den heimlege arena opplever vi òg noko anna: Jappetid og frislepp av lånefinansierte spekulasjonar gav eit kortvarig velvære mellom folk som var ute etter rask rikdom. Så sprakk bobla, bankane måtte gjennom livredning, og samfunnet måtte ta ein hestekur med arbeidsløyse og innstrammingar.

Stortingspresident Guttorm Hansen heldt i slutten av februar 1980 ein minnetale i Stortinget over den tidlegare stortingsrepresentanten Knut Strand (V) frå Ulstein som var død 92 år gammal. Etter fullført landbruksskule tok Strand over farsgarden i 1913. Før den tid dreiv han heilårsfiske som medeigar i MK Skjervøy, der han òg var disponent i 33 år til 1965. Som engasjert Venstre-mann tok Strand også del i kommunepolitikken heilt frå 1914, og var ordførar i Ulstein i ti år frå 1923, og han vart igjen ordførar i 1946. Lokalpolitikken førte Strand over i fylkespolitikken, der han mellom anna leia fylkestinget. I tillegg hadde han ei rekke verv i ulike organisasjonar, og var med på å starte Ulstein nye Sparebank i 1927, der han var bokhaldar og kasserar i 10 år. Han fekk ein periode på Stortinget før krigen, og vart vald igjen i 1945 og fram til 1957. Knut Strand var ein av dei få på Stortinget som gjekk imot dødsstraff i landssvikoppgjeret etter krigen. Han skreiv også innlegg om saka i Vikebladet.

Valresultatet i Ulstein i 1983 kunne lesast som eit resultat av den høgrebølgja som slo over landet desse åra. Høgre gjekk fram frå seks til åtte representantar i kommunestyret, og fekk over hundre stemmer meir enn KrF, som hadde vore det største partiet i kommunen ei tid. Ap gjekk fram frå fire til fem mandat, Sp tilbake frå fem til tre, KrF tilbake frå sju til seks, Venstre tilbake frå tre til to, medan SV, som hadde null sist, fekk eitt mandat. Tverrpolitisk liste og Det liberale Folkepartiet nådde ikkje opp. Det nye kommunestyret fekk fem kvinner, men ingen frå Høgre. Dei fem var Turid Folkestad (V), Kamilla Gjerde (Ap), Åshild Skinnes (Ap), Anne Bjørg Moldskred (KrF) og Hallgerd Conradi (SV).

Då kommunestyret konstituerte seg i slutten av oktober, vart Asbjørn Flø (Sp) attvald som ordførar og Oskar V. Sundgot (KrF) som varaordførar. Formannskapet elles fekk denne samansetjinga: Kamilla Gjerde (Ap), Turid Folkestad (V), Kjartan Grimstad (KrF), Erik Haakonsholm (H) og Jan Berset (H).

Då dei mange nemndene i Ulstein skulle fordelast, vart 203 verv fordelte på 103 menn og 73 kvinner. Valnemnda hadde prøvt hardt på å auke kvinnerepresentasjonen, men nådde ikkje opp i kravet på 40 prosent. No stod Ulstein med 36 prosent kvinner i nemndene, likevel ein oppgang på seks prosentpoeng frå perioden før. I viltnemnda og innlandsfiskenemnda var det kjemisk fritt for kvinner, i teknisk styre var det ei. I september 1981 fekk Asbjørn Waage tittelen rådmann i staden for kontorsjef i Ulstein kommune. Lønna og arbeidet var det same som før.