Ulstein i 1814 og åra før

Korleis var det i Ulstein i 1814, dette merkelege året som har skore seg inn i historia vår som eit barberblad og delt henne i eit før og eit etter. Smitta gløden ut til fattigfolk langs kysten; ideane, tankane, spenninga som avspegla seg i riksforsamlinga på Eidsvoll? Korleis var forholda på denne tida?

Gamlekyrkja på Ulstein slik ho kunne ha sett ut. Etter teikning av Gustav R. Osnes. Kyrkja brann ned i 1847.

Ulstein kunstlag 70 år

I januar 2014 fylte Ulstein kunstlag 70 år. Dette vart markert med ei storstilt jubileumsutstilling. Den første kunstforeininga i Noreg var Christiania Kunstforening, stifta i 1836.

Ulstein mannskor 125 år

Starten

Ulstein Mannskor vart skipa 5. november 1884. Det var Ulstein Ynglingeforening, skipa i 1882, som etter foredrag av Ulstein­læraren Karl Hatlemark gjorde opptak til å få koret i gang.

Sundag 5. november 1883 var tolv mann frammøtte i stova til Knut Hanson Saunes. Prost Anker, som kom til Ulstein 1881, hadde då tinga med Rasofiel Rise frå Hareid om å ta på seg dirigentoppgåva.

Allereide 2. januar 1885 sang koret på Ynglingeforeininga sin julefest på Skeide skule, på Halsen. Det er ikkje nemnt kva koret sang her, men ein av dei var truleg den første dei øvde inn: «Til Sverge».

Ulstein mannskor 1910. Framme frå venstre: Enok P. Hofset, Rasofiel Hatløy, Enok Hasund (dirigent) og Ole Flø. Andre rekke frå venstre: Gustav R. Osnes, Ragnvald Ulfstein, Johan L. Ulstein, Peter R. Osnes og Thomas R.Hatlø. Fjerde rekke frå venstre: Peter R. Hatlø, Julius Ulstein, Olav Eiksund, Hans Osnes Saunes og Nils Osnes

Ulstein Mek. Verksted AS i tida frå 1930 til 1959

For ein del år sidan skreiv Ole Lars Ulstein denne artikkelen med temaet: Ulstein Mek Verksted AS i tida frå 1930 til 1959 sett med barns og ein ungdoms auge:

«Kolbein Ole Ulstein som no har ansvaret for museumet til bedrifta, har bede meg beskrive korleis diverse maskindeler vart maskinert i den første tida som eg kan minnast, det vil seie frå ca. 1938. Ein må ha i tankane kva ein hadde å hjelpe seg med. Verkstadbygget var nytt og moderne, oppsett i 1936/37. På den tida var verkstaden utstyrt med 5 dreiebenkar av forskjellige storleikar.

Ole Lars Ulstein.

Ulstein Mekaniske Verksted 1917 – 2017

I 2017 er det 100 år sidan starten for Ulstein Mekaniske Verksted (UMV), det som i dag er ein del av Ulstein Group. I dei første åra var det reparasjonar og konstruksjon av fiskebåtar i tre. Seinare kom stålbåtar, og desse var av fleire typar, mellom anna passasjerfartøy, roro-skip, ferjer og offshoreskip.

Martin Ulstein starta Ulstein Mek. Verksted i 1917.

Ulstein Mylne

Torbjørn var frå Strandebøen i Ulstein kommune. Han var fødd 18.08.1909. Son av Ludvik og Nikoline Strandebø. Torbjørn hadde fem sysken, Magnulf (f. 1905 ), Arnvid (f. 1907), Helga (f.1912), Bergljot (f. 1917), Hallstein (f. 1921).

Torbjørn Strandebø var fødd 18. august 1909 og døydde 30. november 1983. Han var mylnar ved Ulstein Mylne.

Ulstein samfunnshus A/L

Planar og diskusjonar

Når blei tanken om eit samfunnshus i Ulsteinvik lansert for første gong? Ein avisartikkel hevdar at Asbjørn Hasund (Vågen) og Anton Kleiven hadde ein samtale om dette på seint 40-talet. Desse unge mennene hadde vore ute i verda og sett andre forhold enn i heimbygda. Det var nok også eit tema som blei diskutert der folk møtest.

Ulstein Samfunnshus tre år etter at det var teke i bruk, 1963. Foto: Widerøe.

Ulstein sanitetsforening

I år fyller Ulstein Sanitetsforening 110 år. Det var Fredrikke Marie Qvam som tok initiativet til å starte opp Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896. Ho engasjerte seg sterkt i arbeidet for å betre helsestellet og levevilkåra for fattige og sjuke. Opptaket til saniteten i Ulstein hende 30. mars 1912.

Frederikke Marie Qvam.

Ulstein skyt fart

I perioden frå kring 1960 til 1972 gjekk Ulstein kommune gjennom ein vekst som nesten mangla sidestykke i landet. Asker var den einaste kommunen som hadde større vekst i tiåret fram til 1972. Ulstein skilde seg også ut på andre felt. I heile landet var det i slutten av 1972 berre fem kommunar som hadde arbeidd ut og godkjent generalplanar. På dette tidspunktet var generalplanen for Ulstein for lengst utarbeidd. Men utviklinga i kommunen hadde alt på fleire område passert prognosane som var rekna ut fram til 1972. Generalplanen måtte derfor revurderast. Veksten var spesielt overveldande på bustadsektoren. På dette området hadde kommunen passert prognosane for 1990!

Faksimile Sunnmøre Arbeideravis.

Ulstein Ten Sing 40 år

Våren 1978 blei Ulstein Ten Sing starta. Hausten 1967 hadde presten Kjell Grønner starta det første Ten Sing-koret i Noreg etter inspirasjon frå det amerikanske konseptet Sing Out America.

Ulstein vassverk

John O. Ulstein skreiv ned historia til Ulstein Vassverk i 1991. Denne har ikkje tidlegare vore publisert. Denne artikkelen er eit samandrag av den utfyllande historia som Ulstein har skrive ned.

Alf Garnes i arbeid med ei vassledning ved Ulstein kyrkje.

Ulstein veks fram

Framveksten av det moderne Ulstein skal først og fremst handle om frå då kommunen skaut fart og fekk eit markert regionssenter i Ulsteinvik. Ulstein veks fram er eit større prosjektet med både bok og nettside.

Prosjektet har fått namnet Ulstein veks fram med eige namnepreg og eigen logo.

Ulstein veks vidare

Alt dette er ein del av suksesshistoria Ulstein. Eit stikkord er geografisk plassering, sentralt på Ytre Søre Sunnmøre, vika med ei bra hamn og ein kompakt kommune med korte avstandar. Veksten av tettstaden Ulsteinvik kan forklarast med fleire faktorar, til dømes garden Vik og vika med nausta, buene og vorane; trafikknutepunktet Vikemyra og elvane med ressursar som vatn og kraft. At dei flytta kyrkja til Ulsteinvik i 1878, forsterka utviklinga, og Kyrkjegata vart ei sentral ferdselsåre gjennom bygda. Så kom gamleheimen (1889) og bedehuset og sentrumsfunksjonar med forretningar og buer, arbeidsplassar knytte til sjø og fiske, utleige av rom til arbeidarar og tenestefolk, ymse former for skyss, skysstasjon, gjestgiveri og post (Ulstein i hundre (2004), Nils Ertesvåg). Frå tida rundt 1905 og fram til 1930-åra ser vi fleire urbaniseringstrekk som understrekar og forsterkar Ulsteinvik som bygdesenter.

Ulsteinvik, 28. Juli 2019.

Ulstein vidaregåande

Arbeid med etablering av gymnastilbod på Ytre Søre Sunnmøre

Arbeidet med å få på plass eit gymnas på Ytre Søre Sunnmøre starta opp i byrjinga av 60-talet. Det var først og fremst dåverande skulesjef Otto Strand i Ulstein som verkeleg tok tak i denne saka og for alvor sette ho på dagsorden. Både Herøy, Ulstein, Vanylven og Hareid kommune hadde hatt realskule i mange år, men eit eige gymnas mangla på Ytre Søre. Elevar frå denne regionen måtte reise til Ålesund, Volda eller event. til Nordfjordeid for å gå på gymnas. Dette innebar for dei aller fleste at dei måtte bu på hybel, og såleis flytte ut av heimen ved 16 års alderen.

Bjørndals Minne, der Gymnasklassane i Ulstein heldt til frå starten i 1971.

Ulsteinelva

Osen, eller Øren Bnr. 21

Dette stykket på 4 mål vart utskifta då Jensgarden var eigd av Rasmus Ulstein. Svigersonen, Olav Hasund, var med på garden. Kjøpar var Johan Svendsen (1877-1915). Han var utlærd møbelsnikkar. Han hadde vore nord i Skånland og ført opp kyrkja der. Der trefte han kona si, Anna.

Det var 10 kverner langs elva.

Ulsteinelva

Kvernhus

Ulsteinelva er nok mora til all industrien i Ulstein. Storeelva, som elva på Ulstein heiter, gav energien som dreiv kvernsteinane rundt og mol kornet til mjøl i fleire hundre år. Her var 10 kvennahus som eg kan hugse. Folk kom frå mange kantar, ja, heilt frå Runde kom det færingar med last for å male. Eg har aldri høyrt snakk om kva dei måtte betale for å male kornet. Det var kanskje underordna dette med å ta betaling i den tida? Færin­gane som kom, hadde fast landingsplass ned på Øyra, ei god nærdjup styd. Den dag i dag heiter ho Malarstyda. Frå Malarstyda var det hesten som måtte frakte kornet fram til kvernene som låg langs elva fram gjennom kvennavegen.

Restaurert kvernhus ved Ulsteinelva.

Ulsteining fann rik fiskebank

For nokre månader sidan sat artikkelforfattaren og snakka med nokre godt vaksne karar på kafeen på Blåhuset i Ulsteinvik. Eg hugsar ikkje heilt kva vi snakka om, men eg kom med fylgjande spørsmål:

– Er det nokon som har høyrt om Garsholbanken? Det var ingen av dei som hadde høyrt om den, og eg har spurt mange seinare i Ulstein, men ingen har høyrt om Garsholbanken.

Olai Garshol. Foto: Frå jubileumsboka om Ålesunds Skipperforening (1892-1942) av Odd Vollan

Ulsteiningar i kamp

– Mor syntest det var leitt at eg skulle fare. Men far, som var gammal soldat frå 1905, syntest det var slik det skulle vere, fortalde Bjarne Nygjerde i eit intervju med Vikebladet i 1995. – Neste morgon møtte vi opp på Setnesmoen for å hente utstyret vårt. Under dei 72 dagane med militærteneste i 1938 hadde eg vorte opplærd til førsteskyttar på maskingevær. Bjarne Korshamn var andreskyttar, og det var to ammunisjonsberarar.

Artikkelen er henta frå boka "Ulstein veks fram".

Ulsteinkonsernet – salet, reaksjonane og konsekvensane

Vi skal gå litt tilbake og ta grundig ei av dei store sakene i Ulstein-historia. Ho utfalda seg i slutten av 1990-talet og inn i 2000-talet. Vi skal trekke fram hendingane og kva følgjer dei fekk.
Mykje av den lokale industrien er syklisk. Utover i 1997 var det ei medgangsbølgje. Ulstein Verft leitte etter fagfolk over heile landet og var klar til å tilsette over 100 mann. I Hareid voks talet på industriarbeidsplassar med meir enn 100 på eitt år frå hausten 1996 til hausten 1997.

I 1997 vart Idar Ulstein styreleiar i Ulsteinkonsernet.

Ulsteinkonsernet – salet, reaksjonane og konsekvensane

Mykje av den lokale industrien er syklisk. Utover i 1997 var det ei medgangsbølgje. Ulstein Verft leitte etter fagfolk over heile landet og var klar til å tilsette over 100 mann. I Hareid voks talet på industriarbeidsplassar med meir enn 100 på eitt år frå hausten 1996 til hausten 1997. Då hadde det nettopp slått ned som ei bombe (april 1996) at møbelgiganten Ekornes kjøpte Utgård Mestermøbler.

Det nye styret i Ulstein Holding ASA saman med konsernsjef i Vickers Ulstein, Morten Ulstein. Frå venstre: Idar Ulstein, Jens Moe, Paul Buysse, Morten Ulstein, Andrew L. John og Marcel Klepfisch. Bjarne Åsheim og Svein Arne Røkke var ikkje til stades. (Foto: Lene Trude Solheim)