Sigmund Ulstein

Sigmund Ulstein var fødd 30.07.1917 og døde 23.08.2001. Foreldra var Knut Ulstein og Petra Hasund Ulstein. Sigmund var eldst av sju sysken. Etter konfirmasjonen vart det fiske og gardsarbeid. Han byrja tidleg i Ulstein Mannskor og i Losje Tru. Begge laga var svært aktive både før, under og etter krigen med møtestad Ulsteinvik sentrum. Og sjølv om det var lang veg frå Ulstein der han budde til øvingar og møte, var Sigmund svært aktiv.

Sigmund Ulstein med si karakteristiske blankskjolda hue.

Sigrid Strand

Sigrid Irvine Strand dreiv klesforretning i Ulsteinvik i nesten 40 år. Ho bygde eigne forretningsbygg. Ho var i stor grad med på å gjere Ulsteinvik til eit handelssenter som drog kundar frå fjern og nær.

Sigrid Strand.

Sigvald Håkonsolm

Sigvald Håkonsholm var ein gründer, og var rask med å ta i bruk mykje av det nye som kom. Han starta den første båtslippen i Ulstein. Sigvald var fødd på Borgarøya.

Sigvald Håkonsolm.

Sigvald Mathias Hasund

I «Levd Liv» 2018 skriv Lars Inge Breivik ein artikkel om om daglegliv under krigen fortalt av faren Sigmund Breivik. Han jobba då litt hos Pål Våge som dreiv med sildesalting. Han skriv mellom anna om røyking og pakking av sild:

Portrettbilde av statsråd Sigvald Mathias Hasund.

Sild og fisk ein vesentleg del av kvardagen

Lat oss gi ordet til ein av dei som kom frå vanlege kår, og som opplevde tida rundt hundreårsskiftet på denne øya: – Sild og fisk var ein vesentleg del av kvardagen i min barndom. Dei flekte og hengde silda og fisken opp på ei troe under takskjegget eller på ein annan luftig plass. Dette hadde dei å ta til heile året. Eg trur at i ættleden før mi tid var det brukt meir av slik opphengd og tørka fisk, sild og kjøt enn av saltmat.

Sildefiske i Vanylvsgapet.

Silderekordar

Det var klondykestemning under sildefisket dei første åra av perioden 1952-59. Den 16. februar 1953 skriv Ludvik N. Holstad i dagboka: – Frå i dag av er det vårsild dei finn. I går var det søndag, og til laurdag kveld klokka 24 var det fiska opp seks millionar hektoliter storsild. Det er eit veldig resultat når du kjem i hug den korte tida fisket varte, i grunnen berre skikkeleg 14 dagar. Det er litt meir enn i fjor. Men så er flåten større i år, og då blir det nok mindre på kvar lut likevel. Men 21 fiskarar har sett livet til berre på denne korte tida. Det er tungt.

Store mengder av sild på Brandal sildeoljefabrikk.

Sjøborg og Julius Ulstein

«Sjøborg» er namnet på Ulstein sitt nye og flotte kulturhus, strategisk plassert som ein del av hotellkomplekset i sentrum. Søndag 3. juni 2007 var det stor opningsfest av kulturhuset.

Skipinga

Første indremisjonsforeininga i landet vart skipa i Skien i 1853 «Foreningen for indre mission i Christiania» fylgde etter i 1855 og her var skipinga resultat av dei store vekkjingane under prof. Gisle Johnson.

Skien omkring 1900.

Skipsindustri og maritim næring

Som vi har vore inne på, var det tøffe tider i skipsindustrien utover frå 2003 til rundt 2005. Våren 2003 hadde til dømes Kleven Verft om lag 280 tilsette, men denne våren kom 50-60 tilsette til å bli sagde opp. Det var nedskjeringar i bedrifter som Ulstein Verft og Odim. Kleven gjekk med eit underskot på 31 millionar i 2002, og sleit med gjennomføringa av fleire prosjekt. I mars 2003 kom meldinga om at Ulstein Verft ville seie opp 130.

I april 2005 lanserte Ulstein Verft det nye designet sitt, AX 104. Det likna ikkje på andre skip. Framme var skipet runda, og i hekken var det nytt system som skulle gjere det tryggare for dei som arbeidde på dekk. Ulstein Design, Bourbon og Odim hadde skapt ein skipsrevolusjon. Den første kontrakten med AX 104 gjekk til Bourbon Offshore Norway. Direktør for Bourbon var Jostein Sætrenes. Ein sentral aktør for utviklinga av den såkalla X-bowen ved Ulstein Design var Øyvind Gjerde Kamsvåg. Satsinga på design skulle bli ein suksess for Ulsteinkonsernet. Bildet syner ”Blue Ocean” som har fått X-bow-design.

Skipsindustrien

Verfta i regionen merka at tidene var tøffe. Kleven melde likevel i januar 1986 om full sysselsetjing til oktober 1986, men marknaden var framleis stram. Samtidig melde Hasund om at verkstaden trong meir folk. Dei ville ha full sysselsetjing i månadene framover og meir arbeid enn dei 32 tilsette ville klare å ta unna. Hasund bygde på denne tida ikkje ferdige båtar sjølve, men var underleverandør til dei større skipsverfta i distriktet. Årsomsetninga var på vel 8 millionar kroner.

Den 31. oktober 1987 vart den første båten hala på land ved Strandebø Slipp og Mek. Verkstad, og Ulstein hadde med det fått ein slipp for båtar opp til 75 fot. Både fiskeflåten og lystbåteigarane kunne helse slippen velkomen. Til no hadde det vore få plassar i Ulstein til å drage opp mindre båtar. Mannen bak bedrifta i strandlinja på Strandabøen var Atle Strandebø (innfelt). Han hadde investert vel ein million kroner i anlegget så langt.

Skipsindustrien

Optimistane tok feil då dei trudde at skipsfartskrisa på 1970-talet var eit mellombels tilbakeslag som hang saman med konjunkturar og olje. Oljekrisa hadde forsterka ei internasjonal strukturkrise som fekk varige følgjer for norsk og internasjonal skipsfart. Verdshandelen auka ikkje som før, men bygging av nye skip heldt fram, særleg i lågkostland. I 1982 hadde handelsvolumet på sjøen same omfang som i 1972, medan tonnasjen hadde auka med 60 prosent. Heile situasjonen fekk gjennomgripande følgje for norsk maritim næring utover på 1980-talet. Som vi har vore inne på, mykje av verftsindustrien måtte avvikle, med tunge følgjer for stader på kysten der verft hadde vore tyngdepunkt i arbeidslivet. Av over 20.000 arbeidsplassar i 1970 var det 7000 igjen i 1983; tyngda av norsk skipsbyggingsindustri hadde fordufta.

Sommaren 1981 var arbeidet med den nye høghallen ovanfor beddingen ved Krushammaren i full gang. Han var 80 meter lang, 30 meter brei og 28 meter høg. Han kom såleis til å ruve godt i terrenget. Mykje av utviding og utbygging hos Ulsteingruppa møtte motstand lokalt, slik også denne gongen. Bustadhusa like bak hallen ville til dømes misse mykje utsikt. Men hallen kom med i reguleringsplanen alt i 1974. Etter ei omfattande saksbehandling var det Ulstein kommunestyre som til slutt avgjorde plasseringa, og som stadfesta planen tre år seinare.

Skipsindustrien dei siste åra på 1990-talet

Ein av dei verkelege veteranane i skipsindustrien, Ole Lars Ulstein, tok i juni 1997 imot Kongens Fortenestemedalje for 53 års samanhengande innsats i Ulsteinkonsernet. Ole Lars (f. 1930) byrja som læregut ved verftet 14 år gammal. Ingeniørutdanninga si tok han på kveldstid ved sida av jobben. Den lengste tida hadde han på Ulstein Propeller, der han både var dagleg leiar og assisterande direktør. No var han innkjøpssjef ved verftet. Idar Ulstein helste Ole Lars Ulstein med mellom anna desse orda: – Eg vil takke deg for at du tok initiativet til å danne Ulstein Propeller. Eg er ikkje sikker på om det hadde blitt noko av dette selskapet utan innsatsen din, roste Idar Ulstein ifølgje Vikebladet Vestposten. Ulstein Propeller hadde i 1997 over 300 tilsette og var også etablert i Canada og Skottland.

Ole Lars Ulstein.

Skog

I åra etter krigen blir det planta ein del skog på øya. Ulstein og Hareid Jeger- og Fiskarforeining kom raskt i gang etter krigen. Under årsmøtet i desember 1947 vart det avgjort at laget skulle ta over eit areal på knapt 50 dekar ved Brørevatnet på eit åremål på 85 år.

Artikkelen er henta frå boka "Ulstein veks fram".

Skriftlege kjelder

«Ulfesteins kk. (kirki) sokn» er namnet Aslag Bolt nytta i si jordebok frå 1432. Namnet på kyrkja vert då Ulfsteins Kirkia.

Ulstein kyrkje 1100-1200.

Skular

Vi er midt i hundreåret, og Ulstein har så langt hatt ei rik og sterk økonomisk utvikling. Men også på det sosiale og kulturelle området har kommunen tradisjonar å byggje vidare på. Her er sju skulekrinsar, Flø, Ulstein, Ulsteinvik, Haddal, Hasund, Hatløy og Vattøy. Skulehusa er stort sett bra, og dei fleste krinsane har gode og romslege leikeplassar. I 1931 bygde dei ny skule i Ulsteinvik og på Ulstein. Skulen i Ulsteinvik vart innvigd i august 1932. I Hasund var det no på slutten av 1940-talet ein ny skule under oppføring. Vidare er det planar om oppføring av gymnastikksal i Ulsteinvik og modernisering av Haddal skule. Kommunen innførte obligatorisk opplæring i nynorsk i 1907.

Skular med bl.a realskulen

Den 1. september 1955 kunne Ulstein realskule høgtide 20-årsjubileum. Det var på denne datoen i 1935 at Thorvald Bjørndal tok til med regelmessig realskule i kommunen. Men det var 25 år sidan det første gongen var realskule – eller mellomskule – i Ulstein.

Laurdag 6. april 1956 vart det nye realskulebygget i Bjørndalsvegen formelt vigsla med flagga til topps i bygda.

Skule, kultur, kristenliv og lagsliv

Alt i 1848 vart det sett opp skulestove i Vik. Ho stod ved Vikeelva litt ovanfor brua. Dette var første skulen vi kjenner til på landsbygda på Sunnmøre. Ein framsynt sokneprest, Wraamann, som også var ordførar, tok initiativet til at det vart bygt eit skulehus i Ulsteinvik. Det vart altså teke i bruk i 1848. Kommunen fekk litt støtte frå statleg hald; elles vart skulen reist mykje på dugnad. Men 20 år seinare vart skulehuset flytta til Halsen, der borna frå Vik og Skeide gjekk i lag. Martinus Bjørndal var lærar der frå 1868 til han gjekk av i 1907.

Skulen låg på Halsen fram til tidleg 30-åra.

Skulen inn i eigen heim

Sumaren 1916 reiste skulestyrar Hop til eit ungdomsskulelærar­kurs som skulle vera i Oslo. Han brukte sykkel og var åleine. – Kunne difor gi seg tid og farta dit han ville, og han la vegen om Hardanger. Frå Odda kom han over fjellet til det avsides-liggjande Røldal. Her stogga han eit par dagar. Ein dag han stod nede i dalen ved den gamle kyrkja, og såg oppover bygda, feste auga seg ved det store hotell Røldal, som stod oppe i bakken ved hovudvegen.

I vestibyla på Sunnmøre Folkehøgskule heng sykkelen skulestyrar Severin Hop nytta sommaren 1916 då han sykla til Oslo for å delta på eit ungdomsskulelærarkurs og la vegen om Hardanger. På vegen kom han over hotellet i Rødal som han kjøpte.

Skuleplass og talentfabrikk

Fotballminne frå skuleplassen ved Hasund skule

Underteikna er oppvaksen på Sundgot, like ved Hasund skule og skuleplassen. Plassen eller grusbana var ca. 60 m lang, 25–30 m brei og med ein murvegg på den eine kortsida. Det var også låge murkantar på langsidene. Merkeleg mange av dei som har hundrevis av kampar for Hødd frå før 1960 og utover, kjem frå denne skulekrinsen og har drøssevis av minne og opplevingar frå skuleplassen.

Brørne Kjetil (t.v.) og Hallbjørn Hasund i 1960.