Sumaren 1916 reiste skulestyrar Hop til eit ungdomsskulelærarkurs som skulle vera i Oslo. Han brukte sykkel og var åleine. – Kunne difor gi seg tid og farta dit han ville, og han la vegen om Hardanger. Frå Odda kom han over fjellet til det avsides-liggjande Røldal. Her stogga han eit par dagar. Ein dag han stod nede i dalen ved den gamle kyrkja, og såg oppover bygda, feste auga seg ved det store hotell Røldal, som stod oppe i bakken ved hovudvegen.
Han fekk vita at eigaren ville selja huset, for det lønte seg ikkje med hotellet lenger. Ferdsla var gått over frå hest til bil, og då bilen ikkje trøytna, køyrde ferdafolket forbi.
Hop fekk tala med mannen som åtte huset. Det var bygt av gamalt, godt al-tømmer, og dei enkle romma ville høve godt til elevrom. Hotellet var godt forsynt med innbu og lausøyre. For huset med alt som i det var, skulle prisen vera 57 000 kroner. Avgjerda om kjøp skulle vera innan to månader. Hop måtte rådføra seg med forstanderskapet, og fagfolk måtte sjå over huset.
Etter heimkoma fekk Hop fatt i hotell Oppheim på Vossestranda. Dette huset, med alt som i det var, var til sals for 19 000 kroner.
I samråd med forstanderskapet vart det så avtala at byggmeister Henrik Hop saman med bygningsmann Gullik Nesset frå Hareid, skulle fara til Vossestranda og til Røldal og sjå på husa. Dette vart gjort i nov. 1916. Kjøpet vart avgjort såleis at kjøparen skulle kosta merking og riving, og seljarane skulle kosta husa med alt som i dei var til sjøen – Oppheim-hotellet til Gudvangen i Sogn, og Røldal-hotellet til Sand i Ryfylke.