Nye val

I starten av september 1971 presenterte Vikebladet vallistene til kommunevalet. I tillegg til ei upolitisk samlingsliste stilte KrF, Sp, Ap, H og V lister. Valdeltakinga ved førre val i 1967 var på 65,5 prosent i Ulstein. Den gongen fekk KrF fekk flest røyster med 392. Dette gav 6 mandat. Arbeidarpartiet oppnådde 365 røyster (6), Venstre 344 (6), Senterpartiet 231 (4) og Høgre 210 (3). I 1971 vart KrF igjen største parti med 472 røyster og 6 representantar, Sp oppnådde 390 røyster (5), Ap 372 (5), V 283 (4), H 212 (3) og Upolitisk samlingsliste 159 (2). Ved konstitueringa i desember vart Oskar V. Sundgot (KrF) vald til ordførar og Otto Strand (V) til varaordførar.

Ved konstitueringa av kommunevalet i desember i 1971 vart Oskar V. Sundgot (KrF) vald til ordførar
Ved konstitueringa av kommunevalet i desember i 1971 vart Oskar V. Sundgot (KrF) vald til ordførar

Næringsliv i vekst

Vi skal straks kome tilbake til verfta. Men det var også andre bedrifter som bidrog til veksten i Ulstein. Vi skal sjå på nokre av dei. Ulstein Betongindustri var ei av bedriftene som tente på den høge byggjeaktiviteten i kommunen, og som voks med han. Frå ein nokså blyg start i 1966 hadde Ulstein Betongindustri i Haddal i 1972 utvikla seg til ei moderne bedrift innan ferdigbetong- og betongvareindustri. Selskapet sysselsette 15 personar og hadde ei årleg omsetning på mellom tre og fire millionar kroner. Bedrifta hadde reist eit stort industribygg og såg lyst på framtida:

Ulstein Betongindustri var ei av bedriftene som tente på den høge byggjeaktiviteten i kommunen, og som voks med han.

Næringslivet

Alt i Vikebladet 14. juni 1945 kan folk lese at dei mekaniske verkstadene i Ulstein har mykje å stå i om dagen. Om lag 40 fartøy står på land eller ligg ved kaiene til dei to verkstadene på Osnes. Det er rutebåtar, fraktebåtar, selfangarar, havfiskefartøy og motorbåtar. Der hadde også kome nokre båtar som hadde vore i tysk teneste og som skulle avvæpnast. Fleire slike var ventande dei første dagane. Pågangen på verfta var så stor at dei var nøydde til å prioritere stramt. Arbeidsstokken ved Ulstein hadde vakse frå 3-4 det første året til rundt 50 i 1947.

I 1939 bygde Marius Kleven seg ei lita smie i Køyla på Dimna der Kleven-verftet står i dag. Der tok han på seg ymse oppdrag som han arbeidde med på kveldstid. Etter kvart kom dei fire sønene hans med i verksemda. Frå 1944 arbeidde Marius Kleven på heiltid i smia. Utover 40- og 50-talet vaks Kleven seg til ei større bedrift.

Næringslivet elles

I mars 1995 flytta Entreprenøren AS med Kjartan Haddal og Lars Nordhaug inn i Røyneland-huset i Ulsteinvik. Frå før heldt Byggforum ved Alv Rise til der, slik at huset no vart eit kompetansesenter som spente over eit breitt felt i byggjebransjen.

Ulstein Trelast, Odim.

Næringslivet elles

I løpet av to månader på slutten av 2005 og starten på 2006 hadde Ulsteinvik fått to nye daglegvareforretningar, Lidl på Saunes og Meny i Amfisenteret på Brattøra. Frå månadsskiftet mars/april 2006 kasta Bunnpris seg inn i konkurransen. Butikken starta først i dei tidlegare lokala til Rimi midt i Ulsteinvik. Etter kvart flytta Bunnpris til Brattøra, der butikken held til i dag.

Snorrebuda.

Næringslivet elles siste del av 1980-talet – nokre hendingar

Det skjedde mykje i næringslivet i Ulstein dei siste åra på 1980-talet. Her kjem eit oversyn: Sparebanken Møre i Ulsteinvik tok i bruk minibank for kundane sine i januar 1986. Minibanken var plassert rett utanfor inngangsdøra og ville gjere det mogleg for folk å få ut kontantar heile døgnet. Det fanst på dette tidspunktet meir enn 400 bankautomatar over heile landet.

Sunnmørsbanken i Ulsteinvik, 1982.

Næringslivet elles tidleg på 1990-talet

Lat oss nemne nokre hendingar elles i næringslivet: I januar 1990 tok Åge Grimstad og Øyvind Osnes over musikkforretninga Laluna Platebar i Ulsteinvik. Dei tilsette svenske Maria Regner for å ta seg av den daglege drifta, men lokalavisa kunne fortelje at særleg Åge Grimstad kom til å vere engasjert i drifta. Det var Elisebet Grønmyr som hadde drive forretninga dei siste åra.

Skiltet til Laluna Platebar.

Næringslivet elles ved inngangen til 2000-talet

Aina Moldskred tok i starten av 2000 imot 60.000 kroner i støtte frå næringsfondet i Ulstein for å realisere planane sine for huset i Kyrkjegata 3, det som skulle bli heitande Krukkehuset. Målet var å skape eit kreativt miljø midt i Ulsteinvik sentrum med keramikkverkstad, måleatelier, galleri og kunstkafé. Huset vart ein institusjon i mange år. Ei av dei som opna verksemd i Krukkehuset, var Laila Lillebø Endresen. Før sat ho heime hos seg sjølv og sydde messehaklar, kyrkjetekstilar og kyrkjepynt. I mars 2001 var Laila Lillebø Endresen på plass med tekstil og interiør-verksemd i kjellaren hos Aina Moldskred i Krukkehuset. Herifrå skulle ho drive rådgiving og butikk med tekstil og interiør. Selskapet Laila Tekstil & Interiør vart skipa i 1987. Ho hadde drive selskapet frå heimen sin på Kalveneset i Indre Herøy. Men no trekte ho til Ulsteinvik med delar av verksemda si. I heimelokala skulle ho ha verkstad. Endresen var utdanna interiørkonsulent og ville tilby varer og tenester for innreiing. Huset vart eit samlingspunkt i mange år.

Aina Moldskred (innfelt) tok i starten av 2000 imot 60.000 kroner i støtte frå næringsfondet i Ulstein for å realisere planane sine for huset i Kyrkjegata 3, det som skulle bli heitande Krukkehuset. Målet var å skape eit kreativt miljø midt i Ulsteinvik sentrum med keramikkverkstad, måleatelier, galleri og kunstkafé. Huset vart eit institusjon i mange år. Ei av dei som opna verksemd i Krukkehuset, var Laila Lillebø Endresen. Før sat ho heime hos seg sjølv og sydde messehaklar, kyrkjetekstilar og kyrkjepynt. I mars 2001 var Laila Lillebø Endresen på plass med tekstil og interiør-verksemd i kjellaren hos Aina Moldskred i Krukkehuset.

Oddlaug Ulstein

Oddlaug Ulstein har hatt eit breitt engasjement gjennom mange tiår, både politisk og gjennom anna frivillig arbeid. Ikkje minst har ho gjort ein stor innsats innan besøkstenesta i Ulstein.

Oddlaug Ulstein

Odim blir Rolls-Royce

Den lokale høgkonjunkturen heldt seg også utover i 2008, sjølv om året etter kvart skulle føre med seg internasjonal finansuro. Arbeidsløysa var framleis på veg nedover. Odim i Hjørungavåg var eitt av selskapa som hadde vind i segla. Før 2008 var omme, runda selskapet 2 milliardar kroner i omsetning. Våren dette året fekk selskapet ein ordreinngang på over 500 millionar og sat på ein ordrereserve på over 2,1 milliardar kroner. Det var ny rekord. Dei gode tidene gav også feite opsjonar til Odim-toppane. Tre av dei hadde delt 35 millionar i opsjonsgevinst. Den største potten på 21 millionar kroner fekk konsernsjef Jogeir Romestrand som no var i ferd med å gjere seg rik på Odim-eventyret.

Denne våren var det også offisiell opning av det nye Odim-bygget i Hjørungavåg. I april 2009 fekk Hjørungavåg-bedrifta ein ny hovudaksjonær, Røkkes Aker Solutions AS. Odim hadde samarbeidd med Aker-selskap dei siste åra, og Odim-produkt hadde inngått i ei rekke prosjekt som Aker hadde stått bak. Men det vart diskusjon og avisoppslag om saka.

Odim til Hareid

Odim AS hadde sigld i medvind som resten av den lokale industrien. Med ei omsetning på 205 millionar kroner i 1995 – og eit driftsresultat på 20 millionar, hadde Odim hatt sitt beste år til no. I tillegg var ordrebøkene fulle. Bedrifta ville ha arbeid til midten av 1997. Den nytilsette direktøren, Eldar Eilertsen, kunne ikkje ha fått eit betre utgangspunkt. Men spørsmålet om utviding av anlegget på Saunes vart stadig meir akutt; det skulle ende med at bedrifta forlét kommunen.

I starten av mai 1997 gjekk politikarane i Ulstein inn for at Odim skulle få byggje høghall på Saunes, men då var det for seint. Verksemda gjekk no inn for å etablere seg i Hjørungavåg. I mars 1997 var handelen i orden. Dei betalte 6,2 millionar kroner og etablerte firmaet Odim Hydraulikk som starta med 10 mann våren 1997.

Olaus Alme

Olaus Alme er fødd på Litle Alme i Hareid kommune. Han var ein drivande kraft då Fredheim blei bygd og for å få Sunnmøre Folkehøgskule til Ulsteinvik.

Olav Hansen

Olav Hansen har vore ein institusjon i friidretten i Møre og Romsdal og i Dimna IL. Over 40 år med samanhengande verv og oppgåver gjer han til ei eldsjel utanom det vanlege.

Olav Hansen.

Olav Hofseth

Olav Hofseth er gründer og oppfinnar. Han står bak vakuumtoalett-løysinga til Jets Vacuum og var med på å starte bedrifta. Jets er blitt eit industrieventyr med internasjonal ry.

Olav Hofseth.

Olav Mathias Seljeseth

Han skreiv seg for O.I. Seljeseth. I kjem frå faren Ingebrigt. Han blei fødd på garden Seljeset i Gurskedalen, den gong i Herøy kommune, seinare Sande kommune.

Olav Mathias Seljeseth, fødd 31.03.1892 og død 17.06.1960.

Om å gå meir skule

I 1814 var det berre nokre få såkalla lærde skular her i landet. Det var rett nok katedralskular i dei fire største byane og «borgarskular» i tre av dei. Og landet hadde fått sitt eige universitet året før. Først i 1861-åra kom det til og med borgarskule i Ålesund. Men i praksis var desse skulane ikkje aktuelle for ungdom frå Ulstein.

Onnene

Ragnar Ulstein har i eit opptak fortalt litt om korleis dei ulike onnene på garden han kom frå gjekk føre seg. Vi slepper han til for å fortelje:

Oppdrett i Hasundstraumen

Underteikna har blitt oppmoda om å skrive litt om oppdrettsanlegget «Straumen» som far vår, Bjarne Gjerde, dreiv i Straumen frå 1958 til 1968.

Når det gjeld fakta rundt dette, viser eg til ein søknad om reetablering av nedlagde anlegg som er innstempla til Ulstein kommune, formannskapet 14. august 1985 (sjå sist i denne artikkelen), og til ein artikkel i Vikebladet/Vestposten 14. august 1990. Mitt bidrag blir personleg. Eg prøver å hugse tilbake, og tar med laust og fast av minne frå denne tida som både var spennande og lærerik på så mange måtar.

Oppdrettsanlegget i «Straumen» låg midt i Hasundstraumen.