Klubbeneset

Artikkelen baserer seg på eit hefte om Klubbeneset, skrive av Karl Kleven, utgitt i 2004. Kjeldene som blei brukte til dette heftet, er Bygdeboka for Ulstein og Hareid, gamle papir frå bestefaren hans, og eigne opplevingar.

Den gamle røykstova på Kleiva. Dette er truleg det eldste huset i Ulstein.

Knut Ludvik Ertesvåg

Petter Anton Storøy kom til Ertesvåg frå Storøya i Herøy, ei øy som ligg aust for Tjørvåg. Han kjøpte bruket av Martha Ertesvåg i 1898, enkja etter Knut Johannesson Ertesvåg. (Petter) Anton tok gardsnamnet Ertesvåg. Han var gift med Karen Olaviusdtr. Dimmen, og saman fekk dei ni born. Knut Ludvik, fødd 18.07.03, var nummer seks i rekkja.

Knut Ertesvåg var ein kulturberar.

Knut Olaf Strand

Knut Olaf Strand var fiskar og gardbrukar, stortingsmann, kommunepolitikar og ordførar, bankmann, reiar og søndagsskulelærar.

Foreldra hans var Andreas Knutson Saunes Strand og Antonie Ottosdotter Osnes. Gardsbruket deira var i Hasund krins og grensa til sentrumskrinsen Ulsteinvik.

Kolbjørn Moldskred

Kolbjørn Moldskred kunne sjå attende på 40 år som eigar av busselskap, sjåfør og føregangsmann for trafikkutviklinga på Hareidlandet. Han vart kalla Kollen, og bussane han åtte, vart kalla Kollenbussane.

Kolbjørn Moldskred.

Kommunalt ølutsal fører til liberalisering

Det gjekk sakte, men sikkert tilbake med fråhaldsrørsla i Ulstein og Hareid på 1980- og 1990-talet. Men alkoholbruken mellom ungdomsskuleelevane hadde minka dei siste ti åra. Det synte lokale granskingar. Medan det var flest gutar som brukte alkohol i 1981, var jentene i fleirtal på dette området ti år seinare. I 1991 svarte 54 prosent av elevane ja på spørsmålet om dei hadde smakt alkohol. I 1981 var ja-prosenten 72. Av dei som hadde smakt alkohol, var det i 1991 35 prosent som brukte alkohol jamt, men berre fem prosent svarte at dei brukte stoffet fire gonger i månaden eller meir. I 1981 var desse tala høgare, forklarte Vikebladet Vestposten.

Café Nova og Loftet Spiseri fekk skjenkeløyve i 1996.

Kommunedeling

Det første tiåret på 1900-talet voks folketalet i Ulstein nokså mykje. Hareid sokn auka med 388 personar frå 1900 til 1910, medan Ulstein sokn voks med 377. Folketeljinga i 1910 viste at det budde 41 personar i Vattøy krins, 203 på Flø, 876 på Vik og Skeide, 328 i Hasund krins, 168 i Dimna, 85 på Hatløya, 211 i Haddal og to på Grasøyane.

Spjutøya før 1925.

Kommunekampen

Diskusjonen om kommunesamanslåing vart alt meir intens utover i 2015 og 2016. Fleirtalet mellom politikarane i Ulstein kommunestyre gjekk i januar 2016 inn for å halde ei rådgivande folkerøysting om kommunereforma, der også ungdommar skulle få røysterett.

Knut Erik Engh.

Kommuneval

Som vanleg var det ein massiv debatt i spaltene til lokalavisa før kommunevalet i 2007, side opp og side ned. I tillegg hadde avisa si eiga redaksjonelle satsing på kandidatane. Valet gav Ap 838 stemmer (26,2 prosent) og sju representantar, ein meir enn perioden før.

Hannelore Måseide vert første kvinnelege ordførar i Ulstein.

Kommuneval og folketal

Utover i 1955 var det diskusjon i Vikebladet om vallistene i Ulstein. Skulle det vere partilister, felleslister eller krinslister. Alt tidleg på året var det avgjort at Venstre og Arbeidarpartiet ville stille med reine partilister.

Etter valet vart Knut Ertesvåg (V) attvald som ordførar.

Kommuneval og politikk

Det som først og fremst prega kommunevalet i Ulstein hausten 1987, var at kommunen stadfesta stillinga si som Høgre-kommune. Med åtte mandat var Høgre framleis det klart største partiet, og den ny Frp-lista hadde ikkje rokka ved denne posisjonen.

Ottar Kaldhol (Ap) blei valt til ordførar i 1987. Målet var at Kaldhol no skulle vere ordførar på heiltid. Turid Folkestad (V) vart ny varaordførar, som den første kvinna i denne posten i Ulstein. Det var så meininga at Arne Walderhaug (KrF) skulle ta over som varaordførar etter to år, i 1990.

Kommuneval og rådhus

Frå 1. januar 1964 var Eiksund ein del av Ulstein kommune. Ved valet 23. september 1963 skulle eiksundbuarane for første gong røyste i kommunen. Med det ville kommunestyret bli utvida frå 21 til 25 representantar og med sju i formannskapet. I midten av september 1963 presenterte Vikebladet partilistene, V, Ap, Sp, H og KrF. Valet gav Høgre flest stemmer med 379, seks mandat, KrF fekk 368 og fem mandat, Arbeidarpartiet 360 og fem mandat, Venstre 329 og fem mandat, og Senterpartiet 254 med fire mandat.

Spørsmålet om å føre Eiksund over frå Herøy til Ulstein vart diskutert alt tidleg på 1950-talet, sjølv om ingen ting skjedde før på 1960-talet. Men i november 1953 kan lokalavisa fortelje at Eiksund-folket ikkje var lystne på å skifte kommune. Det var særleg økonomiske forhold som talde mot. Folket resonnerte slik at Herøy trass alt hadde sterkare ryggrad, meinte Vikebladet. Eiksund krins med øya Eika var del av Herøy kommune fram til 1964, då krinsen vart overført til Ulstein kommune. Dette området hadde då 222 innbyggjarar.

Kommunevalet

I september 2019 var det kommuneval. Etter ein intens valkamp, der mykje handla om kommuneøkonomien i Ulstein, enda med at Frp fekk seks representantar i kommunestyret, Ap fem, Høgre fem, KrF tre, Sp tre Venstre to og SV ein. Ti av dei 25 representantane var kvinner. Kort tid etter at valresultatet låg føre, kom meldinga om at Knut Erik Engh (Frp) ville få halde fram som ordførar, medan Stian Lehmann Scheide (H) vart varaordførar.

Artikkelen er henta frå boka "Ulstein veks fram".

Kommunevalet

Kommunevalet i Ulstein i 1999 vart ein siger for Høgre med heile 837 røyster og 8 mandat (+2), KrF 586 (5), Ap 563 (5), Frp 314 (2), Venstre 260 (2), Sp 229 (2) og SV 132 (1). Men valet demonstrerte også at det var eit stykke igjen til likestilling i Ulstein; kvinnene hadde ein tendens til å bli strokne av listene.

Kommunestyret. Bildet er frå 2014.

Kommunevalet

Kommunevalet i 2015 gjorde Frp til det største partiet i Ulstein. Kanskje vart Ap og Høgre straffa av veljarane fordi partia hadde ivra slik for å realisere det påkosta Arena-prosjektet. Eit samarbeid mellom Frp, KrF, Venstre, Sp og SV gjorde Knut Erik Engh (Frp) til ordførar og Steinar Torvik (KrF) til varaordførar. Frp fekk 21,3 prosent av stemmene og 6 representantar, Høgre 21 prosent (5), Ap 19,7 (5), KrF 13,1 (3), Venstre 12,2 (3), Sp 7,7 (2), SV 3,4 (1) og Dei kristne 1,6 (0). Kommunestyret vart samansett av 17 menn og åtte kvinner. Magne Grimstad jr., som hadde vore ordførarkandidat for Ap, trudde at årsaka til at Ap og Høgre gjekk tilbake, var at desse partia hadde stått på for å realisere Arena: – Mange innbyggjarar er uroa for den høge gjelda i Ulstein kommune, og trur at vi ikkje tek bekymringar innover oss. Andre parti, ikkje minst Knut Erik Engh og Frp, har vore dyktigare til å målbere kor viktig det er å drive ein økonomisk ansvarleg politikk. Men eg vil minne om at Frp og dei andre partia har stemt for 1,3 milliardar av det totale gjelda i kommunen, sa Grimstad ifølgje lokalavisa.

Artikkelen er henta frå boka "Ulstein veks fram".

Kommunevalet 2011

I september 2011 var det klart for nytt kommuneval. Ein koalisjon mellom partia Høgre, Frp, Venstre og Sp la kabalen i Ulstein og kåra Jan Berset (H) til ordførar og Knut Erik Engh (Frp) til varaordførar. Jan Berset hadde bak seg fem periodar i Ulstein kommunestyre, to av dei som ordførar. Den førre ordførarperioden hans vart avslutta i 2003.

Jan Berset.

Kommunevalet i 2003

Eitt av dei siste signala ordførar Jan Berset (H) sende ut før valet i september 2003, handla om fortetting og miljø i Ulsteinvik. Han ville ha fleire etasjar på sentrumsbygga, bustader på toppen av forretnings- og kontorbygg, fortetting og utbygging av store opne plassar og forsiktig utbygging på nedsida av Sjøgata; miljø på premissane til gåande og handlande.

Jan Berset.

Kommuneøkonomi og stigande arbeidsløyse

Innstramminga i kommuneøkonomien og den stigande arbeidsløysa ved starten på 1980-talet må delvis sjåast i samanheng med situasjonen nasjonalt. Då lønner og prisar slapp laus igjen i 1980 etter pris- og inntektsstoppen, nådde inflasjonen snart nye høgder – med ein topp på 14 prosent i 1981.

Ulstein Verft, 1980-talet.

Kommunikasjonar

På Sunnmøre hadde folket alltid vore meir opptekne av kommunikasjonar enn av kommunesamanslåing; bruer, tunnelar, hyppige ferjeavgangar, hurtigbåt, flyavgangar. Derfor jaga politikarar, entusiastar og næringsliv stadig vidare. På Søre Sunnmøre var dei vinteren 2004 godt i gang med Eiksundsambandet. Den undersjøiske tunnelen skulle knyte øybuarane til fastlandet og samle Søre Sunnmøre til eitt rike. Eiksundsambandet var likevel ikkje nok til å gi regionen vekst.

Eiksundbrua – over til Eika – vart i slutten av mai 2005 overlevert frå entreprenøren Reinertsen Anlegg AS til Statens vegvesen. Med det var Eiksundsambandet eit steg nærare realisering. Men det skulle enno gå snart tre år før tunnelen kunne opne.

Kommunikasjonar

Transporten på land gjekk gjerne for seg med hest og kjerre, men i 1916 kan vi lese i avisa Aarvak at Ole J. Skeide har søkt om å få starte med bilrute i kombinert person- og varetransport. Bilen han skaffa seg, kom til bygda i juni 1916, og planen var rute frå Flø til Kjeldsund, ja, kanskje også til Larsnes. Dette var den første bilen i Ulstein, ein Toledo Overland 1912-modell. Men ikkje alle såg like positivt på framsteget. Ein av dei som ikkje likte saka, var Olaf Ringstad som gav uttrykk for meininga si i eit innlegg i avisa.

Ein Moldskredbuss på veg gjennom Hareidsdalen.

Kommunikasjonar og renovasjon

Midt i oktober 2016 skreiv Fjord1, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Havila under avtalen som gjorde at ferjeselskapet skifta eigar. Den nye eigaren var Sævik-selskapet Havilafjord AS: – No er vi det største selskapet for ferjedrift i Noreg, og det er ein posisjon vi aktar å kjempe for å halde på, slo Per Sævik fast i samtale med Vikebladet Vestposten.

Midt i mars 2017 utropte fylkeskommunen Fjord1 til anbodsvinnar for mellom anna ferjestrekninga Hareid-Sulesund.