Hannelore Måseide

Hannelore Måseide er første kvinnelege ordførar i Ulstein. Ho blei vald som ordførar ved kommunevalet i 2003. Ved kommunevalet 2007 blei ho vald på nytt.

Hannelore Måseide.

Hans B. Osnes

Hans Berntson Osnes var fødd på garden «Gjerde» midt i sentrum av Ulsteinvik 19.06.1872 og døde 14.10.1958, 86 år gammal. Foreldra hans var Bernt Larson Osnes og Anne-Marta Johannesdotter Nesset i Hareid.

Hans B Osnes.

Hans Dragesund

Denne artikkelen bygger hovudsakleg på ein artikkel av Ragnar Ulstein og stod trykt i jubileumsskriftet til Ulstein Sparebank 1927 – 1977.

Hans Emanuel Augustinusson Wigg

Augustinus Pederson Vik, f. Bigset (1831-1905), og Gurine Hansdotter, f. Saunes (1835-1916), hadde sju born som vaks opp, fem gutar og to jenter. Ein av desse var Hans Emanuel Augustinusson Wigg, tredje eldste i søskenflokken og fødd 6. juni 1864.

Hans Wigg i hagen utanfor “Haugen”

Har demokratiet ein pris?

Eg utdannar lærarstudentar som skal undervise i samfunnsfag i den norske skulen. Mandatet som storsamfunnet gir dei komande lærarane er at dei skal legge til rette for utvikling av demokratiforståing og dermed demokratisk danning hjå dei oppveksande slekter.

Henry Urke ein gong i 1950-åra.

Har digitalisert 2.500 sider med Ulf-historie

Terje Eiken, mangeårig dirigent i Musikklaget Ulf, har gått gjennom og digitalisert alle styreprotokollar, årsmeldingar, brev og oppslag i lokalavisa frå starten i 1893 og fram til 2022. Innhaldet har Eiken samla i eit eige hefte.

Terje Eiken brukte sju år på å gjere all tilgjengeleg informasjon om Musikklaget Ulf digitalisert og samla i hefteform. Foto: Jorulf Myrene/Vikebladet Vestposten

Har Ulsteinvik eit byrjingsår?

Råser mellom gardane

I 1820 var her ikkje nokon veg i det som i dag er tettstaden Ulsteinvik, berre råser mellom gardane. Alle husa på Osnes (området frå Halsen til kyrkja) låg i ei klyngje nedanfor Osnesbrauta.

Frå Reiten til kyrkja var her ikkje eit einaste våningshus før etter 1860.

Utsnitt av Ulsteinvik sentrum like etter århundreskiftet.

Hasund Mannskor

Hasund mannskor vart skipa hausten 1934 og øvingane starta på nyåret 1935 med Johannes Sundgot som dirigent. Fleire av dei som starta mannskoret var tidlegare med i Hasund og Dimnøy blandakor med Enok Hasund som dirigent. Dei fleste av medlemane var også med i HDU der Enok også var dirigent.

Dette bildet er frå friluftsfesten i Legehaugen 1971.

Hasund og Dimnøy ungdomsmusikkorps

Starten

Det var på årsmøtet i Hasund og Dimnøy ungdomsforening 1. februar 1920 at formannen kunne opplyse at no skulle foreininga få sitt eige musikkorps. Instrumenta vart kjøpte i 1919.

Det var medlemer i Hasund og Dimnøy kristelege ungdomsforeining Enok Hasund fekk med seg og starta HDU. Hasund var formann i foreininga, og var sjølvskriven dirigent. Han var skulelærar med musikkutdanning, og hadde i 1893 vore med å starte Musikklaget Ulf i Ulsteinvik. Dette korpset var det medlemer i ungdomsforeininga i Ulsteinvik, som starta. Hasund var nestformann i foreininga i Ulsteinvik som hadde medlemer innover frå Strandabø og vidare innover til Botnen.

Hatlø Verksted 50 år 1909-1959

To unge menn dei gjekk og kika,
att og fram her i Ulsteinvika.
Det var tomt til verkstad dei leita etter
og det var brørne Thomas og Peter.

Dette samansette biletet syner Thomas (til venstre) og Peter Hatlø.

Hatløya og Borgarøya på 20-og 30-talet

(Første del av denne artikkelen stod i «Levd liv, årsskrift for Ulstein historielag 2009)

Livet på Borgarøya og Hatløya i 1920-åra

Håkonsholmen høyrde sjølvsagt med til denne skulekrinsen, eller skal vi seie grenda, men Håkonsholmen har vore omtala tidlegare i «Levd liv» så vi viser til det.

Borgarøya anno 2006.

Heilage spark på ballen

Ein morgon i november 2012 vakna eg med ein song på leppene. Det gjer eg ikkje så ofte. Men denne gongen merka eg at eg hadde smilt i søvne; langt inn i den drøymande medvits-løysa slo smilet inn og vekte meg. Ei stripe lys seiv inn mellom gardinene, og biletet frå songen stod tydeleg for meg: Sisyfos!

Ekte idrettsglede etter at cupfinala var sikra: Tor Einar Wivelstad og Eldrid Anne Vik bak. Foto: NRK.

Heimefronten

Det militære motstandsarbeidet på Sunnmøre starta seinare og fekk eit mindre omfang enn mange andre stader i landet. Bakgrunnen for dette kan vere den store Englandsfarten som tappa distriktet her for mange av dei mest kampvillige ungdommane. Sunnmøre låg lagleg til for å registrere den tyske skipstrafikken forbi Stad. Det vart ein viktig del av motstandsarbeidet å sende sjømilitære etterretningar til England og hjelpe sabotasjegrupper som vart sende inn av engelske styresmakter.

Politikonstabel Sverre Osnes, fødd 9. november 1914. Skoten og drepen 12. juli 1941 ved eit mistak av ein los, då han etter ordre skulle hente han til losteneste.

Helse og omsorg

I mars 1962 feira Ulstein Sanitetsforeining 50-årsjubileum. Leiar i jubileumsåret var Borghild Lynge. Ho kunne gle seg over at foreininga no talde 1475 medlemer. Lynge peikte på at mangt hadde endra seg dei siste ti åra: – Vi har fått velferdsstaten med sine trygder og ordningar. Det har nok delvis forandra arbeidet i sanitetsforeininga. Men oppgåver er det nok av; omsorg og hjertelag er det bruk for mellom medmenneska våre, ja, kanskje meir enn nokon gong, sa ho.

I mars 1962 feira Ulstein Sanitetsforeining 50-årsjubileum. Leiar i jubileumsåret var Borghild Lynge.

Helsingar

FRA DET VESTLANDSKE INDREMISJONSFORBUND

Når Ulsteinvik Indremisjon nå rundar dei hundre år, er det ei stor glede å få helsa frå Det Vestlandske Indremisjonsforbund. Det er inspirerande å tenkje på at det i mange av våre bygder har vore organisert indremi­sjonsarbeid i så lang ei tid som hundre år.

Ole Abel Sveen
Ole Abel Sveen

Hendingar i næringslivet elles

Det var tunge tider for delar av butikkbransjen rundt 2014-15. Internett tok over ein større del av handelen frå ein del bransjar, og dei usikre tidene i 2015 – med permitteringar, oppseiingar og stigande arbeidsløyse gjorde sitt til at folk heldt hardare på lommeboka. Torsdag 8. januar 2015 melde lokalavisa at Eiken Bok & Papir AS avvikla drifta. Ei av dei mest tradisjonsrike forretningane i Ulsteinvik gav seg etter 54 år. Det var Arne J. Eiken som starta butikken i 1961. I 2012 tok Øystein Muren over som dagleg leiar, men bokhandelen Eiken Libris klarte ikkje å kome over kneika som no råka bokhandlarbransjen: – Det er trist, men samtidig er eg stolt over den bokhandelen vi har drive. Eg vil oppmode kundane om å ta vare på dei lokale butikkane som er igjen i regionen. Saknet etter dei kjem oftast ikkje før dei er borte, og då er det for seint, sukka Øystein Muren i intervju med Vikebladet Vestposten.

I slutten av juni 2017 var det slutt på 36 års butikkhistorie i Ulsteinvik – då Elle Boutique heldt opphøyrssal. Bente Hansen hadde teke over butikken etter Liv Haram Abbou i juli 2015. Haram Abbou hadde drive den eksklusive klebutikken i 34 år.

Hendingar i næringslivet elles

Det skjer mykje i næringslivet i Ulstein utover på 1980-talet. Vinteren 1980 vart følgjande forretningstomter tildelte på det utfylte Nyland i Ulsteinvik: Bård Vikanes/Radioservice AS, Flø og Flø AS, Overvåg Manufaktur og Norvald Skeide. Samtidig var industriområdet i Saunesmarka klart for utbygging, i alt 400 dekar. Veg, vatn og kloakk var på plass. Saunesmarka var opparbeidd og lagt ut for sal. Området skulle dekke trongen om areal til industri, verkstader og servicenæringar. No hadde Televerket og Øyehols Varehus tinga seg tomter der. Bossbrenningsanlegget med varmegjenvinning var også etter kvart på plass i Saunesmarka.

I oktober 1982 utvida Eiksund Auto AS anlegget sitt i Ulsteinvik. Ein ny bilhall på 450 kvadratmeter skulle byggjast i flukt med verkstaden og stå ferdig sommaren 1983. Eiksund Auto hadde no 21 tilsette, og etter utvidinga i Ørsta rekna dei med fem personar til.

Hendingar i næringslivet elles

Lat oss ta med nokre av hendingane i næringslivet i Ulstein i åra frå 2010 og utover til 2015. Det var mellom anna stadig endringar i restaurantnæringa i Ulsteinvik. I januar 2011 var det slutt for Skibet, og Den gamle naboen flytta inn i lokala på Geileneset. Drivarane av Skibet argumenterte med at dei ikkje hadde tid til å drive utestaden. No var det Alex i Alex AS som tok over. Det var ikkje alt som kom til å gå etter læreboka i tida framover.

Grønmyr-gruppen, som hadde bygd fleire private barnehagar i Ulstein-regionen, hadde ei tid hatt hand om eit tomteareal på Reiten. Planen var å reise ei blokk med bustader, Reitengrenda. I juli 2011 kjøpte Ulsmo Eigedom eigedomsprosjektet og bygde det opp til omkring 50-60 bustader, fordelt på fleire blokker. Dei fleste skulle leigast ut til arbeidstakarar ved dei store bedriftene i Ulstein, men nokre vart omsette på den opne marknaden. Bildet er frå 2021.