Misjonsforeininga Samhald feira i mars 1992 100-årsjubileum. I salen i Ljosheim på Ulstein var over 100 personar med på jubileumsfesten. Samhald var samansett av fire misjonsorganisasjonar, og den nest eldste av dei var Norsk luthersk misjonssamband. Foreininga var opphavleg stifta av Petra Olaviussen i 1892, som eit tillegg til den misjonsforeininga som alt var stifta på Ulstein, knytt til Misjonsselskapet. Olaviussen var primus motor i foreininga i 42 år. I referatet fortel Vikebladet Vestposten at foreininga i løpet av åra hadde hatt ein misjonær ute i feltet, Hilma Sundgot. Ho vart omtalt som ein pioner av folk frå Misjonssambandet. Bjørg Ulstein hadde i jubileumsåret arbeidd i 20 år som leiar for Misjonssambandet på Ulstein.
I oktober 1992 markerte foreininga Stormfuglen på Flø 80 år i sjømannsmisjonen. Dette var verkeleg foreiningsveteranar. Gjennomsnittet mellom medlemene var på 46 medlemsår, og til saman vart det 928 år i teneste for sjømannsmisjonen. Lengst medlemstid av dei alle hadde Kjellaug Sæter, heilt sidan 1922, altså 70 år. Jenny Flø stod med 68 år, Sara Flø og Astrid Kleiven høvesvis 64 og 62 år. Den noverande leiaren i Stormfuglen var Signy Eidem Flø, som hadde vore med sidan før krigen.
Det var i 1912 at kvinnene på Flø starta Stormfuglen. Den første leiaren var Maria Flø. Nikoline Roppen tok over i 1917 og hadde leiarvervet i 40 år. Dei siste ti åra fram til 1992 hadde foreininga samla inn 116.000 kroner til sjømannsmisjonen: – Det har vore ei lett foreining å drive, ikkje minst fordi vi er så mange, slo Signy Eidem Flø fast, ifølgje Vikebladet Vestposten.
Det er elles på denne tida at kvinnene i Noreg for alvor har byrja å vende blikket mot arbeid utanfor heimen. Talet på heimeverande husmødrer blir halvert frå 1980 til 1990. Ulstein var framleis eit nokså kjønnsdelt samfunn ved inngangen til dette tiåret. Det gjeld både yrkeslivet, politikken, familielivet og foreiningslivet. Men kvinnesaka, kampen for å endre den tradisjonelle kvinnerolla, hadde likevel fått eit visst fotfeste i prestegjeldet. Sidan kvinneåret 1975 har det blitt danna kvinnegrupper, og vi ser at det skjer ting innan til dømes idretten, som peiker mot endringar i det tradisjonelle kvinnesynet. Jentene byrjar så smått å spele fotball og drive med langdistanseløping. Men endringane skjer i det små og ikkje utan debatt. Vi anar at det går føre seg ein diskusjon om feminisme og kvinnefrigjering i det kristelege foreiningslivet. Av og til blir dette spegla i lokalavisene.
I Ulstein er til dømes både sokneprest Atle Hopland og soknerådsleiaren Eldar Husøy motstandarar av kvinnelege prestar. I januar 1988 kjem Foreningen for Bibel og Bekjennelse (FBB) med eit utspel i saka: FBB kan ikkje sjå at kvinnelege prestar er godkjende av kyrkja. Sokneprest Atle Hopland kommenterer til Vikebladet Vestposten: – Eg kunne ikkje ha tolerert at ein kvinneprest gjekk på preikestolen i Ulstein kyrkje. Eg spør meg, har vi brått på 10-20 år fått så mykje meir teologisk kunnskap og innsikt i Guds ord at vi kan setje strek over ein 1900 års tradisjon. I heile den katolske kyrkja, den anglikanske, aust-kyrkja og dei ortodokse kyrkjene er det menn som har prestetenesta. Så eg blir litt lei av denne stadige påpeikinga av at Den norske kyrkja er bakstreversk, og at ho verkeleg kan ha prestar som ikkje følgjer med i tida, og ser kva som rører seg i moderne teologi. Eg har sjølv fleire gonger hatt gudsteneste der kvinner har talt; også kvinner som har stått fram med profetisk bodskap. Kvinna høyrer med til det allmenne prestedømmet, som ein kvar døypt og truande gjer. Prestetenesta står heller ikkje over andre tenester i kyrkja. Men slik eg ser det, er dette med presteembetet knytt til mannen.
Hopland vart igjen avisstoff då han nekta KFUK/KFUM-leiar Irene Wenaas Holte å ta del som prest i ei gudsteneste i Ulsteinvik
Etter kvart la dei som ikkje kunne akseptere kvinnelege prestar seg lågare i det offentlege terrenget. Men det vart store medieoppslag då Evy Risa Kvamsdal vart den første kvinnelege prosten i Møre bispedøme. Kvamsdal hadde mellom anna leiarutdanning for kvinner i Den norske kyrkja og vart ordinert til prest i 1989. I mars 2000 vart Kvamsdal utnemnd til prost i Søre Sunnmøre prosti. Men då ho skulle ordinerast, valde fire av prestane å sitje i kyrkjebenkene framfor å gå i prosesjonen saman med prost, biskop og andre prestar. Dei var imot kvinnelege prestar. Ein av dei var sokneprest Atle Hopland. Kvamsdal slutta som prost i 2011.