Lat oss nemne nokre hendingar elles i næringslivet: I januar 1990 tok Åge Grimstad og Øyvind Osnes over musikkforretninga Laluna Platebar i Ulsteinvik. Dei tilsette svenske Maria Regner for å ta seg av den daglege drifta, men lokalavisa kunne fortelje at særleg Åge Grimstad kom til å vere engasjert i drifta. Det var Elisebet Grønmyr som hadde drive forretninga dei siste åra.
Den 31. januar 1990 gjekk teppet opp for Ulstein Dancing, den nye bestestova ved Ulstein Hotell. Heile 370 kvadratmeter med luksuriøs danserestaurant, godt med rom til 250 gjester og med scene som også kunne nyttast til andre underhaldningsinnslag enn dansemusikk: revyinnslag, storband, kor og liknande. Alt saman til ein samla kostnad på 2,7 millionar kroner: – Vi er opptekne av å samarbeide meir med lokale kulturkrefter, og no har vi lokalitetar til dette, forklarte hotelldirektør Steinar Sivertsen Kulen til lokalavisa.
I starten på 1990-talet såg det ut til at kveldsopne butikkar var komne for å bli. Norvald Berge ved FM-Kvantum i Ulsteinvik meinte at daglegvarebutikkane i lokalsamfunnet ikkje ville gå tilbake til tida då dei berre var opne til klokka 17. Kundane hadde funne seg til rette med utvida opningstider. Alle dei større daglegvareforretningane i Ulstein og Hareid hadde no kveldsope, og den politisk fastsette grensa var til klokka 20 på kvardagar og klokka 18 laurdagar.
Winge Viking i Ulsteinvik gjekk inn i 1990-talet som det største reisebyrået mellom Bergen og Trondheim i høve til å selje flybillettar. I eit år der flytrafikken over Vigra gjekk ned med fire prosent, fekk Winge Viking ein vekst på 20 prosent; størstedelen forretningsreiser. Men også feriemarknaden snudde på slutten av 1989 etter å ha vore rekordlåg: – Akkurat no sel vi meir feriereiser på ein dag enn vi gjorde på to veker i fjor. I 1989 gjekk omsetninga på feriereiser ned med 50 prosent, fortalde direktør Bjørn Klubbenes til Vikebladet Vestposten i februar 1990.
I 1990 hadde Henning Garnes drive blekkslagar-verkstad på Garnes i over to år. Bedrifta hadde to tilsette og var den einaste industriarbeidsplassen på Garnes. Mest arbeid hadde bedrifta som underleverandør til skipsindustrien, men dei tok på seg arbeid også innan bygningsverksemd. Før Garnes starta verksemda si i 1987, hadde han arbeidd som blekkslagar hos Sverre Kristensen i Ulsteinvik i 17 år. I Ålesund fekk han kjøpe maskinparken til ein blekkslagar som skulle slutte, og så installerte han den i garasjen heime på Garnes.
Våren 1990 var dei sju eigarane av campingplassen på Flø, Flø Feriesenter, i innspurten på dugnadsarbeidet med hyttene. Dei første gjestene ville kome til påske, og feriesenteret hadde no tingingar på meir enn 100 overnattingar for sommarsesongen. Det hadde vore viktig for turistsatsinga å leie kloakken bort, slik at hamnebassenget var reint. For å få kloakken frå feriesenteret inn på leidning som munna ut utanfor moloen, vart det bygt eit pumpehus. Også forsamlingshuset Vonheim var knytt på.
Flø Feriesenter auka talet på gjestedøgn med heile 500 prosent i løpet av 1991 samanlikna med året før. Og for juli 1992 var senteret alt fullteikna. Mange av gjestene kom frå land som Austerrike og Tyskland.
Den 1. april 1990 var det slutt på ein lang forretningstradisjon i Ulsteinvik; Ulstein Forbruksforening slutta med daglegvarer etter 118 år. Dermed fekk Ulsteinvik ei daglegvareforretning mindre. Konkurransen om matvarekundane hadde vore hard siste åra, med fire store daglegvareforretningar i sentrum og to store like i nærleiken. Køff, som var hovudgrossist for begge forretningane, slo no saman FM Kvantum og Ulstein Forbruksforening. FM-butikken hadde halde til i lokale leigde hos Sigrid Strand. Den nye butikken skulle halde til i det nye forretningsbygget som UFAS leigde med Ulsteingruppa.
Samtidig vart det kjent at Åse Dimmen Grimstad, dagleg leiar i Leiv Dimmen AS, ville selje den tradisjonsrike forretninga i Ulsteinvik sentrum. Dimmen Grimstad ønskte ikkje å drive elektrisitetsforretning lenger, og verksemda som var i familiens eige, vart lyst ut for sal. Leiv Dimmen AS hadde no 11 tilsette medrekna avdelinga i Fosnavåg. Nokre av desse var deltidstilsette: – Eg har kome til at det å drive denne forretninga er eit for stort ansvar for meg, og det er eit arbeid som tek mykje tid. Skal du gjere ein god jobb, må du henge i nesten heile døgnet. Det ønskjer eg ikkje, og derfor har eg bestemt meg for å trappe ned, fortalde ho til lokalavisa. Åse Dimmen Grimstad ville no konsentrere seg om gåveforretninga som ho dreiv i gamlehuset i Bøesvingen i Ulsteinvik. Ho tok over som dagleg leiar i Leiv Dimmen AS i 1982.
Det var i 1954 at Leiv Dimmen starta med installasjonsverksemd i Ulsteinvik. To år seinare opna han butikkutsal i Bøesvingen med kona Eli bak disken. I 1968 flytta forretninga inn i nytt bygg, og der dreiv Leiv Dimmen forretninga til han døde i 1981. I juni 1991 vart det kjent at Lisbeth Bøe tok over Leiv Dimmen AS. Ho hadde då vore dagleg leiar i eit år og drive avdelinga i Fosnavåg. Seinare kjøpte Ulstein Group Dimmen Elektro.
Ulstein Trelast satsa stort og bygde forretning i 1990, nye kontor og meir lager – til tre millionar kroner på eigedommen sin på Saunes: – Godt økonomisk resultat i 1989 og gode utsikter for byggjebransjen i regionen gjer at vi torer å satse så stort, slo disponent Rune Urke fast i samtale med lokalavisa. Det nye bygget, teikna av arkitekt Jarle Osnes, ville få eit samla bruksareal på 1100 kvadratmeter og skulle setjast opp i betong.
Ifølgje Vikebladet Vestposten var stemninga i Sunnmørsbanken i Ulsteinvik laber etter at fusjonen med Kredittkassen vart kjend 18. januar 1990. Men samtidig kjende dei tilsette ei lette over at den uvisse situasjonen var avklara. I slutten av mars fekk dei tilsette oppseiingsbreva sine. No var det klart at K-bank Nordvest skulle ha 23 årsverk i Ulstein og Hareid, og at sju tilsette kom til å misse jobben. Ved kontoret i Ulsteinvik måtte fem gå, men dei oppsagde fekk tilbod om ledige stillingar i Kredittkassen elles i landet i eit år framover.
I mai 1990 offentleggjorde den nye banken Kredittkassen Nordvest toppstillingane i området. I Ulstein tok Bergsvein Øvrelid over etter Jon Ertesvåg som banksjef. Men han skulle vere underordna Arve Moltubakk, sjef for Region Vest i Fosnavåg.
I juni 1990 var det klart for nyopning av den tradisjonsrike forretninga Møbelcentralen i Ulsteinvik sentrum. Forretninga hadde opphørssal i januar ettersom den dåverande drivaren, Inge Seljeset, vart pensjonist. Det hadde ei stund vore tvil om kva lokala skulle nyttast til, men no var det klart at det framleis skulle dreie seg om sal av møblar. Møbelcentralen opna som aksjeselskap der Odd Arne Seljeset, son av den tidlegare drivaren, hadde gått i kompaniskap med Rolf Lillestøl frå Moltustranda. Frå før var dei kollegaer ved Vågen skule i Gursken. Inge Seljeset starta forretning og produksjon av stoppa møblar i lokala i 1956; då var bygningen ny. Etter kvart gjekk han meir og meir over til berre å selje møblar, men heldt fram med stopping av skipsputer og omstopping av møblar til omkring 1980.
I juli 1990 vart det zoo-butikk i Ulstein. Mona Ulstein hadde lenge gått med planar om å starte ein slik butikk, men først dette året vart det fart i sakene. Og no kunne ho opne dørene til Ulstein Zoo i AU-bygget i Ulsteinvik. Mona Ulstein meinte at det skulle vere marknad for butikken. Fleire hadde skaffa seg kjæledyr, og ho meinte det kunne trengast eit spesialutsal for denne gruppa. I tillegg hadde forretninga akvariefisk, diverse fugleartar og smådyr som hamster, marsvin og kaninar – og sjølvsagt alt frå hundemat til diverse føde for fuglar, fisk og smådyr. Det skulle vise seg å vere marknad for ein slik butikk i Ulsteinvik, og sjølv om Mona flytta frå Ulstein etter kvart, er det framleis ein zoo-butikk på Amfisenteret i bygda.