Hausten 1980 runda Eiksund kvinneforeining 100 år. Margit Eiksund kom med eit historisk attersyn i Vikebladet. Foreininga vart skipa av O. J. Eiken i 1880, og han var drivkrafta dei første åra. Dei samla seg ein gong for fjortendagane, song og bad for misjonsarbeidet og las misjonsbladet. Strømper, lester og vottar i alle storleikar vart gode auksjonsvarer til den årlege basaren. Auksjonarius var i lang tid Johan Henriksen Havåg. Første tida heldt dei til i skulen, men då samlingshuset i Eiksund kom i bruk i 1915, møttest dei der. Skikken med at basaren skulle vere 3. juledag, varte til slutten av 1940-åra, og grunnen var at dei ville ha han frå seg før karane reiste på fiske. Men så kom det ei tid då fisket tok til før jul, og då vart basaren flytta fram ein månad.

Vinteren 1982 runda den såkalla Osnesforeininga 60 år med jubileumsfest på Ulsteinvik bedehus. I eit intervju med lokalavisa kunne Ingeborg (Bolla) Osnes sjå tilbake på ei misjonsforeining med stor aktivitet. Men fram mot jubileumsåret hadde rekrutteringa svikta. Dei hadde byrja å bli gamle dei som var med.

I april 1982 markerte Ulstein kristelege blandakor 50 år. Det var i ei av dei største vekkingane som hadde gått over Ulstein, i 1931, at Kristenfolkets sangkor vart skipa i 1932. Første kvelden møtte om lag 80 unge og eldre fram for å vere med. Sokneprest Otto Holmås, som hadde vore aktiv under vekkinga, vart den første dirigenten for koret. Men presten hadde mange gode medarbeidarar, både åndeleg og musikalsk; Severin Hop, Edvard Standal, Osvald Ulstein som var formann i ungdomslaget. Enok Ulstein var òg sentral.

Kormedlemene var elles aktive i lagsarbeid, så som ungdomsarbeid, misjonsarbeid og yngresarbeid, fortel Oddmund Ulstein i det historiske attersynet. Då sokneprest Holmås slutta som dirigent, tok lærar Johan Sæter over. I han fekk koret ein dugande leiar, men interessa mellom kormedlemene vart etter kvart lita nokre år, og dirigenten vart motlaus. Koret var såleis lite aktivt siste delen av 1930-talet. Men i første halvår i 1940 gjekk det ei vekking over bygda. Ifølgje Oddmund Ulstein var det Kristian Myklebust som stod i den vekkinga. Då kom det ny fart i korsongen. Leiar var no Johs. H. Saunes, og koret talde 30 songarar. I 1943 kom det ei ny vekking over bygda med emissær Dyrseth i spissen. I denne vekkinga kom det mange unge med, fleire av dei aktive songarar frå før, og dei fann no plassen sin i blandakoret. Koret skifte namn og vart til Ulstein kristelege blandakor. Femtiårsjubileet vart høgtida med festkveld på Ulsteinvik bedehus laurdag 3. april 1982.

Ulstein kristelege blandakor hadde eksistert i 52 år då koret song sin siste tone hausten 1984. Koret hadde hatt vanskar med rekrutteringa, og no hadde det blitt umogleg å halde fram. Birger Ulstein hadde dirigert dei siste 20 åra. Koret hadde hatt mange dirigentar, mellom desse organist Hop, Johan Sæter, Johannes Saunes, Oddmund Indreeide og Magne Grimstad sr.