Perioden frå midten av 1960-talet og kring 20 år framover var gullalderen for lokale popgrupper og rockeband. Då kunne store offentlege dansar rundt om på samfunnshus og utearenaer samle hundrevis av ungdommar – frå nær og fjern. Dei kom gjerne køyrande i fullasta bilar; rikeleg med drikke og med kvar sin gong å vere privatsjåfør. Stimmelen etter dansane vart både ungdommar, politi og foreldre godt kjende med via Haldeplassen i Ulsteinvik. Sjølvsagt var det fyll, slåsting og spetakkel. Men dansane gav også unge musikarar høve til å spele for eit stort publikum, tene pengar og gjerne skaffe seg ein tilhengarskare.
Ei slik lokal gruppe var Alice frå Ulsteinvik. Dette bandet nådde lenger enn mange andre, ikkje minst fordi medlemene var unge og ambisiøse – og satsa heilhjarta på å leve av musikken sin. Det klarte dei også, ei stund. Dei fekk sin flokk tilhengarar lokalt, men oppnådde meir enn det. Plateinnspeling, deltaking i NM for rockeband, spelejobbar på Club 7 og elles over heile landet, høyrer med til denne historia.
Alice starta i Ulsteinvik i 1978. Ståle Rasmussen (f. 1957) var akkurat ferdig med militæret. Det same var den like musikkinteresserte kompisen, Ronny Jakobsen. Ståle spelte gitar og song. I tillegg skreiv han eigne songar. Han hadde mellom anna spelt ein kort periode i det lokale bandet Jordek Express. Ronny var trommeslagar. No fekk dei med seg vartdalingane Geir Arne Boska (gitar og song) og Eldar Vartdal (tangentinstrument) og ulsteiningen Bjørn Barstad (bass). Vartdal var berre 16 år og kombinerte spelinga i Alice med lærlingjobb på verftet i Ulsteinvik. Seinare vart medlemer skifta ut, og nye kom med. Mellom desse var gitaristen Rune Ertesvåg, som var på plass i Alice på nyåret 1979. Rune var såleis med under NM i rock 1979 og under plateinnspelinga etterpå.
Karane i Alice var ambisiøse då dei starta i 1978, opptekne av musikk på grensa til det nerdete, levde og ånda for tonekunst døgnet rundt. Dei ville rett og slett prøve å leve av å spele i band. Ronny Jakobsen og Ståle Rasmussen, som altså kom frå militæret, måtte ha noko å leve av. Dei andre medlemmene sa opp gode jobbar og kasta seg ut i bandlivet. Dei tok opp banklån, kjøpte musikk- og lysanlegg og ein brukt Fiat varebil som dei bygde om til bandbuss. Seinare kjøpte dei ein liten buss, slik at eit par av karane måtte ta bussertifikat. Dei fekk også tidleg med seg ein teknikar/manager/lydmann, Svenning Vang, som dreiv Laluna Platebar i Ulsteinvik. Gjennom Vang hadde karane også direkte tilgang til det nyaste av det nye innan pop- og rockegenren.
Dei øvde mykje og fekk seg øvingslokale i kjellaren på gamle Ulstein skule. Her spelte dei gjerne på dagtid: – Vi var veldig seriøse, og ansvarlege. Vi gjorde det beste ut av det, nådde dei måla vi sette oss, gjennom hardt arbeid, og så hadde vi vit til å slutte når tida kom, summerer Rasmussen opp.
Resultata viste seg raskt. Ikkje berre fekk bandet ein lokal fanskare, gruppa gjorde seg også kjend for eit større publikum. Springbrettet var NM i rock 1979. Dette arrangementet vart organisert gjennom ei rekke distriktsfinalar rundt om i Noreg. Vinnarane av desse møttest til finale. For Alice gjekk vegen om distriktsfinalen i Ålesund. Dei tok både publikum og dommarar med storm og vann konkurransen.
Tore Lande hadde vore primus motor for Trøndersk Meisterskap i rock i fleire år då han i 1979 første gongen tok konseptet ut til heile nasjonen gjennom den nystarta noregsmeisterskapen for rockeband. Finalen fekk stor mediedekking. Konkurransen var tøff, og gruppa frå Sunnmøre nådde ikkje opp. Den TV-sende konserten vart vunnen av Oslo-gruppa Broadway News med mellom andre Lage Fosheim og Eivind Rølles. For Alice var NM-finalen ei positiv oppleving. Gruppa vart også representert på musikkalbumet NM for Rockeband 1979 med Street Diamond (Ståle Rasmussen). Ikkje lenge etter fekk Alice platekontrakt. Jo Tylden i PolyGram likte det han høyrde av bandet. No måtte låtskrivar Ståle Rasmussen fiske opp fleire tekstar og melodiar. Dei spelte inn plata i Rosenborg Studio på Majorstua. Det vart til maxi-EP-en Hald kjæft (når du snakkar te mej) med tre songar skrivne på sunnmørsdialekt.
Frå sommaren 1979 starta Alice for alvor med å reise land og strand rundt for å spele profesjonelt. Mellom turane er gruppa tilbake ein visitt og spelar for heimefansen. I 1983 var det altså slutt. Då hadde bandet i løpet av fire-fem år skaffa seg ein tilhengarskare, ikkje minst lokalt, og vore til inspirasjon for musikkmiljøet i regionen. Då det var slutt, dreiv fleire av bandmedlemene vidare med musikk på andre arenaer. Ståle Rasmussen drog til Oslo for å bli siviløkonom på BI. Medan han studerte, skaffa han seg inntekter gjennom ulike spelejobbar. Han var korist i fleire NRK-program som Grand Prix og Lørdan. Han var også med i banda Septimus og Mr. Walker & The Walkmen – saman med Steinar Fjeld og Rolf Graff. Det vart dessutan ei plateutgiving med Mr. Walker & The Walkmen. Etter at han kom tilbake til Ulsteinvik, har Rasmussen halde fram med å spele litt i fritida. Ein annan av bandmedlemene som framleis er aktiv i det lokale musikklivet, er gitaristen Rune Ertesvåg.