Saman med rådmann Asbjørn Waage var kommuneingeniør Bjarne Reite ein av dei som må seiast å vere far til det nye Ulstein. Då han hadde den siste arbeidsdagen sin på Ulstein rådhus og vart pensjonist i slutten av september 1985, laga Vikebladet eit lengre intervju med han. Reite kom til Ulstein i 1962, akkurat då utviklinga i kommunen verkeleg fekk fart på seg.
Kommuneingeniøren må såleis ta på seg mykje av ansvaret for Ulsteinvik slik det stod fram i 1985, hamneutbygginga, bustadfelta og skulebygga, for å nemne noko frå haugen av saker. Alt hadde ikkje gått like glatt, men ifølgje lokalavisa hadde Reite hatt ei eiga evne til å takle både politikarar og den grunneigaren som fekk vegen over eigedommen sin. Reite vart vitne til at bygda på få år skulle utvikle seg frå fiskeri- og jordbrukskommune til ei stor industribygd. Reite og kollega Waage stod heile tida i det opp til haka for å løyse alle dei utbyggingsoppgåvene som melde seg med industriutviklinga.
I intervjuet er Reite rask med å understreke at han har handla på direktiv frå politikarar og rådmann. Utviklinga i Ulstein hadde gått så raskt at han hadde hatt lite eller inga tid til å planlegge eigne prosjekt som kommuneingeniør. Dei hadde hatt nok med å setje ut i livet det som utviklinga førte med seg: – Eg har opplevt samarbeidet med politikarane som godt. Dei har bakka oss opp når vi har skulla gjennomføre upopulære tiltak, fortalde han. På spørsmål om kva som hadde vore dei viktigaste prosjekta i dei 23 åra han hadde vore i Ulstein, svarte han: – Utbygginga av sentrum, bustadfelta og skulane. På alle desse områda har det vore ei fantastisk utvikling. Tenk på korleis Ulsteinvik sentrum såg ut midt på 1960-talet, og korleis det ser ut i dag; korleis det ser ut med vegar og utfylling. Skulane har kome slag i slag. Det første eg fekk vere med på, var tilbygget til barneskulen – og idrettshallen. Sidan kom ungdomsskulen og gymnaset. Og bustadbygginga, er du klar over at då eg kom hit, fanst her ikkje eit einaste bustadfelt. Etter den bygningslova som gjaldt då, kunne folk i krinsane setje opp husa sine akkurat slik dei ville. I 1965-66 kom generalplanutvalet i gang. Då tok den nye bygningslova til å gjelde, og alt skulle inn i meir kontrollerte former. Dei første byggjefelta vi planla, var Bugarden og Solhøgda på Støylane. Og så må vi ta med planlegginga og bygginga av rådhuset som stod ferdig i 1966, summerte Reite opp i samtale med lokalavisa, og la til:
– I dag er det 12 personar tilsette ved teknisk etat. Då eg starta, var eg åleine på Sjøborg der kommuneingeniøren hadde kontor den gongen. Eg har hatt det mykje rolegare etter at vi fekk tilsett teknisk sjef i Ulstein kommune i 1976. Han tok over mange av dei oppgåvene eg hadde før.