Då Ulstein Sanitetsforeining samlast til årsmøte på Sundgot bedehus i februar 1980, hadde medlemstalet kome opp i 2051. Det var sanitetskvinnene i Hasund som stod for det praktiske opplegget, og dei kunne ønskje deltakarar frå heile kommunen velkomne til eit festpynta lokale, i alt over hundre aktive sanitetskvinner. Gyda Breivik ønskte velkomen, Karin Ertesvåg talte, Liv Ertesvåg las dikt og Kristian Ertesvåg hadde to songavdelingar til tonefølgje på piano av Sverre Ottesen. Marie Breivik var leiar for Ulstein Sanitetsforeining.
Vinteren 1984 samla Ulstein Sanitetsforeining seg til årsmøte i Eiksund samlingshus, og årsmeldinga vitna om høg aktivitet. Dei om lag 100 aktive i laget dreiv eldresenter, varmbad, eldretrim og var engasjerte i narkotikaproblem, for å nemne nokre av aktivitetane. Jorun Waage, som hadde vore leiar, gav no klubba vidare til Inger G. Ulstein. Ho kunne gle seg over eit samla medlemstal på heile 2500.
Hasund og Dimnøy skulekorps runda 10 år vinteren 1980. Korpset baud inn til stor fest på Ulstein samfunnshus. Det var ein lærar som nyleg hadde kome til krinsen, Ottar Grasvik, som tok på seg aspirantopplæringa, og frå starten av kom det med 47 born. Alt til 17. mai i 1970 kunne korpset ta del i markeringa. Korpset hadde hatt mange oppgåver opp gjennom dei ti åra, mellom anna hadde det blitt tradisjon at korpset spelte når Kleven hadde skipsdåpar. I 1974 vart Asbjørn Kleven dirigent for korpset som i 1980 talde 74 musikarar medrekna aspirantane.
Haddal skulekorps markerte våren 1980 femårsjubileum. Odd Rindalsholt var framleis dirigent. Det var i desember 1974 at startskotet small, og då øvingane kom i gang eit par månader seinare, talde korpset 23 medlemer. Det var stor stas då bygda fekk sitt eige korps i 17. mai-toget. I 1980 talte korpset 37 musikantar.
Då korpset runda 10 år i april 1985, var det ingen tvil om at musikantane hadde spelt ei viktig rolle i kretsen. Dirigent var framleis Odd Rindalsholt, og tre av medlemene i korpset hadde vore med heile tida. No talde korpset 39 medlemer. Då korpset starta øvingane vinteren 1975, var det ikkje noko musikkmiljø i bygda, og sjølv om bygda hadde kor, var starten på korpset eit pionerarbeid. Til jul 1976 fekk korpset uniformer.
Hasund og Dimnøy ungdomsmusikk runda 60 år våren 1980. Dei markerte jubileet med konsert og fest på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik. Ottar Grasvik var dirigent for korpset i jubileumsåret.
Ulsteinvik skulekorps kunne i mars dette året markere 30-årsjubileum. Korpset starta som gutemusikk, men hadde skifta namn og talde no 52 musikarar og 33 aspirantar, gutar og jenter. I tillegg talde drillkorpset 22 jenter. Dirigent var Terje Eiken.
*
– Hjelp oss med drifta, Ulstein kommune. Vi har fine lokale og nok plass, bad Bjørn Overvåg i eit intervju med lokalavisa i mars 1980. Han hadde lagt ned eit stort arbeid mellom ungdommen i Ulstein, no fortalde han at dei sjølve ikkje makta å halde oppe aktiviteten i Ungdomssenteret på Saunes, i alle fall ikkje slik som ønskjeleg. Med ein ungdomsleiar i halv stilling ville dei kome langt, signaliserte Overvåg. Motorsenteret eller Ungdomssenteret som det no heitte, heldt til i ei sjøbu på Saunes, og Overvåg var ein av leiarane. Senteret hadde mange aktivitetar, mellom anna miniracingbane, bordtennis, og fotoklubben heldt til der, og målet var å aktivisere ungdom med positive tiltak i dei vanskelege pubertetsåra; eit alternativ til Haldeplassen i Ulsteinvik.
*
I samband med opninga av messa Ulsteindagane i april 1980 skipa blandakoret Con Moto til ein stor bygdekveld på samfunnshuset.
Ulsteindagane skulle bli eit årvisst arrangement. Arrangørane rekna med at kring 20.000 menneske var innom arrangementet i 1980. Det var Ulstein og Hareid Jaycees som var hovudarrangør for Ulsteindagane, det til då største arrangementet som nokon frivillig organisasjon hadde teke på seg i området. Tiltaket varte i ni dagar til ende.
Blandakoret Con Moto samla fullt Ulstein samfunnshus då koret arrangerte Gode gamle dagar i november 1982. Arrangementet var eit revyprega song-show og hausta stor applaus og mykje latter. Dirigent var Svein Eiksund og gjestedirigent Oddvar Eiksund – som hadde starta koret nokre år tidlegare.
Con Moto klarte det igjen, skreiv Vikebladet i november 1983. Koret som no var fem år, samla fullt Ulstein samfunnshus saman med Ulstein Storband. Vikebladet fortel om eit allsidig, variert og underhaldande program, med revyprega gjøgling, song og musikk, og publikum kvitterte med trampeklapp.
*
Hødd kjempa i sesongen 1980 for å halde plassen i 2. divisjon. Men uavgjort 3-3 mot Kristiansund midt i september tok frå laget alt håp om å klare seg. Hødd måtte ta den tunge vegen ned i 3. divisjon. Her ville laget møte det nyopprykte Hareid. Samtidig nådde Hødd-juniorane semifinalen i cupen, der laget tapte 2-1 for Brann. Sesongen 1980 var Hødd-farvel med legenda Kjetil Hasund som hadde halde det gåande heilt til no. Samtidig rykte Hasundgot opp til 6. divisjon og Haddal til 4. divisjon. Hødd hadde elles ei aktiv friidrettsgruppe og eit godt damehandballag. Laget starta også turngruppe i 1980. Vinteren 1982 hadde nokre av dei aktive vore på sitt første stemne. Gruppa hadde nærare ti medlemer, og trenar Randi Dimmen hadde fått fleire medhjelparar.
I juni 1981 spanderte Vikebladet ei heil side på publikumsoppgjeret mellom Hødd og Hareid på Høddvoll. Nærare 3000 tilskodarar skapte den ramma eit lokaloppgjer skal ha. Hødd hadde rykt ned frå 2. divisjon, og Hareid var ferske i 3. divisjon. Hødd hadde ambisjonar om direkte opprykk under sin nye trenar, Terje Skarsfjord, medan Hareid ville kjempe for å stå. Kampen enda 4-0 til gjestene frå Hareid, og det vart ein episode som dei mest innbitne Hødd-patriotane ville gå forbi i det stille. Men Hødd klarte opprykket til slutt.
I juli 1984 vart fire gutar frå Hødd noregsmeistrar i 4 gonger 400 meter stafett i friidrett for junior. Dei hadde to fjerdeplassar bak seg dei siste to åra, no var det tid for gull. Kvartetten Paul Georg Skogen, Stein-Arve Dyb, Frank Otto Meinseth og Torbjørn Måseide jr. stod for den sterke prestasjonen – som demonstrerte at friidrettsgruppa i Hødd dreiv godt.
Høddvollhuset vart opna offisielt i mai 1985 med ein innviingsfest for 100 gjester. Huset hadde kome opp på rekordtid takka vere iherdig innsats på mange plan, ikkje minst gjennom dugnad. Høddleiar Ola Christoffersen stod for den offisielle opninga og klipte snora.
Vinteren 1981 hadde folket i Dimna samla inn 600.000 kroner til Dimna grendehus, og dei ville samle inn meir. I tillegg hadde dei lovt dugnad på bygget – som skulle vere ein del av den nye skulen. No håpte dei på byggestart i løpet av året. Folket i krinsen hadde truga både med skule- og skattestreik.
I Eiksund skulle ungdommen endeleg få ein stad å vere i kjellaren på forsamlingshuset. Det var i 1971 at folket i krinsen byrja på murane til det nye huset for bygda. I jula 1975 kom huset i bruk for første gong. No i 1981 fekk ungdommane bruke kjellaren til ulike aktivitetar – med unntak av offentleg dans. Her var det plass til kring 100 personar, og då Vikebladet vitja bygda i februar dette året, var der også ungdommar frå Haddal, og ein av aktivitetane var skyting med luftgevær.
*
Dans var eit stadig tilbakevendande stridstema i tiåra opp mot 1980-talet. Det låg under at mange kopla dans til omgrepet synd. Så seint som i 1981 vart det ikkje automatisk opna for dans på elevkveldane ved Ulstein ungdomsskule. Saka måtte ha fleire rundar i skulestyret. Men i mars 1981 vart synspunktet til foreldrefleirtalet tunga på vektskåla: elevane skulle få danse. I alt 248 hadde røysta for dans, 88 imot – av dei som hadde sendt inn svar.
Vikebladet kunne i januar 1982 fortelje om ein imponerande dugnadsinnsats i Haddal. Klubbhuset til Haddal IL skulle også bli grendehus. Idrettslaget hadde 350 medlemer, og sidan laget vart starta i 1968, hadde dei fått Solsida stadion. No skulle huset bli bygdehus med rom for festlokale, barne- og ungdomsklubb og barneparkering, altså ein samlingsstad for små og store.
I samband med ei fotballturnering på Solsida stadion i Haddal i juli 1983 vart klubblokala i kjellaren tekne i bruk. Haddølingen, som lokalet vart heitande, var smakfullt innreidd og kom til å bli ein verdifull tilvekst i bygda. Her kunne haddalfolket ha alt frå matservering til diskotek. Bygda hadde gjort mykje dugnad på lokalet, og no starta Haddal IL ei aksjeteikning på bygget med 100 kroner per aksje. Det var Arnljot Myrene som var leiar i idrettslaget i 1983.
Våren 1982 var det klart at idrettsanlegget til Hasundgot IL skulle ligge nordvest for Kjerringneshaugane på Sundgot. Kommunen hadde kjøpt grunn på vegner av idrettslaget, og planen var at der skulle bli fotballbane og etter kvart klubbhus og parkeringsplass. På sørsida av vegen skulle det bli byggefelt. I mai 1983 var Hasundgot stadion klar til såing. I juni 1984 tok laget i bruk bana. Dei første som fekk bruke det nye grasteppet, var damelaget. Deretter skulle herrelaget møte Skodje. Bana vart vigd med ein storsiger. Hasundgot vann 5-0 over Skodje. Planlegginga av den nye bana tok til i 1978, og i 1982 starta Ulstein Betong arbeidet. Bygdefolket hadde lagt ned nærare 5000 dugnadstimar. Det vart vanleg i den lokale idretten at fleire og fleire lag fekk fotballag også for kvinner. Tidleg på 1980-talet ser vi til dømes at Haddal stiller damelag med 11 spelarar på bana.
Flø IL talde i alt fem grupper då dei summerte opp aktiviteten sin før jul i 1982: Fotball, friidrett, trim, bordtennis og ei turngruppe. No håpte laget på betre oppslutning, for det skulle mykje til å halde oppe aktiviteten i eit lite lag, ikkje minst økonomisk. Fotballaget hadde hamna midt på tabellen i 7. divisjon, ei avdeling med fleire nordmørslag – som gjorde reisene kostbare. Svenning Skeide var toppscorar med 49 mål. Under årsmøtet fekk tre spelarar statuett, Jan Kåre Flø for 105 kampar, Kjell Martin Flø med 108 og Svenning Skeide med 113 kampar. Eldar Stein Flø vart vald til leiar i laget.
Flø IL runda 10 år i november 1985. Den største aktiviteten det siste året var dugnaden på den nye gymnastikksalen i bygda. No kunne bygget også nyttast til festsal. Eldar Stein Flø hadde vore leiar for idrettslaget mesteparten av perioden.
Så var det Dimna IL, som runda 10 år i desember 1984. Det var Sigmund Dimmen som fekk idéen om å starte eit idrettslag i krinsen, og det kom til å spele ei viktig rolle i åra framover. No var medlemstalet dobla og hadde kome opp i 217. Etter at ny skule og grendehus kom på plass, hadde treningsforholda blitt gode, og økonomien i laget var fin.
*
Det var rekorddeltaking i seglasen Runde Rundt, som Ulstein Seilforening stod for i juni 1982. I alt 15 deltakarar stilte til start. Arrangementet vart etter kvart ein fast tradisjon i mange år. Ulstein Seilforening runda 10 år i november 1984. Foreininga hadde vunne ry som regatta-arrangør, men arbeidde òg med opplæring og rekruttering. I jubileumsåret fanst det over 60 seglbåtar i kommunen, og foreininga hadde 110 aktive medlemer. Leiar i 1984 var Jarle Osnes. Pokalen til bestemann samanlagt i den såkalla Onsdagsseglasen gjekk dette året til Torbjørn Måseide. Regattasjef var Harald Notøy. Begge har halde det gåande med sigling til denne tid.
*
Fritidsklubben i Ulsteinvik, som seinare skulle få namnet Hjalmar, hadde vore i drift i halvtanna år då lokalavisa laga ein reportasje i januar 1982. Klubben hadde 120 medlemer i alderen 10 år og oppover og heldt til i Ulstein dagheim og internat. Seinare skulle klubben bli flytta til kjellaren i Skollebakken barnehage då han vart bygd nokre år seinare. Hjalmar hadde auka både medlemstal og aktivitet då det oppstod ein diskusjon om nedlegging i 1983. Klubben hadde no 140 medlemer i alderen 10-15 år, og om lag 20 av desse hadde tilknyting til dagheimen. Målet var å aktivisere psykisk utviklingshemma i lag med andre born. Besøket per kveld var vel 50. Det enda med at klubben fekk halde fram.
Den 1. mai 1982 vart ein tradisjon som lenge hadde lege nede i området, teken opp igjen. No arrangerte Samorganisasjonen 1. mai-tog både i Ulsteinvik og Hareid. I Ulstein var det 1. mai-tog i regi av Fagleg 1. mai-front i 1977 og 1978. Før den tid hadde det ikkje vore tog sidan dei første etterkrigsåra. På sikt ebba idéen om tog ut igjen, sjølv om det vart halde førstemai-arrangement i mange år framover. Toget i Ulsteinvik samla vel 100 deltakarar i 1982.
*
Ei heil veke i september 1984 markerte Ulstein bibliotek 150-årsjubileum med mellom anna besøk av forfattarane Anne Cath. Vestly og Knut Hauge, utstilling av bøker, teater og to festar på sjølve jubileumsdagen 18. september. Bibliotekleiar var Paula Urke. Asbjørn Waage skreiv eit samandrag av historia til biblioteket til jubileet.
Ulstein mannskor heldt det gåande. I starten av november 1984 samlast kor og publikum seg til 100-års jubileumsfest. Robert Skeide var dirigent, ei rolle han hadde hatt sidan 1975, og no talde koret 29 songarar. Mannskoret vart skipa 4. november 1884. Det var Ulfstens Ynglingeforening, skipa i 1882, som starta koret. Den første dirigenten var legendariske Rasofiel Rise frå Hareid. Koret hadde særleg dei siste tiåra vore med på mange songarstemne, ikkje minst i perioden etter siste krig. Koret hadde også vitja Pargas i Finland, vennskapskommunen til Ulstein. Dirigent Robert Skeide ivra hausten 1985 for eitt mannskor for både Ulstein og Hareid. Det var tendensar til krise for den tradisjonsrike mannskorsongen på øya. Hareid mannskor var lagt ned, det same var Hasund mannskor. Og det var vanskeleg for Ulstein mannskor å halde aktiviteten oppe. Koret hadde berre 15-16 medlemer. No fridde Ulstein mannskor til songarar i Hareid om danning av eit felleskor, og slik vart det. Etter kvart fekk koret igjen namnet Ulstein mannskor som held det gåande den dag i dag.
Ulstein og Hareid Fellesorkester jubilerte i november 1984; 30 år var lagt tilbake. Orkesteret hadde heile 12 medlemer under 20 år og var no eit fellestiltak for Ulstein, Hareid og Herøy. Orkesteret skulle markere 30-årsjubileet med kyrkjekonsertar i dei tre kommunane saman med Con Moto og solistane Randulf Saunes og Arnhild Nørvåg. Bård Larsen dirigerte orkesteret i 23 år, deretter Oddvar Eiksund – og dei siste to og eit halvt åra Robert Skeide.
Ulstein kunstlag også jubilerte. Hausten 1984 markerte laget 40 år med fest og utstilling. Laget var mellom dei første kunstlaga på Sunnmøre då det vart stifta i januar 1944. Kunstlaget hadde arrangert ei rekke utstillingar med kjende og mindre kjende kunstnarar opp gjennom åra. Og i mai 1984 inviterte laget publikum til utstilling i eigne, nye lokale. Det vil seie at dei hadde pussa opp og leigt eit rom i Bjørndals Minne som dei skulle disponere mellombels. Laget hadde bak seg eit godt år, og leiar no var Dagfinn Olav Bye.