Det steig no til overflata eit stadig sterkare ønske om at Ulstein måtte skaffe seg eit samfunnshus med mellom anna høve til kino. Heilt sidan Hareid starta kino på Trudvang rett før krigen, hadde filminteresserte ulsteiningar drege over Eidet. No meinte fleire at tida var inne for å starte arbeidet med eit eige lokale. Ein av dei som engasjerte seg i debatten, var den unge Idar Lars Ulstein.
Ein annan var Magne Botnen: – Alle bygder som er i utvikling, treng store samlingshus etter kvart. Slik er det med Ulstein òg. Folketalet aukar, og kravet til større og meir moderne hus med høveleg utstyr trengst, ein plass for teaterkunst, konsertar, utstillingar og kinodrift. Ved store høgtider ser vi at husa blir for små. Elles treng idretten og andre humanitære organisasjonar treningslokale, turnsal og klubbrom, skreiv Botnen i eit innlegg i Vikebladet i 1955.
I 1957 vart det skipa eit lutlag med tanke på å realisere Ulstein samfunnshus og med Thomas Strandabø som styreleiar. I 1958 var styret i ferd med å få kostnadsrekna bygget, og samtidig skreiv dei kontrakt med Ulstein Gravemaskin om utgraving og pukking av tomta og utgraving av veg. Huset var kostnadsrekna til nær ein halv million kroner. Mot slutten av dette året var huset finansiert; eit forsikringsselskap og to bankar hadde gitt tilsegn om byggjelån, og kommunen ville garantere for ein del av låna. Den 12. november 1960 var det opningsfest for samfunnshuset. På programmet stod mellom anna Musikklaget Ulf, gutemusikken, Ulstein mannskor, festtale ved Reinhard Høydal, folkeviseleik og musikk ved duoen Gjerde og Rasmussen. Huset hadde no skaffa seg 450 stolar, men ville ved dette høve syte for plass til 550.
Lokalhistorikar Guri Alme kallar reisinga av samfunnshuset og det folkelege engasjementet for eit paradigmeskifte i Ulstein. Guri har skrive om prosessen i årsskriftet Levd liv 2019. Dette kjem vi attende til i kapittelet om 1960-åra.