Soknerådet hadde i lang tid arbeidd med å skifte ut orgelet som etter kvart hadde vorte lite tenleg. Dei sette ned ei nemnd som etter kvart ville kjøpe eit brukt orgel som hadde vore nytta av den tyske kyrkjelyden i Oslo. På denne tida var det fleire års leveringstid på nytt orgel, og nemnda vende seg til to kjende organistar i Oslo, som begge hadde nytta orgelet. Dei meinte det var eit høveleg orgel til ei kyrkje med om lag 400 sitjeplassar. Prisen var 36.000 kroner, og det meinte dei var rimeleg for eit så stort instrument. Organist i Ulstein, Hallbjørg Hop, reiste så til Oslo saman med orgelbyggjar H. Ivers og organist Sigvart Fotland for å gjere seg kjend med instrumentet saman med sakkunnige (Waage 1978).
Hallbjørg Hop (1912-2006) var dotter av den første organisten i Ulstein, Severin Hop. Alt i tenåra vikarierte ho av og til for faren. Men 25 år gammal tok ho til på Musikkonservatoriet, og om lag 20 år seinare fullførte ho organisteksamen ved same institusjon. Men alt i 1937 vart ho tilsett som organist i Ulstein, ei stilling ho hadde i 41 år, heilt til 1979.
Det nye orgelet vart sett opp i kyrkja sommaren 1952, og prøvespelt av organist Solem. Søndag 20. juni heldt sokneprest Nilsen kveldsgudsteneste og vigsla orgelet. Songaren Randulf Saunes heldt konsert saman med organist Solem.
I 1953 vart det utført eit reparasjons- og målararbeid i taket på kyrkja, eit arbeid som har spor etter seg den dag i dag. Den gongen var der vedomnar i kvart sitt hjørne på skipet, ein framme på austveggen, ein diagonalt bak på vestveggen rett framfor galleriet, og med tilhøyrande skorsteinar. Fyring over lang tid hadde påverka stria slik at det hadde skapt sprekker og øydeleggingar i måleria rundt skorsteinane. Då dei sette i gang arbeidet med å reparere taket, måtte dei måle opp att dei to kristusandleta over kvar sin omn. Målar Kåre O. Flø utførte arbeidet, mesteparten åleine, og i dag kan vi sjå at dei to englane er litt annleis enn dei andre; det gjeld spesielt fargane som er litt lysare eller blassare. Kåre var ein dyktig målar, men ikkje utdanna kunstnar, fortel Oddbjørn Flø, nevø av Kåre. Han meiner det i 1953, rett etter krigen, ikkje var så enkelt å blande fargane akkurat slik Johan Haddal hadde gjort då han smykka ut kyrkja tidleg på 1900-talet.
Under krigen la alle dei kristelege organisasjonane i Ulstein ned arbeidet i ein periode, og heldt i staden fellesmøte. I 1956 tok dei opp att denne tanken. Utover sommaren og tidleg på hausten stod dei saman om førebuande bønne- og samtalemøte. Så inviterte dei Arthur Birkeland frå Indremisjonen til å halde ein møteserie, og då kom vekkinga dei hadde lengta etter, fortel Kristen Ulstein (1983).
I slutten av juni 1957 vart Sverre Nilsen utnemnd til sokneprest i Markus kyrkjelyd i Bergen. Då hadde han vore sokneprest i Ulstein i 18 år. John G. Bjørlykke vart utnemnd til ny sokneprest. Bjørlykke var frå Gursken og hadde vore sokneprest i Fitjar i snart 20 år. Pastor Eivind Taranrød styrte kallet til den nye presten var på plass. Søndag 20. april 1958 vart John G. Bjørlykke innsett.
I 1958 måla dei kyrkja utvendig og la planar for utviding av sakristiet i ei lengd på 3,5 meter. Planen vart gjennomført i 1961 etter at Riksantikvaren hadde gått med på at sakristiet fekk same lengd som kortilbygget. Dei fekk også høve til å ta bort dei to søylene som markerte kordøra i kyrkja. I julehelga 1959 vart kyrkja sett under flomlys utvendig, etter forslag frå Ulstein kr. Ungdomslag. Dette har blitt tradisjon.
Soknerådet ville auke kyrkjesøknaden og søkte kommunestyret om stønad til å setje opp kyrkjebuss frå Haddal, Flø og Dimna dei søndagane det var preike. Ordninga kom i gang i 1960 – til stor nytte for utkantane.
*
Etter kvart hadde det blitt vanleg å halde minnehøgtid i kyrkja ved gravferder. Soknerådet tinga då ein katafalk med teppe til å setje kista på. Antonie (Tona) Hatlø gjorde sy- og broderingsarbeidet. Konrad Simonnes gav samtidig to sjuarma lysestakar i smijern til kyrkja. Ei innsamling mellom bygdefolket gav også høve til å kjøpe inn ein trearma lysestake og to blomstervasar i sølv til alteret (Waage 1978).
I 1959 var det klart at det ville bli reist to samlingshus, eller bedehus, på Ulstein. Først hadde folket i skulekrinsen Ulstein og Skeide blitt samde om å reise eit slikt hus, innsamlinga av pengar var sett i gang nokre år tidlegare, og dei hadde kjøpt tomt til huset på eigedomen til Johannes H. Dimmen, inste garden på Ulstein. Det nye huset skulle nytte lovene til Fredheim for bruken av lokala. Dette siste var ikkje ein fraksjon på Ulstein nøgde med. Dei gjekk difor i gang med sitt eige prosjekt, eit bedehus i tradisjonell stil. Tomta låg på eigedomen til Knut S. Ulstein like nedanfor folkeskulen.
Forsamlingshuset vart etter stor dugnadsinnsats for folket på Skeide og Ulstein teke i bruk 28. desember 1959 då det var julefestar både for born og vaksne. Søndag 21. august 1960 vart Ulstein bedehus vigsla.