Ein etter ein kom ulsteiningar som hadde vore ute under krigen, heim utover sommaren og hausten 1945. Men nokre hadde ofra livet, og det vart nokså raskt sett i gang ein diskusjon om å reise eit minnesmerke over dei falne.

Den 7. juni 1945, den dagen kong Haakon kom heim frå England, samla festen fullt hus på Fredheim. Lokalet vart prydd med flagg, bjørk, blomar og bilete av kongefamilien. Skulestyrar Hop talte om 7. juni-datoen, pastor Ødegard om fedrelandet og pastor Myklebust om flagget. Brødrekoret med Randulf Saunes som solist song med tonefølgje av Hallbjørg Hop, fortalde lokalavisa.

I oktober blir det arrangert fleire fredsmarsjar, både i Ulsteinvik og i krinsane. Marsjen i sentrum samla kring 500 deltakarar. Og utover i 1947-48 arbeidde soknerådet med å få reise ein minnestein over dei frå Ulstein som fall under krigen. IL Hødd viser tenner på fotballbana, men er ikkje overlegne lokalt, slik dei skulle bli 20 år seinare. I 1947 taper laget 6-3 mot Hareid på Høddvoll, rett nok med tre-fire av dei faste ute.