Før vi går vidare, må vi sjå på eit fenomen som er med på å kaste lys over samfunnsforholda i Ulstein: Utvandringa til Amerika er eit dramatisk innslag i norsk historie. I tidsrommet 1836-1915 utvandra det over 750.000 nordmenn; nesten like mange som det budde i landet ved inngangen til 1800-talet. Ikkje noko anna nordisk land hadde så stor utvandring i høve til folketalet. I Europa hadde berre Irland fleire.
I 1862 opna Homestead-lova for fri eigedomsrett til jord, og USA stod fram som det lova landet. Alle som ville busetje seg og drive jordbruk, fekk 650 mål til odel og eige. Så slutta borgarkrigen i 1865, og masseinnvandringa kunne starte for alvor. I Noreg kom den første store utvandringsbølgja i kriseåra 1866-73. Då reiste 111.000 nordmenn av garde. Den neste store bølgja slo til i åra 1880-93 med over 250.000 utvandrarar. Det var nesten like mange som talet på innbyggjarar i norske byar i 1865. Den siste store straumen går mellom 1900 og 1910 då 200.000 dreg sin veg. Vi kan også ta med ei fjerde bølgje, frå 1923 til 1929, det året då krisa råka Amerika med full tyngd. I den siste perioden var det likevel ei tilbakeflytting, ei slags moderne langpendling (Jostein Nerbøvik, Norsk historie 1860-1914).
Frå Ulstein reiste det 316 personar, mennene i stort fleirtal, 225 mot 67 kvinner og 24 born. Utvandrarane kom frå mange gardar. I boka Ulstein og Hareid i Amerika set forfattarane Knut J. Hasund og Asbjørn Waage eit merke ved årstalet 1851. Då reiste Magnus Rise over saman med huslyden sin. Likevel var det ikkje før kring 1880 at det kom fart i utvandringa frå våre bygder. Utferdstrongen som så mange vart gripne av, kalla dei amerikafeber. På Hareidlandet vart folk først og fremst rivne med av den andre bølgja. Ho tok til nokså umerkeleg i 1880, men steig for kvart år. Folk vart dregne med litt etter kvart, slik at den lokale bølgja rakk heilt til 1910 – med etterdønningar fram til 1913. Første verdskrig sette ein mellombels stoppar, men så starta ei siste bølgje då krigen var over. Ho stoppa ikkje før depresjonen i 1929. I desse 50 åra reiste 442 personar frå Ulstein og Hareid. Reknar vi med at folketalet for dei to bygdene i snitt låg kring 3.700 i perioden, utgjorde utvandringa 12 prosent. Det er verdt å merke seg at 75 prosent av mennene som reiste, var 25 år eller yngre. Det var altså unge menn som stod framfor val av yrke; ungdom med livsmot og tiltakslyst. Sjølvsagt kunne draumen om eventyr og spenning vere noko av drivkrafta, slik det hadde vore for mange unge øybuarar som valde sjøen som yrke.
Gjennomsnittsalderen på dei kvinnene som reiste, var noko høgare. Det kom gjerne av at gutane reiste først. Når dei hadde etablert seg, sende dei bod på jenta si, eller kom heim ein snartur for å hente henne med seg. Andre jenter kunne slå følgje. Det var god bruk for tenestejenter på farmane i Midtvesten. Frå Ulstein reiste det flest enkeltpersonar og berre få huslydar, medan det reiste heile åtte huslydar frå Hareid (Hasund og Waage 1986).