Spanskesykja var ein pandemi som herja bygdene i eit års tid. Men på det jamne tok tuberkulosen fleire liv og førte vanlagnad med seg i mange heimar. I 1900 kom det ei eiga tuberkuloselov som kravde at alle legar rapporterte inn sjukdomstilfella. I 1910 melde distriktslegen at lungetuberkulose syntest å auke i Ytre Herøy og til dels i Sande, men elles såg ut til å vere i tilbakegang.

Men frå skuleprotokollen som Johan Bjørndal førte, står det at lærarane heldt foredrag om tuberkulose for dei eldste borna. I ein parentes legg sonen Magnulv Bjørndal til at det var nettopp på denne tida at tuberkulosen tok til å herje som ei sott i regionen. Så dette gjekk nok litt i bølgjer. Og kunnskap var nødvendig. Folk visste ikkje kva tæring kom frå. Dei såg berre at sjukdomen tok det eine livet etter det andre og visste lite eller ingen ting om dropesmitte. Vassbøtta stod gjerne på kjøkkenet med ausa i, og den som var tørst, tok seg ein slurk. Folk åt kanskje av same skeia. Spyttebakken var eit fast inventar både hos handelmannen og i mange heimar, strategisk plassert for å ta imot ein dose spytt og skrå.

Tuberkulosen er årsaka av ein bakterie som kan angripe kva som helst del av kroppen, men råkar som oftast lungene. Ved inngangen til 1900-talet tok sjukdomen livet av 6-7000 nordmenn kvart år. På dei 60 åra frå 1895 til 1955 kosta sjukdomen om lag 250.000 nordmenn livet. I Vestre Sunnmøre legedistrikt, som Ulstein høyrde til, døydde det 195 personar i 1910, 20 av desse av lungetuberkulose. Unge menn som vart råka av sjukdom, måtte ofte velje yrke som ikkje var for krevjande fysisk. Derfor høyrer vi om til dømes både skomakarar og fotografar som ikkje kunne velje sjøen eller jorda fordi dei hadde vanskar med helsa.

Før dei klarte å utvikle effektiv medisin mot tuberkulosen, gjekk behandlinga stort sett ut på opphald på sanatorium. I mellomkrigstida var ungdom i alderen 15 til 20 år mest utsett for smitte. Men ingen kunne vere sikre på å gå klar. Verst var det om ei småbarnsmor vart sjuk. Då var det nødvendig å halde borna borte frå mora for å prøve å hindre at dei vart smitta. Sanitetslaga i Ulstein støtta menneske som hadde blitt råka av sjukdom, og som trong hjelp økonomisk.

Det var ei viktig oppgåve for sanitetsforeiningane å spreie kunnskap om smittefare av tuberkulose og andre folkesjukdomar. Lærarane fekk opplysningsmateriell, og på alle offentlege kontor vart det hengt opp plakatar om å ikkje spytte på golvet eller hoste mot nokon. I 1928 fekk saniteten i Ulstein ei oppmoding frå sokneprest Otto Holmås om å arbeide for å få særkalkar til kyrkja, altså nattverdbeger til kvar enkelt deltakar. Den gamle alterkalken som hadde vorte nytta til altergang i fleire hundre år, kunne vere ei farleg smittekjelde. I 1931 kunne saniteten overlevere 31 særkalkar til Ulstein kyrkje.

Kva sa dei frå preikestolar og i bedehus når ulykkene ramma denne tida? Dette kunne nok vere litt forskjellig. Ludvik N. Holstad streifar spørsmålet: – Ein gong høyrde eg ein lekpredikant nemne tæringa som ein velsigna sjukdom for ungdomen. Dei får så godt høve og så god tid til å tenkje seg om. Eg veit ikkje om mannen hadde misst nokon av sine eigne i denne sjukdomen, slik at han tala av røynsle. Men eg veit i alle fall ein ting, eg har sett vonløysa i unge andlet når dei fekk domen sin. Eg har sett unge augo breste i døden, nett i den alderen då livet er det kjæraste av alt. Eg velsignar ikkje, nei, eg bannar tæringa. Umåteleg takksam er eg for alle landevinningane mot denne folkepesten.